Spesialisering i anestesiologi i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan

Helse Møre og Romsdal har eit formelt opptaksområde på over 260.000. Det er i tillegg ein del pasienttilførsel frå Sogn og Fjordane til sjukehusa på Sunnmøre. Opptaksområda til dei fire sjukehusa varierar avhengig av fagområde. I Møre og Romsdal skjer utdanning innanfor spesialiteten anestesiologi på alle fire sjukehusa i foretaket. Alle spesialistar og LIS i anestesiologi i foretaket er organisert i ei felles avdeling; avdeling for anestesiologi, som ligg under Klinikk for akuttbehandling. Det er eigen seksjon med seksjonsleiar for anestesilegane på kvart av de fire sjukehusa.


Helsepersonell i aksjon på Sulafjellet utanfor Ålesund

Helsepersonell i aksjon på Sulafjellet utanfor Ålesund

Utdanninga av LIS er hovudsakleg organisert med eige opplegg ved kvart av dei fire sjukehusa ut i frå drift på det enkelte sjukehus. Det betyr at ein kan få godkjend flest læringsmål ved sjukehusa i Ålesund og Molde, nokre færre i Volda og Kristiansund. For å unngå at den enkelte LIS må flytte fleire gonger i løpet av spesialiseringa, har vi lagt opp til at ein får moglegheit til å ha ei lengre periode sentralt for å oppnå resterande læringsmål for LIS i Volda og Kristiansund. Det vert lagt opp til moglegheit for klinisk arbeid på andre sjukehus i foretaket dersom det er ønskelig/gjennomførbart for å oppnå spesifikke læringsmål som ein ikke kan få godkjent på eige sjukehus. Dette i den grad det er stort nok opplæringspotensiale på eit av dei andre sjukehusa til at dei kan tilby slik teneste for andre enn sine eigne LIS.

Det er eit formalisert samarbeid mellom seksjonane i Kristiansund og Molde for at LIS frå Kristiansund skal få erfaring med anestesi til generell kirurgi og ØNH. Det leggast og opp til at LIS som startar i Kristiansund, etter om lag 18 månaders teeneste der, kan få fortsette som LIS i Molde for å oppnå dei læringsmåla som er forventa før spesialiseringsperioden ved eit universitetssjukehus.

Ved alle fire sjukehus får LIS teoretisk og praktisk klinisk erfaring med alle fire søyler i anestesiologien; anestesi, akuttmedisin, intensivmedisin og smertebehandling. Ålesund sjukehus har eigen tverrfagleg smerteklinikk med rotasjon for LIS. Alle fire sjukehus har intensivseksjon der anestesilegane har medisinskfagleg ansvar og som overvåker og behandlar pasienter med fleirorgansvikt. Ålesund og Molde har tilbod med nyreerstattande behandling på intensivseksjonane.

​Spesialisering i anestesiologi ved Volda sjukehus

Spesialisering i anestesiologi ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i anestesiologi ved Molde sjukehus

Spesialisering i anestesiologi ved Kristiansund sjukehus


Her finn du ei oversikt over våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.