Temabilde, nyre, avdeling for patologi.

Patologi

Patologi er læra om sjuklege endringar i kroppen. I det ligg læra om sjukdommens årsak, utvikling og verknad på funksjonar (fysiologi) og struktur (anatomi). Avdelinga utfører diagnostikk av sjukdommar ved analyse av celle- og vevsprøver. Ein stor del av arbeidet er kreftdiagnostikk. Makroskopisk og mikroskopisk vurdering av prøvemateriale gir saman med kliniske opplysningar grunnlag for ein diagnose.

 

Avdelingssjef er Bjørn Westre.

Det er ingen vaktberedskap ved avdeling for patologi.

Om oss

Avdeling for patologi, seksjon Ålesund
Avdeling for patologi, seksjon Molde

Brukarhandbok

Laboratoriehandbok for Ålesund

Prosedyrehandbok for Molde. (EQS public)

Svartider patologi

Prøvesvar blir sendt til rekvirerande lege. Vi opplyser ikkje prøvesvar direkte til pasienten.
Vi ber deg om å ta kontakt med primærlegen din, då det er primærlegen som har ansvar for vidare oppfølging.

Gjennomsnittleg svartid er ei til halvanna veke.
Om det skal utførast spesialundersøkingar kan svartida blir noko lengre.

Foreløpig prøvesvar

Foreløpig prøvesvar kan bli gitt dersom prøvematerialet blir sendt til konsultasjon ved anna sjukehus, eller mens ein ventar på spesialundersøkingar.

For obduksjon kan foreløpig prøvesvar bli gitt per telefon innan cirka tre dagar. Endeleg svarrapport kan ein forvente innan tre månader.

Hasteprøve

Hasteprøve må merkast på remissen av rekvirenten. 
Eit hastesvar kan vere klart neste arbeidsdag, om materialet er tilstrekkeleg fiksert og levert laboratoriet innan klokka 15:15 dagen før.

Telefonsvar blir gitt på hasteprøver dersom telefonnummeret er oppgitt på remissen eller når behandling av pasient må skje straks.

Prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar

Bestill prøvetakingsutsyr og rekvisisjonar

Cytologi og HPV-test

Ved cytologisk diagnostikk analyserer vi prøver med celler frå pasienten. Dei er hausta anten ved å skrape på ei slimhinne med spatel/børste, sugd ut med ei tynn nål eller samla opp i vevsvæske. Prøvematerialet blir vurdert mikroskopisk med omsyn til celleforandringar. Dei fleste cytologiske prøvene kjem frå livmorhals, urin, bryst, thyroidea, pleura og ascites.

Celleprøver tatt frå livmorhalsen er organisert i regi av kreftregisteret og Masseundersøking mot livmorhalskreft. Vi utfører også testing på HPV-virus, då enkelte undergrupper av dette viruset er årsak til utvikling av livmorhalskreft. Analysen blir gjort etter tilråding frå patolog og etter gjeldande retningslinjer frå Kreftregisteret.

Undersøkingar

Avdelinga utfører rutinefarging og ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen.
Vi nyttar så vel cytokjemiske teknikkar som immunologiske og genetiske teknikkar.

HPV-test

HPV- test blir utført på bakgrunn av cytologiske funn (ASCUS og LSIL) og i aldersgruppa 25-69 år. Metoden som vi bruker er ein DNA-test, som kan påvise opptil 14 ulike høgrisikotypar HPV. Testen er godkjent etter retningslinjer frå kreftregisteret.

Resultatet av HPV- test blir gitt saman med svar på celleprøve tatt frå cervix.

HPV-reflekstesting: Nye retningslinjer frå kreftregisteret gjeldande frå 1. juli 2014. HPV-test kan utførast umiddelbart på væskebasert materiale frå cervix, når ein finn usikre celleforandringar (ASCUS) eller virusforandringar (LSIL).

Lenke til kreftregisteret sin kvalitetsmanual.

