Spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri ved Ålesund sjukehus

Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund.

Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund.


​Om avdeling for psykisk helsevern barn og unge, Ålesund

Vår avdeling har to seksjoner ved Ålesund sjukehus: BUP poliklinikk Ålesund og Ungdomspsykiatrisk sengepost med akutt- og utredningsenhet (UPD). Dei to seksjonane ligg fysisk rett ved sida av kvarandre.
Poliklinikken gir eit tverrfaglig tilbod til barn og ungdom under 18 år tilvist for utgreiing og behandling av psykiske vanskar og atferdsvanskar frå primærhelsetenesta i 11 nærliggande kommunar. Fritt sjukehusval opner også for muligheit for tilvising frå andre kommunar. Poliklinikken er organisert gjennom inndeling i fleire geografiske generalistteam, eit sped- og småbarnsteam, og eit akutt-ambulant team med familiekompetanse. OCD-teamet er også lokalisert til poliklinikken i Ålesund men følger opp pasienter frå heile avdelinga.
Per i dag er det 2 overleger på seksjonen, frå sommeren 3 overleger og 4 LIS. Etter planen vil fleire av våre eigne LIS vere ferdige spesialistar i løpet av dei neste åra. LIS og overleger i poliklinikken deltek i vakt på døgnseksjonen.

Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og unge er ei akutt- og utgreiingseining ved Ålesund sjukehus, lokalisert i eige bygg ca 500 meter aust for hovedbygget på sjukehuset. Sengeposten har 10 sengeplasser, fordelt på 8 plasser for akutt hjelp og 2 intermediære plasser. Sengeposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal, aldersgruppa er primært 12-18 år men det hender unntaksvis at yngre barn er innlagt når dette vurderas naudsynt. Sengeposten er godkjent for bruk av tvungen psykisk helsevern for ungdom mellom 16 og 18 år. Ungdom innlagt på sengeposten har skuletilbod på UPA-skulen. Vi har eige vaktlag med LIS frå sengeposten og poliklinikken i Ålesund i 8-delt forvakt og overleger med spesialistgodkjenning i barne og ungdomspsykiatri i 7-delt bakvakt. På sengeposten består behandlergruppa per i dag av 2 overleger (1 konstituert), 2 LIS og 1 psykologspesialist.

Om utdanningsløpet

Spesialistutdanning i BUP har krav om tjeneste i BUP poliklinikk, BUP sengepost, voksenpsykiatrisk avdeling og barnemedisinsk avdeling. Det har tradisjonelt vore satt opp plan for tjeneste i eigne seksjonar i eit samarbeid mellom avdelingsleiar, utdanningsutvalg og den enkelte LIS. Vi har ei stilling ved barneavdelinga i Ålesund som LIS frå vår avdeling har rullert inn i som del av utdanninga. Tjeneste i avdeling utanfor eigen klinikk (voksenpsykiatrisk avdeling) jobber vi med å få ein meir formell plan for som er felles for heile avdelinga. Per i dag har dette variert noko på dei ulike sjukehusa, nokre LIS har ordna dette på eigen hand medan andre har fått avtalar om tjeneste gjennom avdelingsleiinga.


LIS starter som regel sitt utdanningsløp på poliklinikken i Ålesund. Det vil vere ein naturlig progresjon på læringsaktivitetar og læringsmål i fokus i ulike deler av spesialistløpet, dette skal det legges ein plan for med den enkelte LIS i halvårsevaluering.
Poliklinikktjenesten skal omfatte minimum 24 mnd. tjeneste (men anbefalt 36 mnd.) med vekt på gjennomføring av aktuelle læringsaktivitetar slik det framgår av kompetanseportalen.
Gjennom spesialistutdanninga er det krav om 12 mnd. tjeneste på sengepost. Inntil 6 mnd. av dette kan gjennomføres på familieseksjonen i Molde, 6-12 mnd. gjennomføres på døgnseksjon PHBU Ålesund sjukehus.
12 mnd. tjeneste på voksenpsykiatrisk avdeling kan gjennomføres når som helst i utdanningsløpet men det anbefales i den grad det er mulig å gjennomføre tjenesten samla. Det er gode muligheter for å få gjennomført voksenpsykiatrisk tjeneste ved samme sjukehus, vi jobber med å få gode avtaler på plass og har erfaringsmessig fått dette til for dei fleste LIS.
6 mnd. tjeneste på barnemedisinsk avdeling kan gjennomføres ved Ålesund sjukehus der vi har ei stilling som LIS frå BUP kan rotere inn i. Tjenesten kan planlegges når som helst i utdanningsløpet men bør gjennomføres samla. Det er avtale om rotasjon til barneavdeling etter eigen plan, der både tid igjen til ferdig spesialist og eigne ønsker har hatt betydning for når i utdanningsløpet tjenesten er planlagt.

