Spesialisering i anestesiologi ved Kristiansund sjukehus

​Om anestesiavdelinga i Kristiansund

Kristiansund sjukehus har eit pasientgrunnlag på om lag 50.000 innbyggjarar og har i hovudsak lokalsjukehusfunksjon for kommunane på Nordmøre. Barneavdelinga dekker i utgangspunktet både Nordmøre og Romsdal.

Kristiansund sjukehus har ei stor ortopedisk verksemd og har vaktfunksjon innan ortopedi 24/7. På helg dekker Kristiansund sjukehus vaktfunksjon innan ortopedi både for Nordmøre og Romsdal. Anestesilegane yter anestesiservice til pasientar innanfor fagområda ortopedi, øre-nase-hals, urologi, tannbehandling i narkose, gynekologi og føde/barsel.

Avdelinga gjennomfører årleg om lag  4500 anestesier totalt. Hovedaktiviteten for anestesilegane er å gi anestesi på operasjonsstua. Ein stor andel av aktiviteten er anestesi til ortopedisk kirurgi. Som LIS vil du derfor få god kompetanse på ulike typer regional anestesi og perifere blokader. Sjukehuset har ein kombinert postoperativ- og generell intensiv/overvåkingsseksjon som tilbyr behandling til alle pasientar på sjukehuset som treng overvåking og behandling ut over det som kan bli gitt på vanlege sengepostar. Her vil du få noko erfaring med pasienter som treng ulike typer av ventilasjonsstøtte, både respiratorpasientar og NIV-pasientar (maskebehandling). 

Som LIS deltek du i traumemottak, hjertestansteam, MET-team, MIT-team og resuscitering av nyfødde.

Om utdanningsløpet

Seksjonen har 6 overlegar og 1 LIS-lege. Overlegane går i 6-delt primærvakt og du som LIS følgjer din rettleiar i vaktsystemet. Du kan rekne med å kunne få godkjend dei aktuelle læringsmåla vi kan tilby her i løpet av 18 måneders teneste. Du treng også 6 månadars teneste ved indremedisinsk avdeling. I tillegg treng du teneste ved Molde sjukehus for nødvendig erfaring med gastrokirurgiske pasientar før du er klar for spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus på om lag 27 månadar. Foretaket har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Det er avtalen med St. Olavs hospital som opnar for ei forlenga spesialiseringsperiode på 27 månader.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss får du oppnemnd rettleiar som du skal gå i same vaktturnus med. Du arbeidar tett med din rettleiar og vil få mykje oppfølging frå denne. Den første tida deler du og rettleiar dei daglege arbeidsoppgåvane. Etter kvart som du blir sjølvgåande i basisferdigheitane arbeidar du meir sjølvstendig, og dei andre overlegane vil i større grad vere involvert i supervisjon og opplæring. Ved oppstart vil du få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av aktuelt medisinsk-teknisk utstyr.

Internundervisning og kurs

Vi har to timars internundervisning kvar andre torsdag. Elles har vi ein halvtime til mindre tema tirsdagar og fredagar. Vi tilstreber å gå gjennom dei viktigaste tema innanfor dei 4 søyler i løpet av 2 år, både med omsyn til basisema og referat frå nyare artiklar og forsking. Både overlegar og LIS bidreg med innlegg til internundervisning.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, hjertestans, MET-mottak, MIT, barneteam og traumemottak etter BEST-prinsippet. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Slik får du som LIS jamleg trening innan dei ulike teamene for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere dine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.  

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Felles for alle seksjonene i avdeling for anestesiologi i HMR er at avdelinga er lita og oversikteleg. I det daglege arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrer innan alle delar av faget. I det daglige arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS3 og overlegar. Dette bidreg til låg terskel for gjennomgang og rettledning i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og prosedyrar innenfor alle deler av faget.

Du får tildelt rettleiar når du startar, og denne spesialisten jobbar du tett ilag med den første tida. I tillegg er det sett av tid kvar månad for samtale der mellom anna fagleg progresjon og eventuelle utfordringar blir diskutert.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Avdeling for anestesiologi HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialiststruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane. 

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er eige utdanningsutval på alle dei fire seksjonane. Seksjonleiar oppnemner utvalet som består av både overlegar og LIS-legar. Utdanningsutvalet har kvartalsvise møter  og 1-2 gonger i året deltek og seksjonsleiar på møta. LIS i utdanningsutvalet har ansvar for å sette opp plan for internundervisning, der både LIS og overlegar deltek i internundervisninga på lik linje. Utdanningsutvalet, i samarbeid med seksjonsleiar, ser til at ulike LIS-legar blir prioritert til dei rotasjonar eller aktivitetsområder dei har behov for etter tur.

Utdanningsutvalet vil og halde oversikt over og bidra til at dei ulike LIS-legane får permisjon til å gjennomføre dei nasjonale/anbefalte kursa etter naturleg progresjon.

Tillitsvalde

Sidan avdelinga har berre 1 (1-2) LIS har det ikkje vore tradisjon for eigen tillitsvalt for LIS i avdelinga, men det er tillitsvalt for YLF på sjukehusnivå som våre LIS forheld seg til. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsleiar og anestesilege Peter Tolnai, tlf 71 12 00 00

  

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Fann du det du leita etter?