Spesialisering i augesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Frå augeinngrep på dagkirurgen i Ålesund.

Frå augeinngrep på dagkirurgen i Ålesund.


​Om augeavdelinga i Ålesund

Avdelinga har behandlingstilbod innan augesjukdommar til pasientar på Sunnmøre og dekker med det eit folketal på om lag 150 000. For nokre funksjonar, til dømes ROP-screening av premature barn, dekker vi heile foretaket som vil seie et folketal på omkring 260 000. For vaksne disponerer vi ei seng i felles kirurgisk sengepost, men det er stor fleksibilitet i bruk av senger basert på kva vi har behov for til ei kvar tid. Innlagde barn ligg på barneavdelinga. Pasientar er innlagde hos oss i samband med nokre tilfeller av akuttilstandar, overflytting frå andre sjukehus samt etter nokre kirurgiske inngrep.

Aktiviteten vår går for det meste i polikliniske konsultasjonar og dagkirurgiske inngrep. Vi utfører mellom 1000-1300 dagkirurgiske inngrep kvart år, og det er ei nyare felles dagkirurgisk eining ved sjukehuset som nyttast til dette. Kirurgiske inngrep som blir utført er kataraktoperasjonar, diverse okuloplastiske inngrep, tårevegskirurgi, pterygium kirurgi, EDTA-behandling av kornea, glaukomkirurgi (XEN-implantat), samt eviscerasjoner og strabismekirurgi, inkludert botoxbehandling.

Størstedelen av den daglege aktiviteten vår er likevel ved poliklinikken der vi har om lag 13 000 polikliniske konsultasjonar kvart år. Alle legar har kvart sitt faste, godt utstyrte kontor der og dei polikliniske undersøkingane skjer. Injeksjonsbehandling skjer i eige rom i tilknytning til poliklinikkarealet og vi har stor aktivitet her med rundt 2500 årlege injeksjonar. Vi tilbyr og botoxbehandling av hemifascial spasme og liknande tilstandar. Vi driv eit screening-fundusfotopgrgram for diabetikarar der du som LIS blir involvert. Du får og god opplæring i tolking av angiografi. Vi har og tilsett ein ortoptist i 100%-stilling som og bidreg i opplæring av våre LIS.

Vi har 5 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar hos oss. Som LIS vil du gå i 7-delt forvakt med døgnvakt der du har vakt ein fast vekedag. LIS deltek ikkje i helgevakt, men dette kan bli endra på sikt. Vaktordninga baserer seg i stor grad på heimevakt kveld og natt.

Vi har elles ein stor utstyrspark hos oss for å kunne handtere dei fleste tilstandar og problemstillingar. Det kan mellom anna nemnast autorefraktor/keratometri, pachymetri, optisk biometer (IOL Master), SD-OCT, ultralyd B-scan, autoperimetri (Estermann, Humphrey C24 - 2), Harms vegg, digitalt utstyr for fundusfoto inkludert autofluorescens, fluorescein- og ICG angiografi, YAG-laser, argonlaser, laser for fotodynamisk behandling, samt cyclodiodelaser.

Om utdanningsløpet

Du får gjennomført det meste av spesialistutdanning ved sjukehuset. Det er nokre læringsmål vi ikkje tilbyr opplæring i ved våre sjukehus og dette må du derfor til universitetssjukehus for å gjere. Dette gjeld mellom anna tema knytt til kirurgisk behandling av netthinnesjukdommar og kornea, men også spredte læringsmål innen andre deler av oftalmologien. Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er på 18 månader og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hopsital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Vi har eige introduksjonsprogram for nye LIS-legar hos oss. Det går ut på at du i starten vil følge overlege som har supervisjonsansvar i poliklinikken. I løpet av dei første tre vekene får du gradvis introduksjon med nokre få eigne pasientar, deretter aukar dette gradvis fram til evaluering saman med rettleiar etter tre månader. Deretter tilpassar vi pasientmengden til din kompetanse. Du har ikkje vakt den første veka, men deretter deltek du i vanleg vakt. Vi forventar utstrakt bruk av bakvakt den første tida.

