Akutt- og mottaksmedisin er ein ny spesialitet i Noreg og vi ynskjer å tilby utdanning i denne spesialiteten i vårt foretak. Vi har akuttmottak ved alle sjukehusa våre, men det største akuttmottaket er i Ålesund. Difor vil vi i første omgang tilby utdanning i akutt- og mottaksmedisin ved Ålesund sjukehus.
Utanfor akuttmottaket i Ålesund.
Spesialiteten er ein indremedisinsk spesialitet og vil høyre til den medisinske avdelinga i Ålesund, som er ein del av Klinikk for medisin og rehabilitering. For læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket, treng du teneste ved eit universitetssjukehus.
Spesialisering i akutt- og mottaksmedisin ved Ålesund sjukehus
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.