Spesialisering i endokrinologi ved Molde sjukehus

​Om endokrinologisk seksjon, medisinsk avdeling Molde

Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Medisinsk avdeling i Molde er ei seksjonert avdeling med behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi til befolkninga i Romsdal som utgjer om lag 65 000 innbyggjarar som aukar til om lag 100 000 når det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir ferdig. Ved avdelinga har vi 41 senger og 6 plassar på intensivavdelinga. Kvart år har vi om lag 3600-3800 innleggingar og 15 000 polikliniske konsultasjonar. Vi er 13 overlegar og 10 LIS-legar ved avdelinga. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS-legane går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar og vi har til ei kvar tid 10 LIS1-legar ved avdelinga.

Endokrinologisk seksjon er samlokalisert med infeksjonsmedisin. Som LIS-lege vil du ved postarbeid derfor arbeide både med endokrinologiske og infeksjonsmedisinske pasientar. Endokrinologi disponerer 3 senger. Vi har i overkant av 200 innleggingar i løpet av eit år, og om lag 2 500 polikliniske pasientar. Vi er to endokrinologar ved sjukehuset og har til ei kvar tid ein LIS-lege ved seksjonen, dette kan både vere LIS i spesialisering til endokrinologi og LIS i generell rotasjon for del 2 felles indremedisin eller generell indremedisin. Vi har og oftast ein LIS1 på seksjonen. Avdelinga dekker alle læringsmål i del 2 felles indremedisin og du vil rotere mellom ulike seksjoner for å få oppfylt dette.

Vi driv brei klinisk aktivitet ved seksjonen, både kvardagsendokrinologi og meir spesialisert utgreiing og behandling. Det blir gjort utgreiiing og behandling av diabetes mellitus med hovduvekt på type 1. Alle tyroideatilstander blir utreda og vi følgjer opp medikamentell behandling. Vi utreder og primær hyperparatyroidisme og osteoporose.  Ved behov for kirurgi for tyroieda-/paratyroiedasjukdommar blir dette vurdert i samråd med endokrinkirurg ved Ålesund sjukehus som og utfører inngrepet. Vi ugreier og behandlar og hypofysetilstandar, men ved behov for kirurgi skjer det ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Det blir gjort utgreiing av hormonproduserande adenom i binyre, inklusive conns sjukdom, addisons sjukdom og feokromocytom. Ved behov for kirurgi blir dette beslutta i samråd med endokrinkirurg i Ålesund eller ved St. Olavs Hospital. Vi tilbyr og utredning og behandling for hypogonadisme, elektrolyttforsyrringar og endokrine syndrom som MEN 1 og 2, samt von Hippel-Lindau sjukdom. I fråvær av nefrolog har vi og ansvar for utgreiing av sekundær hypertensjon.

Om utdanningsløpet

Arbeidet hos oss er ein kombinasjon av sengepostarbeid og poliklinikk, og det er gjennom det daglege arbeidet du lærer mest. Når du startar vil du, avhengig av tidlegare erfaring, vanlegvis den første tida bruke mest tid på del 2 felles indremedisin før du blir meir fast tilknytt vår seksjon for å fordjupe deg i det endokrinologiske faget. Du får oppgåver på sengepost og poliklinikk tilpassa din kompetanse med supervisjon og opplæring frå spesialist.

Du vil trenge nokre dagar hospitering i Ålesund for å kunne dekke læringsmål knytt til endokrinkirurgisk aktivitet. Du treng også 18 måneder spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å delta på hypofysemøter, binyre- og hypofysekirurgi, samt for å få stort nok voulm og erfaring i dei litt meir sjeldne tilstandane. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Når du starter hos oss blir du presentert for avdelinga, får omvisning og du får og tildelt rettleiar. Du får opplæring i rutiner, undervisningsprogram, vakttjeneste med meir. Du får og nødvendig opplæring i dataprogram og IT-system. Vi vil og informere deg om regionmøte i endokrinologi og moglegheiter for deltaking der. Du har to veker vaktfri før du begynner med følgevakter.

Internundervisning og kurs

Vi har organisert internundervisninga vår med 45 minutt internundervisning kvar tirsdag og onsdag morgon. Det er i tillegg avsett tid hver uke seksjonsvis undervisning kvar torsdag. Noko av dette er foredrag vi held til kvarandre, medan noko er videooverført frå universitetssjukehus. Undervisninga blir i tillegg supplert med deltaking på regionmøte i endokrinologi. Ein gong i veka er det felle internundervisning for alle legane på sjukehuset.

Simulering og ferdighetstrening

Det er lite av våre tilstandar som er egna for simulering utanom akuttilstandar. Den beste treninga får du dagleg arbeid med pasientar. Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ein liten seksjon og arbeider svært tett ilag. Det gir god tilgang på supervisjon i alt arbeidet du som LIS-lege gjer og det er lav terskel for å be om hjelp. Dette gjer og at det er god tilgang på både formelle og uformelle møter og samtaler med spesialist og rettleiar.

Vi vil samarbeide om inneliggande pasienter med felles previsitt og visitt. Ved poliklinikken er det moglegheit for diskusjon både før, under og etter konsultasjonen.

Du får tildelt rettleiar kort tid etter oppstart. Det er fast tid for rettleiing første onsdag i månaden. Utover dette avtalast samtaler etter behov.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har inga eiga forsking ved seksjonen, men vil jobbe for å kunne legge til rette for det i framtida.

Vi har inga eiga forskingsavdeling ved sjukehuset, men nyttar forskingsavdelinga i Ålesund ved behov. Vi har likevel eit aktivt forskingsmiljø ved sjukehuset i ei eiga lita forskingseining som har tilsett ein post-doc som konsulent. Fleire av legane har delte stillingar mellom foretaket og NTNU. Ein av overlegane ved avdelinga er i gang med eit PhD-løp.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege, i tillegg til medisinsk leiar etter behov. Utvalet fungerer og som utdanningsutval for dei ulike seksjonane og representantar frå dei ulike spesialitetane er og medlemmer av utvalet.
 
Utdanningsutvalet skal ivareta utdanningsbehov for legar i avdelinga.  Utvalet har ansvar for oppsetting av program for internunderisning og for å sjå til at undervisninga fungerer etter intensjon.  Utdanningsutvalet oppnemner rettleiarar og skal ha oppsyn med at rettleiinga fungerer for dei enkelte LIS-legane. 

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Thor Haug, tlf 71 12 00 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.