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS i vår avdeling vert tildelt veileder frå første dag. Veileder og LIS vil i samråd med seksjonsleiar på den aktuelle seksjonen legge ein plan for den første tilsetjingsperioda med vekt på opplæring. Vi legg opp til at ein i starten er mykje ilag med meir erfarne kolleger på varierte pasientkontakter. Avdelinga set jevnlig opp kurs i spesifikke tema som akutt og sucidalvurdering for nytilsette. LIS deltek i obligatorisk undervisning og vert fort introdusert for øvrige leger i avdelinga. I løpet av dei første månader vil ein gradvis få meir sjølvstendig ansvar for pasientforløp og vurderinger, med kontinuerlig veiledning og supervisjon.

Internundervisning og kurs

Vi har regionalt samarbeid om internundervisning for LIS med ein 3-årig rullerande undervisningsplan som skal dekke aktuelle læringsaktiviteter i dei ulike læringsmål slik det framgår av kompetanseportalen. Det er krav om 80 % frammøte på internundervisning.
Den legespesifikke undervisninga foregår på tre plan som til sammen dekker krav om minimum 70 timer undervisning per år:
• Felles internundervisning for LIS i Volda og Ålesund og for LIS i Molde og Kristiansund med jevnlige møter fysisk og noko undervisning over helsenettet eller skype. Undervisningsplan for komande termin presenteres i god tid.
• Ferdigheitstrening (F-lab) felles for alle LIS i avdelinga 4 ganger årlig.
• Regionale 2-dagers undervisningssamlinger for LIS i BUP Helse Midt-Norge  3 ganger årlig (2 av desse fast i Trondheim, ei samling på våren som rullerer mellom Ålesund, Molde og Levanger).

Simulering og ferdighetstrening

Ferdighetstrening foregår felles i heile avdelinga som F-lab der alle LIS møtes i Molde eller Ålesund ilag med minst ein overlege frå utdanningsutvalget. Dette er heildagssamlinger der vi øver på ferdigheter som t.d. leikeobservasjon, semistrukturerte diagnostiske intervju, nevromotorisk undersøkelse eller bruk av konkrete utgreiingsverktøy.

Supervisjon, vegleiing og fagleg utvikling

LIS vil dele ansvar for pasientoppfølging med meir erfaren LIS, overlege eller andre erfarne kolleger. Vi legger opp til gradvis meir sjølvstendig pasientansvar utover i spesialistløpet. LIS vil vere del av tverrfaglig team med spesialist tilstades. Vi tilstreber at veileder og utdanningskandidat er på samme team. Vi vil i større grad enn tidligare legge opp til felles pasientkonsultasjoner med LIS og veileder for å bidra til meir mester-svenn læring. Ferdigehetstrening gjennom "F-lab" med LIS og overleger som tidligare, fokus da på trening av spesifikke ferdigheter.

Rettleing og fagleg utvikling:
Alle LIS får tildelt veileder fra start, veileder er overlege i eigen avdeling og i dei tilfelle vi får det til vil veileder vere på same team som aktuelle LIS. Det legges opp til fast individuell veiledning med spesialist/overlege 1 time/veke, som kjem i tillegg til psykoterapiveiledning. Noko av veiledninga (inntil 1/3) vil kunne gis i gruppe. Vurderinger vil dels vere gjennom direkte observert pasientbehandling, dels gjennom veiledning og dels gjennom veiledningskollegium som vil ha form som tidlegare halvårsevalueringer med seksjonsleiar, veileder, utdanningsansvarleg overlege og LIS. I dei tilfeller det er vurdert hensiktsmessig vil teamkoordinator også ta del i halvårsevaluering.  
Andre erfarne kolleger, også frå andre faggrupper, vil bidra med supervisjon i utdanninga. Tverrfaglig arbeid er viktig i vårt fagfelt og LIS vil få erfaring med samarbeid på tvers av faggrupper frå starten i vår avdeling.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Avdelinga er involvert i fleire forskningsprosjekter og har fleire fagpersoner i aktive forskerstillinger. Vi deltek mellom anna i BUP-gen studien og behandlingsstudie med 4-dagers behandling ved tvang- og angstlidelser. Det er gode muligheiter for å få innsikt i forskningsarbeid gjennom t.d. å bruke fordjupningstid inn i dei aktuelle prosjekta. 

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

I avdeling psykisk helsevern for barn og unge har vi eit felles utdanningsutval. Leiar i utdanningsutvalet har også ansvar som utdanningskoordinerande lege og er avdelinga sin representant i regionalt rotasjonsråd. Utdanningsutvalget består i hovedregel av ein utdanningsansvarlig overlege frå kvart sjukehus (Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund), utdanningskoordinerande lege og ein LIS-representant.

Tillitsvalde

Vi har felles YLF-tillitsvalgt for avdelinga, eigen tillitsvalgt for overlegane.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen kan du ta kontakt med avdelingssjef Manuela Strauss (Manuela.Strauss@helse-mr.no) eller utdanningskoordinerande lege i avdelinga, overlege Ann Christin Andersen: Ann.Christin.Andersen@helse-mr.no
Seksjonsleiar vil også kunne sette deg i kontakt med utdanningsansvarlig overlege i den aktuelle seksjonen. Oppdatert informasjon om dei ulike seksjonane og kontaktinformasjon finn du på våre nettsider. 

  

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.