Spesialisering i anestesiologi ved Volda sjukehus

​Om anestesiavdelinga i Volda

Volda Sjukehus har eit primært pasientgrunnlag på om lag 50.000 innbyggarar. Sjukehuset dekker i tillegg ein del kirurgiske akuttfunksjonar, inkludert fødetilbod for delar av Nordfjord. Anestesilegane yt anestesiservice til pasientar innan fagområda generell kirurgi, ortopedi, tannbehandling i narkose, gynekologi og føde/barsel.

Avdelinga gjennomfører årleg om lag 3000 anestesier totalt fordelt på generell anestesi med om lag 1700 og elles ulike typar regional anestesi og perifere blokader. Sjukehuset har ein kombinert postoperativ og generell intensiv/overvakingsseksjon som tilbyr behandling til alle pasientar på sjukehuset som treng overvåking og behandling utover det som kan bli gitt på vanlege sengepostar. Her vil du få erfaring med pasientar som treng ulike typer av ventilasjonsstøtte, både respiratorpasientar og NIV-pasientar (maskebehandling).  Som LIS deltek du i traumemottak, hjertestansteam, MET-team, MIT-team og resuscitering av nyfødde.

Om utdanningsløpet

Seksjonen har 4-5 overlegar og 1-2 LIS. Overlegar og LIS går i felles 5-delt primærvaktsystem der LIS dekker 1 av 5 vaktturnusar. Overlegane dekker i tillegg bakvakt for LIS. Begge vaktordningane har heimevakt delar av døgnet.

Som LIS hos oss kan du rekne med å kunne få godkjend dei aktuelle læringsmåla vi kan tilby i løpet av 2- 2,5 års teneste ved sykehuset i Volda. Du treng også 6 månadars teneste ved indremedisinsk avdeling. Det er nødvendig med spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus på om lag 27 månadar om du ikkje roterar i føretaket. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus om slik teneste, og det er avtalen med St. Olavs Hospital som opnar for ei forlenga spesialiseringsperiode på 27 månader.

Introduksjon av nye LIS

Vi har eit 3 vekers introduksjonsprogram når vi får nye LIS hos oss, før ein er klar til å starte i vakt. Den første tida fokuserer vi på luftvegshandtering og basal anestesi. Det er utarbeidd eigne sjekklister for dette. Som LIS blir du, saman med overlege, alltid involvert i hastesituasjonar på vakt, og du blir også fulgt tett på vakt den første tida. Ved oppstart vil du få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av medisinsk-teknisk utstyr som er aktuelt. Du får også  tildelt rettleiar ved oppstart.

Internundervisning og kurs

Hos oss er det internundervining kvar tirsdag og torsdag på 45 minutt. Vi tilstreber å gå gjennom dei viktigaste temaa innanfor dei 4 søyler i løpet av 2 år, både med omsyn til basisema og referat frå nyare artiklar og forsking. Både overleger og LIS-legar bidreg med innlegg til internundervisning.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, hjertestans, MET-mottak, MIT og traumemottak etter BEST-prinsippet. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Som LIS deltek du på tracheostomiar som blir gjort på intensiv. Slik får LIS jamleg trening innan dei ulike teama for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere dine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Felles for alle seksjonene i avdeling for anestesiologi i HMR er at avdelinga er lita og oversikteleg. I det daglege arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrer innan alle delar av faget. I det daglige arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS3 og overlegar. Dette bidreg til låg terskel for gjennomgang og rettledning i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og prosedyrar innenfor alle deler av faget.

Når du starter hos oss i Volda får du oppnemd ein rettleiar. Avdeling er lita og vi arbeider alle tett saman slik at det er mykje kontakt både ved formelle og uformelle samtaler med rettleiar. Det er og sett av tid kvar månad til planlagde samtaler.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Avdeling for anestesiologi HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialistetsstruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane. 

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er eige utdanningsutval på alle dei fire seksjonane. Seksjonleiar oppnemner utvalet som består av både overlegar og LIS-legar. Utdanningsutvalet har kvartalsvise møter  og 1-2 gonger i året deltek og seksjonsleiar på møta. LIS i utdanningsutvalet har ansvar for å sette opp plan for internundervisning, der både LIS og overlegar deltek i internundervisninga på lik linje. I samarbeid med seksjonsleiar ser utdanningsutvalet til at ulike LIS-legar blir prioritert til dei rotasjonar eller aktivitetsområder dei har behov for etter tur.

Utdanningsutvalet har oversikt og bidreg til at ulike LIS får permisjon til å gjennomføre dei nasjonale/anbefalte kursa etter naturleg progresjon.

Tillitsvalde

Sidan avdelinga har berre 1 - 2 LIS har det ikkje vore tradisjon for eigen tillitsvalt for LIS i avdelinga, men det er tillitsvalt for YLF på sjukehusnivå som våre LIS forheld seg til. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på føretaksnivå.

Kontakt

Seksjonsleiar og anestesilege Eivind Vinjevoll, tlf 70 05 83 33

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?