Spesialisering i akutt- og mottaksmedisin ved Ålesund sjukehus

Om medisinsk avdeling i Ålesund

Vår avdeling er ei fullseksjonert avdeling med alle dei indremedisinske spesialitetane som eigne seksjonar og den største indremedisinske avdelinga i fylket. Med dette dekker vi eit nedslagsfelt på om lag 100 000, men for nokre fagfelt dekker større område frå 150 000 til 260 000 innbyggjarar. Avdelinga har 72 senger og til saman. Vi fungerer som ei felles avdeling med felles morgonmøter, internundervisning og vaktordning. Det er ingen seksjonerte vakter hos oss og alle deltek i den generelle indremedisinske vaktordninga, men vi har ei beredskapsordning for dei ulike spesialitetane. Ved avdelinga er vi 25 overlegar og 15 LIS-legar.

LIS-legane går i 14-delt vaktordning med vaktdøgnet delt i to. Vi startar no opp med ei ordning der det er to LIS-legar på vakt delar av ettermiddag og tidleg kveld. Dagvakta på kvardagar varer dermed til kl 20, medan nattevakt på kvardagar startar kl 15. I helgene er det dagvakt til kl 19 og nattevakta startar kl 18. Overlegane har 20-delt bakvaktsordning med heimevakt. Primærsjiktet utgjerast av LIS1-legar. Det er om lag 20-30 innleggingar pr døgn, og også ei stor mengd pasientar som blir avklart i akuttmottaket. Prehospitale EKG blir vurdert av vakthavande LIS-lege. Vaktarbeidet er variert og gir gode høve til ferdighetstrening med handhaldt ultralyd, elektrokonvertering og akuttmedisinske vurderingar. Sekundærvakt på medisinsk avdeling er og leiar av fleire akuttmedisinske team som stansteam, MET-team og slagteam.

Ved sjukehuset er dei fleste spesialitetar som ikkje er sentralisert til universitetssjukehus representert og det gjev stor bredde i pasientbehandlinga som skjer på sjukehuset.

Om utdanningsløpet

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir avansert oppgåver for å kunne oppfylle læringsmåla i spesialiteten. Det er lagt opp til ein del rotasjon innom dei fleste avdelingane på sjukehuset i kortare perioder, og du vil og arbeide til dels mykje i akuttmottaket.

For læringsmål vi ikkje tilbyr treng du teneste ved universitetssjukehus. Det er planlagt 6 månader spesialiseringsperiode og vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim for dette.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tilegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Du får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som du kan kontakte etter behov for alle moglege praktiske spørsmål du måtte ha den første tida. Du får følgevakter etter eigen plan før du startar i sjølvstendige vakter.

Internundervisning og kurs

Internundervisning for heile avdelinga skjer i samband med morgonmøtet 4 dagar i veka og utgjer 120 timar i året. Internundervisninga er basert på eit 3-årleg undervisningsprogram som dekker læringsmål for LIS 2/3-utdanning i indremedisin. Overlegar og LIS-legar vekslar på å halde innlegg ved internundervisninga. Det er og felles undervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad. Du må i tillegg delta på undervisning på dei enkelte seksjonane i vår avdeling og andre avdelinger du roterer til.

Som LIS får du moglegheit til å delta på minst to nasjonalt anbefalte kurs innan spesialiteten kvart år. 

Simulering og ferdighetstrening

Vi har årleg praktisk oppdatering i AHLR og MTU (medisinsk-teknisk utstyr) for alle legar. I tillegg trener vi regelmessig på slagteam og MET-team. Det er tilgang til modell for spinalpunksjon.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Du får dagleg supervisjon av spesialist ved den seksjonen/avdelinga du roterer til, både for sengepostarbeid og poliklinikk. I akuttmottaket er det bakvakt som vil følgje deg opp. Vi har førebels ingen spesialist i akutt- og mottaksmedisin ved avdelinga og du vil derfor måtte forhalde deg til dei øvrige spesialistane.Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing første måndag i månaden. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing. Rettleiar er ikkje spesialist i akutt- og mottaksmedisin, men i generell indremedisin og ein annan spesialitet.

Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med vegleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med vegleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har ei LIS-stilling som er 50% forsking og 50% klinikk. Det er og fire legar ved avdelinga som har PhD, samt ein i PhD-løp. Sjukehuset har eigen forskingspost som er leia av ein av våre legar tilsett i ei post-doc stilling. Dei ulike seksjonane deltek i varierande grad i regionale og nasjonale forskingsprosjekt, og nokre av seksjonane har og eigne forskingsprosjekt.

​Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på vegleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege i kardiologi Andrei Marin, tlf 70 10 50 00

  

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.