Spesialisering i fordøyelsessjukdommar ved Volda sjukehus

​Om gastromedisinsk utdanning, medisinsk avdeling Volda

Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin og endokrinologi. Vi har og tilsett ein hematolog som er ferdig med si spesialisering i 2020. Avdelinga har til saman 30 senger og er inndelt i einingar etter fagfelt, men det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi no 7 overlegar og 9 LIS-legar. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS går døgnvakt med heimevaktordning og fri etter vakt. Overlegane dekke bakvaktsjiktet og har og heimevaktordning. Primærvakt dekkast av LIS1-legar.

Ved vår eining har vi 2 overlegestillingar, men no berre ein tilsett overlege. Vi har og tilknytt LIS-legar, både for spesialisering i fordøyelsessjukdommar og for rotasjon til generell indremedisin og del 2 felles indremedisin. På sengeposten disponerer vi i utgangspunktet 3 senger, men det er glidande etter behov. Ved gastrolab gjer vi om lag 1500  endoskopiske prosedyrar i året.

Om utdanningsløpet

Det er eit bredt utdanningstilbod i foretaket slik at dei fleste læringsmål kan oppfyllast i Helse Møre og Romsdal. Utanom tida du treng for å oppfylle del 2 felles indremedisin, vil du trenge om lag 18 månader for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi har tilbod om. Du må pårekne teneste ved avdelinga i Ålesund i til saman 3 månader før du er klar for teneste ved universitetssjukehus. Korleis dette organiserast vil vi saman med deg planlegge i utdanningsplanen din. Du skal og hospitere 1-2 veker ved radiologisk avdeling for å dekke læringsmål knytt til ultralyd, det får du gjort i Volda og vil og framgå av utdanningsplanen din. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim for spesialiseringsperiode på 18 måneder for å dekke dei læringsmåla vi ikkje tilbyr i Møre og Romsdal. Det er og lagt opp til 3 veker hospitering ved transplantasjonseininga på Rikshospitalet for å dekke læringsmål relevante for oppfølging av levertransplanterte.
 
På poliklinikken vil det være stort fokus på at du skal tilegne deg ferdigheter i dei praktiske prosedyrene som i stor grad definerer vår spesialitet. Når du startar hos oss får du grundig innføring av skophandtering og alle viktige funksjonar for å kunne bruke skopa. Du får og opplæring i rutiner ved biopsitaking. Du vil og bli opplært i vaskerutiner av skop.

Gastroskopi:
Du må først observere 20-30 undersøkingar gjort av erfaren lege før du sjølv får starte den praktiske opplæringa. Då startar du med enkle prosedyrer, med gradvis progresjon mot sjølvstendige gastroskopiar, og det er alltid en overlege til stade ved dei første 50 undersøkingane. Seinare gjer du sjølvstendige undersøkingar under føresetnad av at annan erfaren lege er lett tilgjengeleg ved behov. Etter at du har tilegna deg basal teknikk (etter 100 – 150 utførte undersøkingar), får du målretta opplæring i terapeutisk skopi (ballongdilatasjon, injeksjonsteknikk, fjerne fremmedlegemer, hemostatiske prosedyrer, polypektomier).

Koloskopi:
Basal handtering av skop, tilsvarande opplæringa gitt under gastroskopi skjer først. Den praktiske opplæringa startar vanlegvis etter at du har vist at du behersker gastroskopi. Basal koloskopiteknikk lærast under nøye supervisjon. Det skal vere overlege til stade under de første 50 undersøkingane, seinere utførast gradvis meir sjølvstendige prosedyrer under føresetnad av at overlege er lett tilgjengelig. Ved nedre endoskopi får du spesiell innføring i dei ulike tarmtømmingsprosedyrene, bruk av spylemekanismer for reingjering av tarm, bruk av UPD-skopeguide, diatermi, biopsering, polypektomiteknikker inkl. EMR, kromoendoskopi (Indigocarmid og virtuell kromoskopi ved NBI) og bruk av klips.

