Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Molde sjukehus

​Om gastroenterologisk seksjon, medisinsk avdeling Molde

Medisinsk avdeling i Molde er ei seksjonert avdeling med behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi til befolkninga i Romsdal som utgjer om lag 60 000 innbyggjarar. Vi er 13 overlegar og 10 LIS-legar ved avdelinga. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS-legane går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar.

Ved vår seksjon er vi 3 overlegar og 1 LIS-lege i spesialisering til gastroenterolog. I tillegg har vi og andre LIS-legar i rotasjon for generell indremedisin og del 2 felles indremedisin. Den eine overlegen vår har no delt stilling med 50% av tida i PhD-løp. Vi har 5 senger til disposisjon. Ved gastrolab gjer vi om lag 2600 endoskopiske prosedyrer i året.

Om utdanningsløpet

Det er eit bredt utdanningstilbod i foretaket slik at dei fleste læringsmål kan oppfyllast i Helse Møre og Romsdal. Utanom tida du treng for å oppfylle del 2 felles indremedisin, vil du trenge om lag 18 månader for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi har tilbod om. Du må pårekne teneste ved avdelinga i Ålesund i til saman 1 månad før du er klar for teneste ved universitetssjukehus. Korleis dette organiserast vil vi saman med deg planlegge i utdanningsplanen din. Du skal og hospitere 1-2 veker ved radiologisk avdeling for å dekke læringsmål knytt til ultralyd, det får du gjort i Molde og vil og framgå av utdanningsplanen din. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim for spesialiseringsperiode på 18 måneder for å dekke dei læringsmåla vi ikkje tilbyr i Møre og Romsdal. Det er og lagt opp til 3 veker hospitering ved transplantasjonseininga på Rikshospitalet for å dekke læringsmål relevante for oppfølging av levertransplanterte.

På poliklinikken vil det være stort fokus på at du skal tilegne deg ferdigheter i dei praktiske prosedyrene som i stor grad definerer vår spesialitet. Når du startar hos oss får du grundig innføring av skophandtering og alle viktige funksjonar for å kunne bruke skopa. Du får og opplæring i rutiner ved biopsitaking. Du vil og bli opplært i vaskerutiner av skop.

Gastroskopi
Du må først observere 20-30 undersøkingar gjort av erfaren lege før du sjølv får starte den praktiske opplæringa. Då startar du med enkle prosedyrer, med gradvis progresjon mot sjølvstendige gastroskopiar, og det er alltid en overlege til stade ved dei første 50 undersøkingane. Seinare gjer du sjølvstendige undersøkingar under føresetnad av at annan erfaren lege er lett tilgjengeleg ved behov. Etter at du har tilegna deg basal teknikk (etter 100 – 150 utførte undersøkingar), får du målretta opplæring i terapeutisk skopi (ballongdilatasjon, injeksjonsteknikk, fjerne fremmedlegemer, hemostatiske prosedyrer, polypektomier).

Koloskopi
Basal handtering av skop, tilsvarande opplæringa gitt under gastroskopi skjer først. Den praktiske opplæringa startar vanlegvis etter at du har vist at du behersker gastroskopi. Basal koloskopiteknikk lærast under nøye supervisjon. Det skal vere overlege til stade under de første 50 undersøkingane, seinere utførast gradvis meir sjølvstendige prosedyrer under føresetnad av at overlege er lett tilgjengelig. Ved nedre endoskopi får du spesiell innføring i dei ulike tarmtømmingsprosedyrene, bruk av spylemekanismer for reingjering av tarm, bruk av UPD-skopeguide, diatermi, biopsering, polypektomiteknikker inkl. EMR, kromoendoskopi (Indigocarmid og virtuell kromoskopi ved NBI) og bruk av klips.

Kapselendoskopi
Du får innføring i teorien bak undersøkinga, både indikasjonar, kontraindikasjonar og korleis tolke resultatet. Du deltek dertetter i praktisk gjennomføring som inkluderer både førebuingar, gjennomføring av sjølve undersøkinga og alternative måtar å intubere kapselen på.

Pusteprøve:
Du får innføring i teorien bak undersøkinga, både indikasjonar, kontraindikasjonar og korleis tolke resultatet. Du deltek deretter i praktisk gjennomføring.

