Spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering

Offentleg utdanningsplan

Fysikalsk medisin og rehabilitering omfattar diagnostikk, behandling og rehabilitering av personar som grunna sjukdom og skade i bevegapparatet eller andre medisinske tilstandar har, eller står i fare for å få, langvarig funksjonshemming. Det er mange ulike diagnosegrupper som fell innanfor vårt fagfelt. Sjukdommar og skader i muskel-/skjelettsystemet, amputasjonar, traumer, sjukdommar knytt til det sentrale og perifere nervesystemet og sirkulasjonssystemet, samt følgetilstandar etter kreftsjukdom.
Illustrasjon rehabilitering

I fysikalsk medisin og rehabilitering diagnostiser vi ulike sjukdommer og tilstandar, og behandlinga som gjennomførast baserer seg på tverrfagleg arbeid. Som lege arbeider du i tverrfagleg team saman med andre faggrupper som fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, nevropsykolog, logoped og andre. Du vil kunne utvikle gode evner til samarbeid og kommunikasjon.

Spesialiteten fysikalsk medisin og rehabilitering er hos oss organisert i Klinikk for medisin og rehabilitering, deretter i avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, revmatologi og hud. Fysikalsk medisin og rehabilitering har fire seksjonar. I Ålesund er det felles sengepost for rehabilitering og revmatologi, samt poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi. I Volda har vi Mork rehabiliteringssenter, med på Aure på Nordmøre har vi Aure rehabiliteringssenter. LIS-utdanninga foregår i all hovudsak i Ålesund, men det er og lagt til rette for noko utdanning ved Mork rehabiliteringssenter.


​Spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering ved Volda sjukehus

Spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.