Pusteprøve:
Du får innføring i teorien bak undersøkinga, både indikasjonar, kontraindikasjonar og korleis tolke resultatet. Du deltek deretter i praktisk gjennomføring.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar som LIS hos oss, og ikkje har noko erfaring frå før, vil du oftast starte med generell rotasjon for å dekke læringsmål i del 2 felles indremedisin før du etter kvart blir meir stasjonert hos oss. Dette er likevel fleksibelt og kan bli annleis.

Avdelinga har eige opplæringsopplegg for nytilsette der du både blir kjent med avdelinga, seksjonen og våre rutiner. Du får og opplæring i dataprogram og IT-verktøy for prosedyrer. Du får følgevakter før du starter i sjølvstendige vakter. Når desse kjem er avhengig av di tidlegare erfaring.

Du får og tildelt rettleiar når du startar.

Når du etter kvart kjem til oss vil vi tidleg starte med praktiske prosedyrer og poliklinisk arbeid under tett opplæring og supervisjon, og arbeidsoppgåvene blir tilpassa den faglege kompetansen din.

Internundervisning og kurs

Det er felles internundervisning ved avdelinga tilsvarande 100 minutt kvar veke. Her vekslar det mellom alle legane ved avdelinga å halde innlegg. Internundervisning i fordøyelsessjukdommar skjer som fellesundervisning med Ålesund via Skype. Det er sett opp ein undervisningsplan for å dekke alle sentrale område i faget. Ein gong kvar månad er det felles internundervisning for heile sjukehuset.

Simulering og ferdighetstrening

Ingen av sjukehusa våre har utstyr for simulatortrening. Vi vil derimot legge til rette for du som LIS får reise på simulatorkurs så tidleg som mogleg etter oppstart. Avdelinga har elles regelmessig trening av MET-team, AHLR-trening og praktisk øving i bruk av utstyr relevant for vaktarbeid. Som LIS hos oss får du raskt mengdetrening i dei vanlege prosedyrene våre under tett supervisjon frå spesialist.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ein liten seksjon og vi jobbar alle tett ilag. Det er dermed god tilgang på formell og uformell kontakt med spesialist for oppfølging. Som LIS hos oss vil du ha arbeidsoppgåver både på sengepost og poliklinikk. Previsitt skjer i lag med overlege, visitt av og til under supervisjon. Det er alltid overlege tilgjengelig for råd og hjelp i løpet av dagen. I tillegg til endoskopisk poliklinikk vil du også ha konsultasjonspoliklinikk, 2 – 4 timer kvar andre veke med supervisjon frå overlege.

Den praktiske prosedyrerelaterte undervisninga skjer dagleg, alt etter korleis arbeidssituasjonen tillet det. Du bør derfor fortløpande registrere prosedyrene dine i Kompetanseportalen.

Du får tildelt rettleiar når du startar som er spesialist i fordøyelsessjukdommar. Det blir satt av tid kvar månad til formell rettleiing, men det er lett tilgang på samtaler utanfor dette tidspunktet. Ved rettleiing vil mellom anna fagleg utvikling og progresjon i forhold til læringsmåla bli diskutert.

Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke i arbeidsplanen.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det gastroenterologiske miljøet i foretaket har i dag 1 spesialist med doktorgrad som er tilsett i post-doc stilling i Ålesund. Han er og leiar for forskingsposten på Ålesund sjukehus. Elles har vi 1 spesialist i Molde og 1 spesialist i Ålesund som begge er i PhD-løp. Det er gode moglegheiter for deltaking i forskingsprosjekt ved alle sjukehusa og også høve til å hospitere ved forskingsposten i kortare perioder.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Avdelinga har eit utdanningsutval som utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlegen som er leiar av utdanningsutvalet. Dette utvalet planlegg internundevisninga på avdelinga, lagar opplæringsopplegg for nye LIS-legar og passar på at alle får rettleiar ved oppstart. Hvert sykehus har utdanningsutvalg i indremedisin, vanligvis en overlege og en LIS.

Vi har ikkje hatt tradisjon for eige utdanningsutval i fordøyelsessjukdommar, men vi arbeider for å etablere eit eige utdanningstuval på tvers av sjukehusa.

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege Øystein Hovlid, tlf 70 10 50 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?