Legane ved laboratoriet vil også kunne gi best råd for vidare oppfølging av pasienten dersom vi kjenner nokre enkle fakta om pasient/sjukehistorie.
Skriv gjerne opplysningane i stikkordsform på rekvisisjonen. Husk å oppgi lokalisasjon.
Vi ønsker å vite:
- Har pasienten kronisk sjukdom som gjer han utsett for infeksjonar?
- Kva er symptoma?
- Kor lenge har symptoma vart?
- Har det blitt gitt behandling for infeksjonen før eller etter prøvetaking?
- Kva behandling er gitt?
- Tidlegare funn av resistente mikrobar?
Eksempel på kliniske opplysningar
Prøve frå sår
Diabetes. Kronisk sår på hø.stortå. Forverring siste veke med raudleg skin/puss. Afebril. Prøve tatt ved revisjon. Startar behandling med trim-sulfa.
Prøve frå luftvegar
KOLS. Hoste med ekspektorat i 1.5 veke. Tp 39.5. RR 25. Starta apocillin 660mg x 3 for 4 dager sidan - inga betring.
Urinprøve
Residiverande UVI. 5 dagar - hyppig vasslating, smerter over blære. Ikkje bankeøm over nyrelosjer. Tp 39,8. Oppstart mecillinam for 3 dagar sidan – inga betring. Tidlegare påvist ESBL.
Avdeling for medisinsk mikrobiologi HMR, juni 2016.