Spesialisering i barnesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

​Om avdeling for barnemedisin og habilitering, Kristiansund

Avdelinga i Kristiansund er lokalisert i hovedbygget til sjukehuset. Avdelinga dekker barn frå svangerskapsveke 35 til 18 år med indremedisinske problemstillingar. Sengeposten er organisert som eit barnesenter. Der har vi og pleieansvar for barnekirurgiske pasientar og det blir gitt tilsyn og rådgiving frå barnelege etter forespørsel.
Vi har omkring 450 innleggingar innan barnemedisin og omkring 150 barnekirurgiske innleggingar i året. Ved poliklinikken. Har vi om lag 2400 konsultasjonar og 270 dagbehandlingsopphald. Barneavdelinga dekker og barnelegeteneste ved habilitering.


Som LIS hos oss vil du delta i det daglegeg arbeidet på sengepost, poliklinikk og dagbehandling, samt tilsyn på føde/ barsel. Vi har 5,3 overlegestillingar og 1 LIS-stilling tilknytt avdeling. Alle LIS 1 ved sjukehuset er og innom oss ei veke kvar i løpet av tenesta. LIS Du vil inngå i felles 5-6-delt vaktordning med overlegane, men sjølvsagt med bakvakt når du har vakt. Vaktordninga baserer seg på døgnvakt med heimevakt. Dagtidsarbeidet fordeler seg på visitt ved sengepost, poliklinikk, barseltilsyn og fordjuping. 

Om utdanningsløpet

Som LIS i avdelinga vår vil du, etter opplæring, få tildelt varierte oppgåver med gradvis aukande ansvar og kompleksitet. Du har visittansvar på sengepost for store barn og du vil og ha sjølvstendig poliklinikk, men ofte med enkle pediatriske problemstillingar i starten. Vi dekker eit bredt utval av læringsmåla innan generell pediatri, men vi har ikkje nyfødd intensivteneste. For å oppnå kompetanse i dette feltet, inkludert dei heilt små premature og akutt onkologi, samt få litt meir volum på enkelte pasientgrupper er det behov for teneste ved større avdelingar. og må derfor supplere med tjeneste ved større avdeling. Du vil trenge teneste ved avdelinga i Ålesund og også teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt alle læringsmåla dine.

Det er behov for 18 måneder teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetsjukehus om slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Når du kjem til oss vil du, som noko av det første, få din eigen kompetanseplan med ulike kurs du skal gjere og prosedyrer du skal sette deg inn i for å bli kjent med avdelinga. Du får og tildelt rettleiar. I starten vil du ha vakt ilag med overlege fram til du er klar for å starte med sjølvstendig vakt.

Internundervisning og kurs

Det er laga oversikt over tema for internundervisning som er knytt til spesifikke læringsmål og går etter eigen rotasjon som gjentek seg etter om lag 2,5 år. Mykje av undervisninga er felles for Kristiansund og Ålesund.
Vi har lagt inn 120 minutt internundervisning per veke. Dette utgjerast av 45 minutt kvar tirsdag og torsdag morgon. I tillegg er det satt av 30 minutt kvar onsdag for faglege møter ilag med andre avdelingar ved sjukehuset og internt i avdelinga, bortsett frå fjerde onsdag i måneden som er sett av til rettleiing.


Det blir lagt til rette for at LIS får delta på to årlige nasjonale kurs tilsvarande 10 arbeidsdagar totalt. Dersom ein har fritt foredrag eller anna innlegg på møter/kurs leggast det og til rette for permisjon og støtte til dette. 

Simulering og ferdighetstrening

Saman med føde/barsel blir det arrangert simuleringstrening over to dagar, to gonger kvart år. Det vert da gjort scenarietrening med akutt sjuke nyfødde. Det er og simuleringstrening saman med akuttmottaket med akutt barneteam kvar 4.måned, AHLR og HHLR kvart andre år. I sengeposten har vi simuleringstrening gonger i året for alle tilsette. Kvart år går vi gjennom medisinsk teknisk utstyr og trenger på praktisk bruk.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er eit lite og oversiktleg miljø og jobbar tett i lag ved alle seksjonar, samt ved felles legemøter. Det er dermed lett tilgang på spesialist eller meir erfaren LIS i løpet av dagen. Supervisjon vert gitt som direkte tilbakemeldingar av legar og sjukepleiarar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personlig oppfølging på vakter.
Supervisjon vert gitt som direkte tilbakemeldingar av legar og sjukepleiarar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personlig oppfølging på vakter.

Det blir oppnemnd rettleiar til deg før du startar og både du og rettleiar blir informert om dette. Ved oppstart vil du få ein kartleggingssamtale. Det er sett av tid til rettleiing fjerde onsdag kvar månad, men det er gode høve for samtale med rettleiar utanom dette.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har inga aktiv forsking ved vår avdeling, men det er mykje aktiv forsking hos kollegane våre på barneavdelinga i Ålesund.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av ein spesialist og ein LIS. Utvalet har ansvar for organisering av internundervisning, tildeling av rettleiar og informasjon til nytilsette.

Tillitsvalde

Avdelinga har felles tillitsvalt for LIS og overlegar. Det er og tillitsvalt for YLF på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

Siv Kristoffersen, seksjonsleiar

Bente Askestad, overlege og medisinskfagleg rådgjevar

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.





Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.