Spesialisering i anestesiologi ved Molde sjukehus

Offentleg utdanningsplan

Frå intensiven i Molde.

Frå intensiven i Molde.

​Om anestesiavdelinga i Molde

Molde Sjukehus er eit middels stort sjukehus med eit pasientgrunnlag på om lag 70.000 innbyggjarar og har i hovudsak lokalsjukehusfunksjon for kommunane i Romsdal. I tillegg har sjukehuset lokalsjukehusfunksjon for generell kirurgi for kommunane på Nordmøre. 

Våre legar yt anestesiservice til pasientar innan fagområda generell kirurgi, ortopedi, øre-nase-hals, tann-kjeve, auge, gynekologi og føde/barsel.

Molde sjukehus er traumesjukehus og tek imot traumepasientar frå Nordmøre og Romsdal.

I 2016 hadde vi om lag 4500 anestesier totalt, der om lag 2800 var generelle anestesier, 1360 regionale anestesier og 200 fødeepiduralar.  Dei resterende er ulike former for perifere blokader og sedasjon.

I tillegg til teneste innanfor anestesifaget, vil du som LIS også få teneste ved seksjon for intensivbehandling og overvåking. Dette er ein kombinert postoperativ- og generell intensiv/overvåkingsseksjon som tilbyr behandling til alle pasientar på sjukehuset som treng overvåking og behandling ut over det som kan bli gitt på vanlege sengepostar.

Her vil du få rikeleg erfaring med pasientar som treng ulike typar av ventilasjonsstøtte, både respiratorpasientar og NIV-pasientar (maskebehandling). I tillegg vil du få noko erfaring med nyreerstattande behandling, og du har og rotasjon til smertepoliklinikk og palliativt team.

Molde sjukehus har godkjennning som donorsjukehus. LIS deltek i traumemottak, hjertestans-team, MET-team, og MIT-team samt resuscitering av dårlige nyfødde.

Om utdanningsløpet

Vi har totalt 9 overlege- og 5 LIS-legestillinger som går i eit tosjikta 6-delt vaktsystem. Vaktdøgnet er todelt. LIS starter nattevakta på ettermiddagen og har tilstadevakt til neste morgon. Bakvakt har heimevakt på natta. Vi har for tida god spesialistdekning. To av spesialistane våre jobbar 50% i palliativt team og to spesialister jobbar 50 % i helikoptertenesta ved Ørlandet. Alle desse fire legane har sine resterande 50 %-stillingar i vår avdeling.

Som LIS hos oss kan du rekne med å kunne få godkjend dei aktuelle læringsmåla vi kan tilby her i løpet av om lag 3 års teneste. Du treng og 6 månader ved indremedisinsk avdeling. Spesialiseringsperioda er 21 månader og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus.

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS har ei innføringsperiode på 4 månadar før ein er klar til å starte i vakt. Dei første vekene fokuserer vi på trening på frie luftvegar ved maskeventilasjon og seinare sikring av luftvegar ved intubasjon ved generell anestesi. Etter kvart blir du introdusert for ulike typer av regionalanestesi som spinal, epidural, ulike plexus brachialis blokader og seinare meir perifere blokader. Dei første vekene har du 1 lang dag pr veke til kl 22 saman med vakthavande LIS, og får gjennom dette introduksjon til vaktarbeid. Vi har valgt å la nye LIS jobbe berre dagtid dei første 4 månadane. Dette har vist seg å gi moglegheit for meir mengdetrening innanfor dei ulike områda av vår verksemd enn om ein startar med vaktteneste med ein gong. Ved oppstart vil du få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av medisinsk-teknisk utstyr som er aktuelt. Du får også  tildelt rettleiar ved oppstart.

Internundervisning og kurs

Vi har 90 minuttar internundervisning kvar veke. I tillegg er det intensivkollokviar med gjennomgang av inneliggande intensivpasientar eit par gongar i månaden. Det blir sett opp ein plan for internundevisning kvart halvår der LIS og overlegar delar på å halde innlegg. Vi tilstrebar å gå gjennom dei viktigaste temaa innan dei 4 søyler i løpet av 2 år, både med omsyn til basisema og referat frå nyare artiklar og forsking.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, hjertestans, MET-mottak og traumemottak etter BEST-prinsippet. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. I tillegg har vi prøvd å få til praktisk trening på nødtracheotomi på kadaverhalser om lag ein gong i året. Som LIS er du jamleg med på alle tracheotomiar på intensiv, slik at vi prøver å utnytte det læringspotensialet vi har i avdelinga med omsyn til slike prosedyrar. Du deltek også i teamtrening på mottak av intensivpasientar med ulike problemstillingar. Slik får du jamleg trening innan dei ulike teamene for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere dine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.   

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Felles for alle seksjonene i avdeling for anestesiologi i HMR er at avdelinga er lita og oversikteleg. I det daglege arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrer innan alle delar av faget. I det daglige arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS3 og overlegar. Dette bidreg til låg terskel for gjennomgang og rettledning i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og prosedyrar innenfor alle deler av faget.

Du blir tildelt rettleiar når du startar hos oss. Vi sett av tid kvar månad i arbeidsplanen til samtale. Det er også enkelt å gripe fatt i rettleiaren din utanom desse møta dersom du ønsker det.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Avdeling for anestesiologi HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialiststruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane. 

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er eige utdanningsutval på alle dei fire seksjonane. Seksjonleiar oppnemner utvalet som består av både overlegar og LIS-legar. Utdanningsutvalet har kvartalsvise møter  og 1-2 gonger i året deltek og seksjonsleiar på møta. LIS i utdanningsutvalet har ansvar for å sette opp plan for internundervisning, der både LIS og overlegar deltek i internundervisninga på lik linje. I samarbeid med seksjonsleiar ser utdanningsutvalet til at ulike LIS-legar blir prioritert til dei rotasjonar eller aktivitetsområder dei har behov for etter tur.

Utdanningsutvalet har oversikt og bidreg til at ulike LIS får permisjon til å gjennomføre dei nasjonale/anbefalte kursa etter naturleg progresjon.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

Seksjonsleiar og anestesilege Georg N. Johnsen, tlf 71 12 00 00

  

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.