Spesialisering i barnesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Barneavdelinga i Ålesund.

Barneavdelinga i Ålesund.

​Om avdeling for barnemedisin og habilitering, Ålesund

Barneavdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige barnesenter som ligg på sjukehusområde med gangbru til sjølve sjukehuskroppen.
Sengepostane våre har ansvar for alle i aldersgruppa på Sunnmøre samt delar av Romsdal, til saman om lag 40 000 barn i alderen 0-18 år. Fem veker i året, i samband med feriestening i Kristiansund, har vi ansvar for alle barna i fylket. Barneavdelinga dekker heile feltet frå premature sjuke nyfødde ned til svangerskapsveke 26 og opp til 18 år, med alle indremedisinske tilstander som blir behandla i spesialisthelsetenesta i denne aldersgruppa, inklusive det som er spesifikt for barn og ungdommar. Vi har og pleieansvar for kirurgiske pasientar i same aldersgruppe, der vi og bidreg med tilsyn og rådgjeving etter forespørsel.
I barnesenteret blir det innlagt om lag 1 550 pasientar for medisinske tilstander, inklusive nyføddintensiv, og om lag 650 barnekirurgiske barn kvart år. Poliklinikken i Molde, Volda og Ålesund har samla omkring 11 000 polikliniske konsultasjonar samt omkring 550 dagbehandlingar. Legegruppa dekker i tillegg behov for legetenester ved Habilitering for barn og unge i aldersgruppen 0-18 år og ved Barnehuset i Ålesund. I Molde er ein spesialist fast tilknytt poliklinikken der med ansvar for barselvisitt. I tillegg kjem spesialist frå Ålesund to dagar per veke. Tilsvarande dekker spesialist barselvisitt og poliklinikk to dagar per veke i Volda.

Som LIS vil du ta del i det daglege arbeidet på sengepost, nyfødd intensiv, poliklinikk og dagpost hos oss. Vi har lagt opp til hospitering på seksjon for habilitering i løpet av tenesta.
Barneavdelinga i Ålesund har 2 LIS1-stillingar, 8 LIS-stillingar og 13,5 spesialiststillingar. I tillegg har vi to spesialistar som roterer i stillingar ved avvikling av permisjonar.
LIS hos gåri 8-delt tilstadevakt der vaktdøgnet er delt i to. Det er 7-delt generell bakvakt og 5-delt tertiærvakt for neonatolog. 

Om utdanningsløpet

Hos oss deltek du, etter opplæring, i varierte oppgåver ved alle seksjonar ved avdelinga med gradvis aukande ansvar og kompleksitet i oppgåvene. Du har visittansvar både på sengepost for store barn og på nyføddintensiv heilt frå starten av tilsettinga for å auke kompetansen inn mot vaktarbeid. Som LIS startar du med sjølvstendig poliklinikk etter 3 måneder, ofte med enkle pediatriske problemstillingar den første tida, med moglegheit for fordjuping i spesialfelt ved meir erfaring. Det blir lagt opp til parallell poliklinikk med subspesialist for fordjuping i enkelte fagfelt. Det er og lagt opp til hospitering på barnehabiliteringa og ved barne- og ungdomspsykatrisk avdeling for å dekke læringsmål innan desse felta. Med teneste hos oss vil du kunne få oppfylt dei aller fleste læringsmåla i fagfeltet utanom akutt onkologi og nyføddmedisin for premature under svangerskapsveke 26.

Det er behov for 18 måneder teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetsjukehus om slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Før du startar hos oss vil du få tilsendt introduksjonsmappe med informasjon om avdelinga. Etter at du starter får du tildelt rettleiar. Du vil ha gjennomgang med alle seksjonsleiarane om dei enkelte seksjonane slik at du blir kjent med dei og oppgåvene dine der. Du vil i tillegg få ein rettleiar som er neonatolog. Den har ansvar for å lære deg opp i praktiske ferdigheter og prosedyrer som gjeld nyføddmedisin det første halve året. Du vil få åtte følgevakter før du startar i sjølvstendig vakt.

Internundervisning og kurs

Det er laga oversikt over tema for internundervisning som er knytt til spesifikke læringsmål og går etter eigen rotasjon som gjentek seg etter om lag 2,5 år. Mykje av undervisninga er felles for Kristiansund og Ålesund.
Vi har lagt inn 120 minutt internundervisning per veke. Dette utgjerast av 45 minutt kvar tirsdag og torsdag morgon. I tillegg er det satt av 30 minutt kvar onsdag for faglege møter ilag med andre avdelingar ved sjukehuset og internt i avdelinga, bortsett frå fjerde onsdag i måneden som er sett av til rettleiing.


Det blir lagt til rette for at LIS får delta på to årlige nasjonale kurs tilsvarande 10 arbeidsdagar totalt. Dersom ein har fritt foredrag eller anna innlegg på møter/kurs leggast det og til rette for permisjon og støtte til dette .

Simulering og ferdighetstrening

To gonger i året arrangerer vi akuttveke. Då trener vi på fleire ulike scenarier for både akutt sjuke store barn og nyfødde.
Vi har kvart år gjennomgang av medisinsk teknisk utstyr (med nokre unntak) for praktisk trening og utsjekk. Det er i tillegg planlagt regelmessige dagar med ferdighetstrening med rettleiing i ulike prosedyrer.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er eit lite og oversiktleg miljø og jobbar tett i lag ved alle seksjonar, samt ved felles legemøter. Det er dermed lett tilgang på spesialist eller meir erfaren LIS i løpet av dagen. Supervisjon vert gitt som direkte tilbakemeldingar av legar og sjukepleiarar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personlig oppfølging på vakter.

Det blir oppnemnd rettleiar til deg før du startar og både du og rettleiar blir informert om dette. Ved oppstart vil du få ein kartleggingssamtale. Det er sett av tid til rettleiing fjerde onsdag kvar månad, men det er gode høve for samtale med rettleiar utanom dette.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har ein spesialist med norsk doktorgrad og ein som held på med doktorgradsarbeid. Avdelinga har fleire større og mindre forskningsprosjekt i aktivitet, nokre på nasjonalt nivå.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av ein spesialist og ein LIS. Utvalet har ansvar for organisering av internundervisning, tildeling av rettleiar og informasjon til nytilsette.

Tillitsvalde

Avdelinga har ein tillitsvalt for LIS og ein for spesialistar. Det er og tillitsvalt for YLF på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

Christine Vaksdal Nilsen, seksjonsleiar legar Molde, Volda og Ålesund.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.