Mammapanelet besto av 7 mammaer som har vore avhengige av rusmiddel eller vanedannande medikament. Dei hadde nokre erfaringar dei ville formidle til tilsette i oppfølgingstenestene.
Tillit
Dei hadde alle erfaringar med hjelparar som dei mista tilliten til fordi dei kjende seg stigmatisert. Fleire har vonde opplevingar med menneske dei har møtt, og kjenner seg sårbare for nye krenkingar. Mammaene fortalde også om hjelparar som viste omsorg, lytta og vart viktige støttepersonar for dei. Mammapanelet oppmoda alle i oppfølgingstenestene om å bli kjend med personen bak rusmisbruket, tenke gjennom eigne haldningar og kva ord ein nyttar. - Utfordringane skal sjølvsagt journalførast, men skriv også det vi er god på, det vi meistrar!
Informasjon
Mammapanelet var opptatt av at hjelpetenestene må bli flinkare til å gi informasjon. Ei ung mamma fortalde at ho ikkje visste at alkohol er det farlegaste rusmiddelet for barnet i magen. Tilpassa og ærleg informasjon er viktig for å vere førebudd på mammarolla. Korleis kan rusmiddel påverke barnet i magen? Kva vert forventa under svangerskapet? Kva slags utfordringar kan oppstå etter fødsel? Kva inneber eit samtykke til samarbeid? Kva betyr ei oppfølging? Kva er ein koordinator? Mykje av dette er heilt sjølvsagt for hjelparane, men ikkje rekne med at det er kjende begrep for alle andre.
Den gravide si eiga historie
Ei anna oppmoding frå mammapanelet var å etterspørje den gravide si eiga historie, og vurdere korleis oppveksten kan påverke tilknytinga og samspelet med barnet. Vonde opplevingar kan bli forsterka under graviditeten og når ein får barn. Enkelte bør difor få tilbod om samtalar med psykolog for å arbeide med det vonde.
Til slutt meinte mammapanelet at oppfølginga bør vere langsiktig. Utfordringar kan oppstå raskt. Det er viktig å halde kontakten sjølv når ting ser greitt ut.
(Mammapanelet si rolle var å vere talerør for mammaene. Vi gjer merksam på at pappaene vil vere inkludert i pakkeforløpet Gravide og rusmidlar. Forventa periode for implementere: hausten 2018).