Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan

Spesialiteten «Fødselshjelp og kvinnesjukdommar» er spennande og variert med både praktisk arbeid som ultralyd, operative forløysingar på føden og kirurgisk verksemd med operasjonar i både obstetrikk og gynekologi. 

Illustrasjonsbilete
Vi har varierte problemstillingar både på dagtid og i vaktsamanheng med elektive obstetriske og gynekologiske pasientar og akuttmedisin som til dømes alvorlege postpartum blødningar og sirkulatorisk ustabile pasientar med blødande ekstrauterin graviditet. Vi er så heldige at vi arbeider i team med sjukepleiarar, jordmødre, barnepleiarar, anestesipersonell og barnelegar.
 
Ved fødeavdelingene i foretaket har vi fødslar i Volda, Molde og Kristiansund frå graviditetsveke 35, i Ålesund frå graviditetsveke 26. Premature fødslar i graviditetsveke 24-26 er sentralsiert til St. Olavs Hospital i Trondheim. Enkelte gravide er selektert til Ålseund for å føde, til dømes tvillingsvangerskap, vaginale setefødslar og forhøga BMI. Dette har vi eigne prosedyrer for i foretaket.
 
Når det gjeld gynekologien, har dei fire avdelingane våre nokså lik drift når det gjeld operativ aktivitet.
​Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Volda sjukehus

Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Molde sjukehus

Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.