ERCP 
Du får innføring i teorien bak undersøkinga, både indikasjonar, kontraindikasjonar. Deretter får delta ved gjennomføring av prosedyra, men det ikkje intensjon at du skal lære dette sjølvstendig. Det er noko du eventuelt kan lære deg seinare, men er ikkje eit krav i spesialiseringa.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar som LIS hos oss, og ikkje har noko erfaring frå før, vil du oftast starte med generell rotasjon for å dekke læringsmål i del 2 felles indremedisin før du etter kvart blir meir stasjonert hos oss. Dette er likevel fleksibelt og kan bli annleis.

Avdelinga har eige opplæringsopplegg for nytilsette der du både blir kjent med avdelinga, seksjonen og våre rutiner. Du får og opplæring i dataprogram og IT-verktøy for prosedyrer. Du får følgevakter før du starter i sjølvstendige vakter. Når desse kjem er avhengig av di tidlegare erfaring.

Du får og tildelt rettleiar når du startar.

Når du etter kvart kjem til oss vil vi tidleg starte med praktiske prosedyrer og poliklinisk arbeid under tett opplæring og supervisjon, og arbeidsoppgåvene blir tilpassa den faglege kompetansen din.

Internundervisning og kurs

Vi har organisert internundervisninga vår med 45 minutt internundervisning kvar tirsdag og onsdag morgon. Kvar tirsdag deltek vi i felles kasuistikkmøte i foretaket. Kvar mandag har vi eiga seksjonsundervisning 45 minutt ilag med gastrokirurgane. Ein gong i veka er det felles internundervisning for alle legar ved sjukehuset. Både LIS-legar og overlegar vekslar på å halde innlegg på internundervisning.

Simulering og ferdighetstrening

Ingen av sjukehusa våre har utstyr for simulatortrening. Vi vil derimot legge til rette for du som LIS får reise på simulatorkurs så tidleg som mogleg etter oppstart. Avdelinga har elles regelmessig trening av MET-team, AHLR-trening og praktisk øving i bruk av utstyr relevant for vaktarbeid. Som LIS hos oss får du raskt mengdetrening i dei vanlege prosedyrene våre under tett supervisjon frå spesialist.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ein liten seksjon og vi jobbar alle tett ilag. Det er dermed god tilgang på formell og uformell kontakt med spesialist for oppfølging. Som LIS hos oss vil du ha arbeidsoppgåver både på sengepost og poliklinikk. Previsitt skjer i lag med overlege, visitt av og til under supervisjon. Det er alltid overlege tilgjengelig for råd og hjelp i løpet av dagen. I tillegg til endoskopisk poliklinikk vil du også ha konsultasjonspoliklinikk, 2 – 4 timer kvar andre veke med supervisjon frå overlege.

Den praktiske prosedyrerelaterte undervisninga skjer dagleg, alt etter korleis arbeidssituasjonen tillet det. Du bør derfor fortløpande registrere prosedyrene dine i Kompetanseportalen.

Du få tildelt rettleiar når du startar som er spesialist i fordøyelsessjukdommar. Det blir satt av tid kvar månad til formell rettleiing, men det er lett tilgang på samtaler utanfor dette tidspunktet. Ved rettleiing vil mellom anna fagleg utvikling og progresjon i forhold til læringsmåla bli diskutert.

Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke i arbeidsplanen.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det gastroenterologiske miljøet i foretaket har i dag 1 spesialist med doktorgrad som er tilsett i post-doc stilling i Ålesund. Han er og leiar for forskingsposten på Ålesund sjukehus. Elles har vi 1 spesialist i Molde og 1 spesialist i Ålesund som begge er i PhD-løp. Det er gode moglegheiter for deltaking i forskingsprosjekt ved alle sjukehusa og også høve til å hospitere ved forskingsposten i kortare perioder.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Avdelinga har eit utdanningsutval som utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlegen som er leiar av utdanningsutvalet. Dette utvalet planlegg internundevisninga på avdelinga, lagar opplæringsopplegg for nye LIS-legar og passar på at alle får rettleiar ved oppstart. Hvert sykehus har utdanningsutvalg i indremedisin, vanligvis en overlege og en LIS.

Vi har ikkje hatt tradisjon for eige utdanningsutval i fordøyelsessjukdommar, men vi arbeider for å etablere eit eige utdanningstuval på tvers av sjukehusa.

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt
Overlege Espen Skarsvåg, tlf 71 12 00 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.