Informasjon til rekvirenten

Rekvisisjonen må fyllast ut med svart tusj eller kraftig svart blekk på skrivaren.
Hugs relevante kliniske opplysningar.

Histologi

Dei histologiske prøvene (biopsiane) er små eller store vevsbitar. Det kan også vere heile organ som blir fjerna ved mistanke om sjukdom i vevet.
Prøvematerialet blir etter fiksering, nøyaktig makroskopisk vurdering og kjemisk preparering skore i tynne snitt og lagt på objektglas. Vevet blir farga med ulike fargestoff, slik at struktur og enkeltceller kan bli studerte i mikroskop.
Ein diagnose blir stilt på bakgrunn av kliniske opplysningar og nøyaktig makroskopisk og mikroskopisk vurdering. 

Frysesnitt på vev frå pasientar blir utført mens operasjonen er i gang. Dette tilbodet er til stor hjelp for kirurgen, fordi vi får ein foreløpig diagnose under operasjonen.

Informasjon til rekvirenten

Fiksering av vev skjer som regel i fire prosent bufra formaldehyd (det same som ti prosent bufra formalin). Bruk rikeleg mengde fikseringsvæske og stort nok prøveglas slik at væska omsluttar vevet heilt.

Rekvisisjonen må fyllast ut med svart tusj eller kraftig blekk på skrivaren.
Hugs relevante kliniske opplysningar.

Undersøkingar

Avdelinga utfører rutinefarging  og ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen.
Vi nyttar så vel histologiske teknikkar som immunologiske og gentekniske teknikkar.

Obduksjon

Ved obduksjon (autopsi) blir den døde undersøkt. Etter grundig gjennomgang av kliniske opplysningar og mikroskopisk vurdering av vev frå ulike organ ønsker ein å fastslå dødsårsaka, kva sjukdommar avdøde leid av, sjukdommane sin verknad på avdøde si helse og vurdere effekt av eventuell behandling.
Obduksjonar er ei viktig kvalitetssikring av helsevesenets diagnostikk og behandling. Ein kan av og til avdekke feilbehandling og sjukdommar ein ikkje visste at pasienten leid av. Obduksjon er også viktig for nasjonale statistikkar over dødsårsaker.
Obduksjonar blir rekvirert av lege. Svar på obduksjonen får ein ved å kontakte legen.

Rettslege obduksjonar rekvirerast av politiet i samband med ”unaturlege dødsfall”. Obduksjonane dannar ofte eit viktig grunnlag for tiltalen i straffesaker. For å få svar på rettsleg obduksjon kontaktar ein politiet.

Immunhistokjemi

Ved immunhistokjemiske teknikkar nyttar ein kjende antistoff til å gjere immunologiske undersøkingar av ulike celle- og vevskomponentar.
Denne typen analysar nyttast i stor skala og blir stadig viktigare ettersom nye behandlingsmåtar kjem til, og krav til dokumentasjon aukar.

Molekylærpatologi

Spesialundersøkinga er av typen in situ hybridisering og vert mellom anna utført med tanke på HER 2-status. Om HER 2-genet blir påvist er dette avgjerande for den vidare behandlinga av pasienten.

Spesialfargingar

Patolog bestiller ulike spesialfargingar ved behov.

Frysesnitt

Ved behov nyttast frysesnitt. Diagnostikk skjer då under operasjon og kirurg får informasjon som avgjer kor omfattande operasjonen skal vere, og ein kan unngå nytt inngrep.

Kontaktinformasjon

Avdeling for patologi, seksjon Ålesund.
Avdeling for patologi, seksjon Molde.

Lenker

Den norske legeforening
Kreftregisteret
Nito
Oncolex
Patologiforeningen
Nordiqc
Forskrift om obduksjon
Forskrift om dekning av utgifter til båretransport i Norge
Handtering av aborterte fostre etter 12. svangerskapsveke
Væskebasert cytologi - prøvetakingsvideo
Væske
Reservasjon og samtykke
Behandling/oppfølging av kreft/forstadier i cervix

Bioposten