Spesialisering i barnesjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan

Spesialiteten barnesjukdommar dekker heile det medisinske tilbodet til barn, frå premature til 18 år. Utdanning av spesialistar i barnesjukdommar i Møre og Romsdal skjer både ved sjukehuset i Kristiansund og i Ålesund. Fleire funksjonar er sentralisert til Ålesund for heile fylket, til dømes nyfødd intensivmedisin, barne-hjertetilstander og barneintensiv. 

Sondemating på nyfødt intensiv

Sondemating på nyfødt intensiv

Avdeling for barnemedisin og habilitering er ein del av Klinikk for kvinner, barn og ungdom. Avdelinga dekker eit folketal på 59 000 i alderen 0-18 år. Vi har seks seksjonar: Habilitering barn og ungdom, Ålesund og Kristiansund. Poliklinikk og sengepost barn og ungdom, Kristiansun. Sengepost barn og ungdom, Ålesund. Nyfødd intensiv, Ålesund. Poliklinikk barn og ungdom, Molde, Volda og Ålesund. Legar barn og ungdom, Molde, Volda og Ålesund.

Teneste ved avdelinga i Kristiansund dekker om lag 2 år av spesialistutdanninga. Teneste ved avdelinga i Ålesund dekker om lag 3,5 år av spesialistutdanninga. 

Det er behov for 18 måneder teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket.

​Spesialisering i barnesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i barnesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?