Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

​Om avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar, Kristiansund

Avdeling for Fødselshjelp og kvinnesjukdommar Kristiansund er ei lita og oversiktleg avdeling. Vi har omtrent 6 000 pasientkontakter kvart år. Vi disponerer 10 senger og hadde omtrent 950 døgnpasientar, 200 dagbehandlingar og 5 000 polikliniske konsultasjonar i 2018. Vi har omtrent 370 fødslar per år. I 2018 hadde vi 17 operative vaginale forløysingar og 72 keisarsnitt.

Vår kliniske aktivitet skjer på gynekologisk poliklinikk, svangerskapspoliklinikken, kreftpoliklinikken, operasjonsavdelinga og ved føde-/barselavdelinga. Vi deler gynekologisk sengepost med kirurgi/ortopedi og har nokre sengeplassar til rådigheit for våre inneliggande gynekologiske pasientar. Pasientar som innleggast til planlagt gynekologisk operasjon innleggast ved fødeavdelinga, og sengeplassene ved kirurgisk-/ortopedisk avdeling er reservert for akutte gynekologiske innleggingar.

Gynekologisk poliklinikk og svangerskapspoliklinikk foregår i hovudsak på dagtid. Fleire dagar i veka er det også poliklinikk der det blir gjort rutineultralyd av eigen ultralydjordmor.

Operativ aktivitet skjer på to faste dagar i veka, samt øvrige dagar for akutte inngrep. Dette inkluderer dagkirurgi. Det er spesielt stor aktivitet med omsyn til vaginale hysterektomiar, samt prolapsoperasjonar. Vidare har vi og operativ aktiviet innan urogynekologi.
 
Vi er 3 spesialistar og 2 LIS ved avdelinga. Vakt for LIS er 4-delt døgnvakt med heimevaktordning. Det er tilstadetid på vaktdager til kl 17.00. Helgevaktene er og organisert som heimevakt, der ein har vakt frå fredag til mandag kvar 4.veke.

Om utdanningsløpet

Kristiansund er eit lite sjukehus med liten, men brei gyn-/fødeavdeling og derfor er det hensiktsmessig for ferske LIS å starte utdanninga her. Du får raskt god oversikt over heile faget, og jobbar tett med overlegane. Det er kun 2 LIS-stillingar ved avdelinga, noko som mellom anna gjer at operativ aktivitet lettare er tilgjengelig enn ved større avdelingar. Det er gode moglegheiter for å få utført dei fleste kirurgiske prosedyrer hos oss. Ved rotasjon til universitetssjukehus må det leggast vekt på å få meir erfaring frå fødeavdeling da mengdetreninga er liten ved en fødeavdeling med 370 fødsler.

Du treng om lag 3 år i foretaket for å kunne få oppfylt alle læringsmåla vi kan tilby her. Du vil trenge noko tid ved andre avdelingar i foretaket for å kunne få oppfylt dine læringsmål. I tillegg treng du eit år med kirurgisk teneste som kan gjerast i Molde, Ålesund eller Volda. Det er planlagt med 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i vårt foretak. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Vi samarbeider og med andre avdelingar på sjukehuset for nokre av læringsmål, til dømes kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling og røntgenavdelinga. 

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga og tek straks del i alle arbeidsoppgåver, inkludert vaktarbeid. Arbeidet skjer under rettleiing og supervisjon og blir gradvis tilpassa arbeidsmengde og ansvarsområde etter den enkeltes evne og kapasitet. Det blir tilrettelagt for og tilstrebast at du som LIS får kome i gang med nasjonale anbefalte kurs så tidleg som mogleg.

Internundervisning og kurs

Det er laga ei felles undervisningsliste for heile foretaket der tema som skal vere gjennomgått i løpet av ei 2-års periode framgår. Lista er revidert for også å vere tilpassa læringsmåla for ny spesialitetsstruktur.

Fram til no har vi hatt 1 time internundervisnig kvar veke. I tillegg er det to dagar to gangar i året til undervisning og trening i nyføddresucitering. Det er og to akuttdagar i året. Alle legar skal delta på ein akuttdag og ein dag med nyføddresucitering i året.
 
Avdelingen legg til rette for at du får delta på kurs.

Simulering og ferdighetstrening

Simulering og ferdighetstrening når det gjeld nyføddresucitering arrangerast kvar 6 .månad der jordmødre, barnepleiarar og legar deltek. Det kjem då tilsette frå neonatal intensiv i Ålesund som held undervisninga. Ved årlege akuttdagar trenar vi ulike akuttsituasjoner. Avdelinga har og ein D-boks til laparoskopitrening.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga er lita og oversiktleg og vi arbeider alle tett ilag. Det er overlege som har ansvar for å koordinere utdanninga ved avdelinga tilpassa nasjonale retningslinjer. Vi har fokus på gjennomføring av operasjonslister og obligatoriske kurs. Du får opplæring i obstetrikk og andre område innan faget av overlege. Supervisjon vil foregå ved at du alltid har ein meir erfaren kollega, enten meir erfaren LIS eller spesialist, tilgjengelig for konferering og tilsyn ved gjennomføring av prosedyrer der det er ønskeleg eller nødvendig med supervisjon. Ein gong kvar månad har vi og gjennomgang av «spørsmål og svar» medan vi etter kvart kvartal går gjennom det siste kvartalet og legg planar for det komande.

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, rettleiar er spesialist. Det er sett av tid til månadleg rettleiing.

Alle LIS hos oss har to fordjupningsdaga på til saman 16 timar kvar månad.  

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har per i dag inga forskingsaktivitet i avdelinga.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av ein overlege og ein LIS. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet. Utvalet har som hovudoppgåve å planlegge internundervisning og arbeide med kvalitetsforbetring av utdanninga.

Tillitsvalde

Avdelinga har eigen YLF-tillitsvalt og det opplevast at interesser blir ivaretatt på ein god måte. Det er lav terskel for kontakt med tillitsvalt ved avdelinga ved behov. Det er elles og YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Rune Rise, overlege og seksjonsleiar.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?