Internundervisning og kurs

Vi har internundervisning to dagar i veka. Mandager er det videoundervisning med St. Olav og dei andre augeavdelingane i regionen. Onsdagar har vi tradisjonell internundervisning sjølve. Begge dagar varer undervisninga i 45 minutt. Utdanningsutvalet set opp halvårlig program for internundervisning som tek utgangspunkt i  obligatorisk kurs for spesialistutdanninga som skal avviklast det gjeldende halvår. På den måten sikrar vi at alle områda av faget blir belyst i løpet av ei normal spesialiseringstid, i tillegg til at undervisninga fungerer som førebuing til kurs. Både LIS og overlege deltek aktivt med bidrag til internundervisninga. Dette kan vere vanleg forelesning, artikkelgjennomgang, kasuistikkgjennomgang, prosedyrer eller innlegg frå eksterne aktørar som til dømes Blindeforbundet og hjelpemiddelsentralen.

Kvar haust har vi fagdag for alle tilsette med faglege innlegg som ein del av programmet.

Det er felles internundervisning for heile sjukehuset ein time kvar første fredag i månaden. Avdelingane bytter på å halde innlegg på denne undervisninga.

Simulering og ferdighetstrening

Hovedarena for ferdighetstrening for LIS er i den daglege aktiviteten ved poliklinikken, inkludert vaktarbeid. Vi har variert og god pasienttilgang som gir deg gode høve til å få erfaring med både dei vanlegaste og meir sjeldne augesjukdommane. Ved supervisjon og eigeninnsats kan du trene opp ferdigheter når det gjeld ulike varianter av undersøkelsesteknikk, ulike former for laserbehandling, intravitreale injeksjonsbehandling, samt småkirurgiske inngrep som blir gjort i poliklinikken. Etter kvart får du og opplæring i dagkirurgiske inngrep, i hovudsak innan okuloplastikk. Avhengig av interesse, kapasitet og behov, kan ytterlegare kirurgisk opplæring bli aktuelt mot slutten av spesialiseringa. Du vil elles få tilgang til å assistere på inngrep i henhold til aktuelle læringsmål. I enkelttilfeller innvilger vi og deltaking på kurs med innslag av wet lab.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er eit lite og oversiktleg miljø der vi alle arbeider tett i lag. Den beste læringa skjer i aktivt pasientarbeid. Kvar vekedag er det ein overlege som har fast supervisjonsansvar for LIS på poliklinikken. Desse dagane har overlegen redusert timeliste for å ha god tid til supervisjon. Du har og alltid tilgang til å konferere med annen overlege enn supervisør ved spesielle problemstillingar.

Etter ei tid hos oss får du opplæring på operasjonsstua og det blir då sett av faste operasjonsdagar der du er saman med overlege.

Injeksjonsbehandling startar du og med etter kvart, og etter god opplæring frå meir erfaren kollega.

Veiledning:
Du får tildelt rettleiar når du startar. Det blir sett av tid til rettleiing ein time kvar månad i timeboka slik du og rettleiar blir einige om.

Fagleg fordypning:
Det er sett av 4 timar til fagleg fordjupning kvar veke. Vi har eit eige avdelingsbibliotek som kan nyttast. Du har og tilgang til ei rekke større internasjonale oftalmologiske tidsskrift som elektronisk abonnement via Helsebiblioteket. Her har du og tilgang til UpToDate. Sjukehuset har lisens til Clinical Key der du har tilgang til fleire titalls e-bøker innenfor oftalmologi. Gjennom barneavdelinga har du tilgang til London Dysmorphology Database. 

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det har generelt vore lav forskingsaktivitet dei siste åra. Akkurat no har vi ein overlege som er involvert i forskingsarbeid som blei starta i samband med sentralteneste for eit par år sidan, og vedkommande vil og vere involvert i ein felles studie som startar opp hausten 2019.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av ein spesialist, ein LIS og seksjonsleiar. Utvalet har nokre møter i løpet av året, i tillegg til at det er dialog langs med etter behov. LIS-lege får kome med innspel til oppsett av internundervisninga. LIS-legen har ansvar for å følgje opp oversikt over deltakelse ved undervisning.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt for våre LIS. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Odd Sletteberg, medisinsk faglig rådgiver, augeseksjonen i Ålesund
Silje Johanne Farstad, seksjonsleder, augeseksjonen i Ålesund


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.