Spesialisering i anestesiologi ved Ålesund sjukehus

​Om anestesiavdelinga i Ålesund

Ålesund Sjukehus er eit middels stort sjukehus med primært pasientgrunnlag på ca.100.000 innbyggjarar. Sjukehuset har funksjon for heile Sunnmøre ved barneanestesier, cancerkirurgi, øre-nase-hals-kirurgi, samt større ryggkirurgi. I tillegg har sjukehuset fylkesfunksjon ved risikofødslar, kirurgi innanfor rektumcancer, samt karkirurgi. Våre legar yter anestesiservice til pasientar innanfor faga generell kirurgi, ortopedi, øre-nase-hals, tann-kjeve, auge, gynekologi og føde/barsel (ca 1300-1400 fødsler per år). Det er eiga barneavdeling, samt intensivavdeling for nyfødde.

Ålesund sjukehus er eit traumesjukehus som mottar traumepasientar frå Sunnmøre. I 2016 hadde vi om lag 8100 anestesier totalt, der om lag 4750 var generelle anestesier, rett i underkant av 2000 regionale anestesier, samt om lag 500 fødeepiduraler. 450 av anestesiene var på barn < 5 år. Ved smertepoliklinikken var det 2200 konsultasjoner i 2018.

Om utdanningsløpet

Som LIS hos oss vil du ha rotasjon ved intensivavdelinga der det behandlast pasientar med behov for ekstra overvåking og behandling, til dømes respiratorpasientar og pasientar med behov for kontinuerleg nyreerstattande behandling. Du roterar og til smertepoliklinikk, og har moglegheit til å delta i palliativt team. Ålesund sjukehus har godkjenning som donorsjukehus. LIS deltek i traumeteam, barneteam, hjertestansteam, MET-team, MIT-team samt resuscitering av nyfødde.

Det er totalt 19 overlegestillingar som dekker 6-delt vakt i tre sjikt (bakvakt heimevakt, flyvakt heimevakt, helikopter tilstadesvakt). Det er 9 LIS-legestillinger som dekker eige vaktsjikt. Vaktdøgnet for LIS er todelt heile veka der nattevakta startar på ettermiddagen og varer til neste morgon. Vi har og ei LIS 1-stilling i avdelinga, LIS 1 går ikkje vakt.

Som LIS hos oss kan du rekne med å kunne få godkjend dei aktuelle læringsmåla vi kan tilby her i løpet av om lag 3 års tjeneste. Du vil få variert erfaring innan anestesi, intensivmedisin og akuttmedisin på vår avdeling. Du treng også 6 månadar ved indremedisinsk avdeling. Spesialiseringsperioda er 21 månadar og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus.

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS utan anestesierfaring har seks månadars opplæring før ein startar i sjølvstendig vakt. LIS som tidlegere har vore LIS1 hos oss har fem månadars opplæring. Den første tida blir det fokusert på luftvegshandtering og basal anestesi. Det er utarbeidd eigne sjekklister for dette. Du går også følgevakter fram til kl 22 dei første tre månadane, deretter to-tre månadar med følgevakter i lag med primærvakt til dagen etter. Ved oppstart vil du få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av medisinsk-teknisk utstyr som er aktuelt. Du får i tillegg  tildelt rettleiar ved oppstart.

Internundervisning og kurs

Vi har internundervisning kvar onsdag morgon på 50 minutt og kvar torsdag morgon på 40 minutt. Ein gong i månaden er det 1 time med kollokviearbeid, totalt 10 gongar i året. Dette er fordelt som 6 kollokvier og 4 grupperettleiingar. Det er alltid ein overlege med på dette. I januar kvart år er det prehospital utsjekk på 2 timar. Vi tilstreber å gå gjennom dei viktigaste temaa innanfor dei 4 søyler i løpet av 2 år, både med omsyn til basistema og referat frå nyare artiklar og forsking. Både overleger og LIS-legar bidreg med innlegg til internundervisning.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, hjertestans, MET-mottak og traumemottak etter BEST-prinsippet. I tillegg øver vi kvar månad på ulike akuttprosedyrar både på operasjon og intensiv. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Som LIS deltek du på perkutane tracheotomier på intensiv. Det er også årleg gjennomgang av teknikkar ved vanskeleg luftveg. To gangar per år blir det arrangert akuttveke på barneavdelinga med simulering på både små og store barn, der også vi anestesilegane deltek. Slik får du jamleg trening innan dei ulike teama for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere dine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.   

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Felles for alle seksjonene i avdeling for anestesiologi i Helse Møre og Romsdal er at avdelinga er lita og oversikteleg. I det daglege arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrar innan alle delar av faget. I det daglige arbeidet er det eit nært samarbeid mellom LIS3 og overlegar. Dette gir låg terskel for gjennomgang og rettleiing i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og prosedyrar innan alle delar av faget.

I Ålesund har vi har 6 overlegar med rettleiarutdanning. Du blir tildelt rettleiar ved oppstart. Vi set av tid til minimum ein samtale pr månad, i tillegg til at det er låg terskel for å finne tid til ad hoc-rettleiing utanom dei planlagde samtalane.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Avdeling for anestesiologi HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialistetsstruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane. 

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er eige utdanningsutval på alle dei fire seksjonane. Seksjonleiar oppnemner utvalet som består av både overlegar og LIS. Utdanningsutvalet har kvartalsvise møter  og 1-2 gonger i året deltek også seksjonsleiar på møta. LIS i utdanningsutvalet har ansvar for å sette opp plan for internundervisning, der både LIS og overlegar deltek i internundervisninga på lik linje. I samarbeid med seksjonsleiar ser utdanningsutvalet til at ulike LIS-legar blir prioritert til dei rotasjonar eller aktivitetsområde dei har behov for etter tur.

Utdanningsutvalet har oversikt og bidreg til at ulike LIS får permisjon til å gjennomføre dei nasjonale/anbefalte kursa etter naturleg progresjon.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvald på avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå.

Kontakt

Seksjonsleiar og anestesilege Camilla Husebekk, tlf 70 10 63 32

  

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.