HELSENORGE
Utdanning og kompetanse

Engasjerende og samlande dagar for simulering i Helse Møre og Romsdal

VirtSim-teamet inviterte alle med interesse for simulering til fagseminar 29. og 30. mars. Målet med arrangementet var å skape interesse for simulering og styrke kompetansen. Programmet starta med innføring i kva simulering er og endte opp med framtida og innlegg om VR.   

For betre helsetenester og auka pasientsikkerheit  

VirtSim er namnet på felles simuleringseining i Helse Møre og Romsdal og det er Elisabeth Forberg som er teamkoordinator. Dei faste VirtSim koordinatorane er Bodil Helle ved Volda sjukehus, Trine Larsen ved Ålesund sjukehus, Bjørn Ove Hagset ved Molde sjukehus, og Stine Sagli ved Kristiansund sjukehus.  

 
 -Simulering er ein engasjerande opplæringsmetode som kan nyttast til kompetanseheving i HMR. Ved å øve på denne måten vil vi oppnå auka pasienttryggleik og dette fører også med seg positive verknader; som auka arbeidsglede og auka fagleg engasjement, seier Elisabeth Forberg. Det er kjekt at vi kan samle fagmiljøet både frå kommune, universitet og høgskuler.  

 
Elisabeth og Guro

Elisabeth og Guro leia seminaret og losa deltakarane gjennom programmet.

Utdanningssjef Guro Berge innleia seminaret med å gje deltakarane eit innsyn i Helse Møre og Romsdal si satsing på simulering og tilhøyrarane fekk både historikk og framtidsperspektiv.  

 -Det var svært spanande å få innblikk i det varierte simuleringsarbeidet i føretaket, og vi håpar at Kick-off for SimNettverket gir auka simuleringsaktivitet på sjukehusa og mellom sjukehusa, seier Berge. 

- Det er mange gode krefter i simuleringsmiljøet, vi vil takke alle som deltok på seminaret. Det var mange gode spørsmål og vi opplevde stort engasjement. Det å kunne gjennomføre dette seminaret og treffe kollegar frå dei ulike sjukehusa styrkar simuleringsmiljøet og aukar tilsette si moglegheit til å jobbe tettare saman, seier Elisabeth Forberg. 


Hva er simulering?

Føredragshaldarar: Hva er simulering? Regionalt ansvar, InterRegSim v. førsteamanuensis Stine Gundrosen, MedisinskSimulatorSenter St. Olavs. Simuleringssamarbeid med Høgskolen i Molde, Høgskolelektor og anestesisykepleier Tove Myrvang Simuleringssamarbeid med NTNU i Ålesund, førsteamanuensis, AIO- studieprogramleder Inger Hilde Hagen VR, Applikasjoner: ABCDE, ISBAR, NEWS: Helen Berg Førsteamanuensis ved Institutt for helsevitenskap i Ålesund (IHA) NTNU


 
teamarbeid i helsetenesten

Professor Sissel Eikeland Husebø og førsteamanuensis Randi Ballangrud presenterte utdrag frå boka si Teamarbeid i helsetjenesten

Erfaringar med simulering frå sjukehusa i HMR

Erfaringar med simulering frå sjukehusa i HMR. Innlegg frå tilsette som jobbar med simulering i Helse Møre og Romsdal

Positive tilbakemeldingar
Fleire av deltakarane la vekt på at det var inspirerande og motiverande å delta på seminaret.  Deltakarane fekk mellom anna teste simuleringsutstyr og VR-briller 
Fra venstre: Johnny Sanda

Fra venstre: Johnny Sandaker, SimInnlandet, senter for simulering og innovasjon, divisjon psykisk helsever:n Erfaringer fra arbeid med å legge til rett for VR. Mange deltakarar nytta høvet til å teste VR-briller.

Frank Strietzel (bildet over i midten) er intensivsjukepleiar ved Kristiansund sjukehus. 
-Det var kjekt å møte kollegaer og dele erfaringer, høre korleis andre jobber og korleis ein løyser ulike utfordringar. Han prøvde VR for første gong, og er klart at det har ein del fordelar å øve på denne måten. 

Collage publi.jpg

Ca 80 deltakarar var med på seminaret som var finansiert av Regionale pasientsikkerhetsmidlar frå Helse Midt-Norge

Alle deltakarane fekk høve til å teste utstyr

Alle deltakarane fekk høve til å teste medisinsk simuleringststyr

Ann Kristin Halse og Ragnhild Korshamn (på biletet) synes det var viktig å delta på eit seminar med heilt og fullt fokus på simulering. Dei satt begge pris på å få teoretisk kunnskap som understøttar og gjev ei djupare forståring av kva simulering er. 
-Vi tek begge med oss nye metodar og erfaringar inn i jobbkvardagen som intensivsjukepleiarar ved Ålesund sjukehus og ser fram til å teste VR-briller i komibinasjon med simulering ​etterkvart. 

 
Fullstendig program for seminar finn du her