Spesialisering i augesjukdommar ved Molde sjukehus

LIS i aksjon på poliklinikken i Molde.

LIS i aksjon på poliklinikken i Molde.

​Om augeavdelinga i Molde

Avdeling har behandlingstilbod innan augesjukdommar til pasientar i Romsdal og på Nordmøre og dekker med det eit folketal på omkring 120 000. Vi har ei seng på felles kirurgisk sengepost. Denne nyttast i all hovudsak til enkelte akuttilfeller, ved overflytting frå andre sjukehus og etter nokre kirurgiske inngrep. 

Aktiviteten vår går for det meste i polikliniske konsultasjonar og dagkirurgiske inngrep. Vi utfører mellom 1000-1300 dagkirurgiske inngrep kvart år. Kirurgisk behandling skjer i operasjonssal som er integrert i operasjonsavdelinga ved sjukehuset, samt på ei skiftestove ved poliklinikken. Kirurgiske inngrep som blir utført er kataraktoperasjonar, diverse okuloplastiske inngrep, tårevegskirurgi, pterygium kirurgi, EDTA-behandling av kornea, glaukomkirurgi (trabekulektomi og MIGS/XEN-implantat), samt eviscerasjoner og strabismekirurgi inkludert botox behandling.

Størstedelen av den daglege aktiviteten vår er likevel ved poliklinikken der vi har om lag 13 000 polikliniske konsultasjonar kvart år. Alle legar har kvart sitt faste, godt utstyrte kontor der dei polikliniske undersøkingane og skjer. Vi driv eit screening-fundusfotopgrgram for diabetikarar der du som LIS blir involvert. Du får og god opplæring i tolking av angiografi.  I tillegg er det stort omfang med intravitreal injeksjonsbehandling der vi utfører om lag 2500 injeksjonar kvart år. Vi har og tilsett ein ortoptist i 100%-stilling som og bidreg i opplæring av våre LIS.

Det er 5 overlegestillingar og 2 LIS-legestillingar hos oss. LIS går i 4-delt forvakt med døgnvakt på kvardager og i helg. Det er alltid spesialist som bakvakt. Vaktordninga baserer seg i stor grad på heimevakt ettermiddag/kveld/natt og helg.

Vi har elles ein stor utstyrspark hos oss for å kunne handtere dei fleste tilstandar og problemstillingar. Det kan mellom anna nemnast autorefraktor/keratometri, pachymetri, optisk biometer (IOL Master), SD-OCT, ultralyd B-scan, autoperimetri (Estermann, Humphrey C24 - 2), Harms vegg, digitalt utstyr for fundusfoto inkludert utstyr for vidvinkel fotografering av augebotn, fluorescein- og ICG angiografi, YAG-laser, argonlaser samt laser for fotodynamisk behandling.

Om utdanningsløpet

Du får gjennomført det meste av spesialistutdanning ved sjukehuset. Det er nokre læringsmål vi ikkje tilbyr opplæring i ved våre sjukehus og dette må du derfor til universitetssjukehus for å gjere. Dette gjeld mellom anna tema knytt til kirurgisk behandling av netthinnesjukdommar og kornea, men også spredte læringsmål innen andre deler av oftalmologien. Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er på 18 månader og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hopsital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar som LIS hos oss vil du i starten følge ein meir erfaren LIS i den vanlege arbeidskvardagen. Du blir gradvis introdusert til både klinisk undersøking og bruk av utstyr under supervisjon av meir erfaren lege. Etter kvart som ferdighetene aukar vil du få eigne pasientar til vurdering og undersøking. Du blir tidleg introdusert for vaktarbeid, men under tett oppfølging og supervisjon av bakvakt.

Internundervisning og kurs

Vi har internundervisning to dagar i veka. Mandager er det videoundervisning med St. Olav og dei andre augeavdelingane i regionen. Torsdagar har vi tradisjonell internundervisning sjølve. Begge dagar varer undervisninga i 45 minutt. Tema for internundervisninga følger nasjonalt anbefalte kurs.

På sjukehuset er det fellesundervisning ein halvtime kvar tirsdag der avdelingene ved sjukehuset vekslar på å ha innlegg.

Kurs:
Som LIS hos oss får du permisjon med lønn for å delta på nasjonalt anbefalte kurs nødvendig for å fullføre spesialiteten din. Desse kursa har tradisjonelt vert gjennomført halvårlig. Deltaking på andre møter, kurs og symposier er og ønskeleg, så fremt det er mogleg å tilpasse dette inn i avdelinga si øvrige drift.  Vi er jamleg representert på regionale, nasjonale, nordiske og internasjonale møter.

Simulering og ferdighetstrening

Hovudarena for ferdighetstrening for LIS er i den daglege aktiviteten ved poliklinikken, inkludert vaktarbeid. Vi har variert og god pasienttilgang som gir deg gode høve til å få erfaring med både dei vanlegaste og meir sjeldne augesjukdommane. Ved supervisjon og eigeninnsats kan du trene opp ferdigheter når det gjeld ulike varianter av undersøkelsesteknikk, ulike former for laserbehandling, intravitreale injeksjonsbehandling, samt småkirurgiske inngrep som blir gjort i poliklinikken. Etter kvart får du og opplæring i dagkirurgiske inngrep, i hovudsak innan okuloplastikk. Avhengig av interesse, kapasitet og behov, kan ytterlegare kirurgisk opplæring bli aktuelt mot slutten av spesialiseringa. Du vil elles få tilgang til å assistere på inngrep i henhold til aktuelle læringsmål. I enkelttilfeller innvilger vi og deltaking på kurs med innslag av wet lab.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er eit lite og oversiktleg miljø der vi alle arbeider tett i lag. Den beste læringa skjer i aktivt pasientarbeid. Du har sjølvstendig arbeid i poliklinikken, men med kort veg til spesialistar for hjelp og supervisjon heile dagen. Opplæring i operative prosedyrer skjer under tett supervisjon av spesialist.

Rettleing:
Du får tildelt rettleiar når du startar. Det settast av tid til rettleiing kvar månad i tenesteplanen.

Fagleg fordyping:
Det er sett av 4 timar til fagleg fordjupning kvar veke. Vi har eit eige avdelingsbibliotek som kan nyttast. Du har og tilgang til ei rekke større internasjonale oftalmologiske tidsskrift som elektronisk abonnement via Helsebiblioteket. Her har du og tilgang til UpToDate. Sjukehuset har lisens til Clinical Key der du har tilgang til fleire titalls e-bøker innenfor oftalmologi.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har for tida ikkje noko forskingsaktivitet for tiden. Andre avdelingar i foretaket har forskingsaktivitet og vil bidra til oppnåing av slike læringsmål, men mesteparten av denne kompetansen vil du få ved universietetssjukehus.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av ein overlege og ein LIS. Utdanningsutvalet planlegg internundervisninga. Både i løpet av den daglege drifta, på avdelingsmøter og møter i legegruppa blir LIS-utdanning diskutert for å sikre kontinuerlig kvalitetsforbetring. LIS-legane kan når som helst kome med innspel til kvalitetsforbetring.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt for våre LIS. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Erik Holen, medisinsk faglig rådgiver, augeseksjonen i Molde
Gry Unjem, seksjonsleder, augeseksjonen i Molde

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.