Spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus

​Om avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Ålesund

I Ålesund er vi 4 overlegar og 3 LIS-legar som er fordelt på sengepost og poliklinikk. Som LIS vil du rotere mellom sengepost og poliklinikk. Vi har beredskapsvakt for våre innlagde pasientar fram til kl 21 på kvardagar og frå 8-14 i helgane. Denne ordninga deltar alle legane i, men når det er LIS som har vakt vil ein av overlegane vere satt opp som bakvakt.

Sengeposten deler lokale med revmatologisk sengepost og våre senger utgjer 14 stk. Her gir vi rehabiliteringstilbod til ulike diagnosegrupper der hovudgruppene er pasientar med ervera hjerneskade, subakutte og kroniske nevrologiske skader/sjukdommar, multitraumepasientar og underekstremitetsamputerte. Vi har inndelt sengeposten i to team som kvar har ein overlege og ein LIS. Som LIS vil du rotere mellom dei to ulike teama.

Poliklinikken tek seg av diagnostisering og konservativ behandling av sakder og sjukdommar i muskel-/skjelettsystemet. Poliklinikken har og tilbod innan arbeidsretta rehabilitering. Det er to overlegar og ein LIS-lege på poliklinikken. Som LIS vil du rotere til poliklinikken. 

Om utdanningsløpet

Hovuddelen av utdanninga skjer ved Ålesund sjukehus, både på sengeposten og poliklinikken.

Som LIS-lege skal du vere minst 1 år på poliklinikken. Der vil du kunne oppnå læringsmål innan tema bevegapparatet, smerte, fysisk aktivitet, nervesystemet med fleire.

På sengeposten er du minst 6 månader på kvart av teama. Der vil du kunne oppnå læringsmål innan rehabiliteringsledelse, metode for utredning og rehabilitering ved ulike problemstillingar, rehabilitering ved dei ulike diagnosegruppene med fleire.
 
Det kan og vere naudsynt med korte hospiteringar til dømes med revmatologane eller ved ortopedisk avdeling for å oppnå nokre læringsmål. I kva utstrekning dette er naudsynt vil vere avhengig av di tidlegare arbeidserfaring. Dette må vi derfor tilpasse individuelt.

Du vil kunne få oppfylt dei fleste læringsmåla for spesialiteten i Ålesund, men det er og behov for 6 månaders spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å oppnå læringsmål knytt til rehabilitering av pasientar med erverva hjerneskade og spinalskade. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim for slik teneste. Til tross for dette reknar vi med at du i løpet av 5 års teneste totalt skal vere ferdig med spesialiteten din. 

Introduksjon av nye LIS

Som ny LIS får du opplæring av ansvarleg overlege på poliklinikken eller sengeposten. Du vil etter kvart delta i tverrfaglege team og gjere fleire oppgåver sjølvstendig. Det er laga skriftleg informasjon til nye tilsette, samt interne informasjonsskriv og prosedyrer som du får når du startar. Du vil og få informasjon om og opplæring i våre eigne pasientforløp.

Internundervisning og kurs

Vi har sett av tid til to undervisningstimer kvar torsdag utanom ferieveker. Tema for internundervisninga baserer seg på læringsmål og sentrale tema innan spesialiteten. Det er obligatorisk å delta på denne undervisninga for alle legar når vi er på jobb. Callingen kan du gi til ein overlege under undervisninga. Både LIS og overlegar bidreg med innlegg til internundervisninga. Det vil kome på plass ein langtidsplan for teoriundervisning som skal sikre strukturert og planmessig gjennomgang av dei sentrale emna i faget over ei periode på 2-3 år.

Det er organisert nasjonal fjernundervisning 10 gonger i året som videoundervisning via Norsk Helsenett. Denne skal og LIS hos oss delta på.
Som LIS-lege er det fleire nasjonale kurs det er nødvendig at du deltar på for å få spesialiteten din. Du får fri til å delta på to nasjonale kurs pr år. I tillegg oppfordrer vi til at du deltek på kurs internt på sjukehuset/i foretaket. 

Simulering og ferdighetstrening

I samband med internundervisning blir det lagt til rette for praktisk ferdighetstrening på kvarandre, med gjennomgang av undersøkelsesteknikk og injeksjonsteknikk. Det er elles gode moglegheiter for at du er saman med overlege eller meir erfaren LIS ved undersøking av pasientar både på sengeposten og poliklinikken.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ei lita og oversiktleg eining der vi alle raskt blir kjent med kvarandre. Det er både tradisjon og lav terskel for å drøfte problemstillingar internt og spørre kvarandre om råde. Supervisjon til deg som LIS blir gitt i direkte tilknytning til arbeids- eller læringsoppgåver både i sengeposten og poliklinikken. 

Du får tildelt rettleiar når du startar, og saman med din rettleiar lagar dokke din individuelle utdanningsplan. Det vil framgå faste tidspunkt for samtale med rettleiar på arbeidsplanen din, og dette skal vere minst ein gong pr månad. I tillegg til faste tidspunkt for rettleiing, vil det vere god tilgang på både uformell og formell kontakt med rettleiar etter behov. Rettleiar deltek i vurderinga om du oppfyller dei ulike læringsmåla.

Det blir sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Som LIS-lege vil du få høve til å delta i aktuelle forskingsprosjekt på avdelinga eller i forskingsprosjekt som utgår frå andre avdelingar, eventuelt ved anna sjukehus som til dømes St. Olavs Hospital i Trondheim. Vi har ein pensjonert spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering med PhD som fortsatt bidreg med å gi rettleiing i forskingsprosjekt. Elles vil du som LIS-lege bli oppfordra til å delta på interne kurs på sjukehuset om forsking, og tema innan internundervisning omhandlar og forskingsmetodikk. 

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Alle legane hos oss er medlem i utdanningsutvalet, som blir leia av ein overlege. Det er møter 1-2 gongar pr halvår og då samlast alle legane i Ålesund.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som ivaretar interessene dine på best mogleg måte. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Steinar Gjærde, avdelingssjef.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?