Spesialisering i gastroenterologisk kirurgi ved Volda sjukehus

Om gastrokirurgisk utdanning, kirurgisk avdeling Volda

Kirurgisk avdeling er ei felles kirurgisk/ortopedisk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi merkar og eit visst tilsig av pasientar frå Nordfjordregionen og er næraste sjukehuset for om lag 75 000 pasientar. Sjølv om det er ei felles avdeling med ortopedane, er aktivitet og arbeid atskilt for legane. Vi har blautkirurgisk behandlingstilbod innan generell kirurgi, gastrokirurgi og urologi. Vi har 18 blautkirurgiske senger ved avdelinga for både akutte og elektive innleggingar. Vi er no fem overlegar ved avdelinga, den eine er urolog og resten er gastrokirurgar og generellkirurgar. Det er 3 LIS-legar hos oss. I vaktsamanheng er det felles sekundærvaktlag med LIS-legar i ortopedi slik at som LIS-lege hos oss går du i 6-delt vaktordning der du dekker både blautkirurgi og ortopedi, men med både blautkirurgisk og ortopedisk bakvakt. Vaktsystemet for både LIS-legar og overlegar er basert på heimevakt. Primærvakt dekkast av LIS1-legar.

Som LIS 2/3 hjå oss får du stort volum for basale kirurgiske ferdigheiter, og vi forventar rask progresjon. Vi er ein viktig operasjonsmotor i foretaket, og du blir tidleg inkludert i dette. Du får også erfaring med høgspesialiserte kirurgiske prosedyrer etterkvart, og m.a. får du moglegheit til å fullføre alle gastro- og koloskopiar. Vi driv eit aktivt traumearbeid etter nasjonal traumeplan, og LIS tek del i  praktisk øving med kasuistikk ein gong i månaden. På sjukehuset nyt vi godt av småsjukehusfordelane ifa korte avstandar og eit tett lege- og sjukepleiemiljø. Det fører til at samarbeidet er godt og drifta blir effektiv. 

Ved vår kirurgiske avdeling jobbar LIS-legar og overlegar tett ilag med kvarandre, med ein lett tone og mykje rom for diskusjonar, og der fagleg fokus står i sentrum. Vi er kjent for å rekruttere godt, og vi vel å tru at det er grunna godt arbeidsmiljø, høg fagleg kvalitet og stort fokus på å gi god utdanning. Det er eit stort tilbod av fritidsaktivitetar her og som tilsett LIS-lege hos oss blir du inkludert også i den delen av legelivet i Volda. Vi vil veldig gjerne ha deg som vår nye LIS-lege!

Vi var nyleg omtala i «Kirurgen», og i vedlagte lenke kan du lese om oss. Vi gjengir denne artikkelen etter tillatelse frå redaktør av «Kirurgen».

Om utdanningsløpet

Avdelinga vår er ein ypperleg arena for ei brei, generellkirurgisk erfaring, men du får også erfaring med høgspesialiserte gastrokirurgiske prosedyrer. Når du startar hos oss vil du vanlegvis, med avhengig av tidlegare arbeidserfaring, starte med generell rotasjon for å kunne oppfylle læringsmåla knytt til del 2 felles kirurgi og vi estimerer at du treng om lag 2 år på å oppfylle desse læringsmåla. Dei fleste kan du gjere ved alle sjukehusa, men fordi vi har noko funksjonsdeling og det er litt variasjon i behandlingstilbodet ved dei ulike sjukehusa kan du trenge nokre hospiteringsdagar ved eit av dei andre sjukehusa. Etter kvart som du får meir erfaring og aukar kompetansen din, blir du og meir knytt til vår seksjon og får tilpassa oppgåver ut i frå din kompetanse og ferdigheter. For å kunne få oppfylt dei læringsmåla vi tilbyr både for del 2 felles kirurgi og del 3 gastrokirurgi vil du trenge minst 3 år ved vår seksjon. Du må i tillegg pårekne ei periode på 6-12 månader i Ålesund for å oppfylle læringsmåla vi ikkje tilbyr før du er klar for teneste ved universitetssjukehus.

Det er behov for 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste. I løpet av denne tenesta skal du mellom anna ha teneste for å oppfylle læringsmål som mellom anna omhandlar lever- og pancreaskirurgi, avansert traumatologi, kreftsjukdom i øvre GI-tractus og simulatortrening.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss blir du tatt godt imot og introdusert i avdelinga! Du får omvisning og nødvendig opplæring i rutiner, prosedyrer og dataprogram du skal bruke. Deretter blir du raskt sett i arbeid der overlege alltid er tilgjengelig for spørsmål. Du får og opplæring i vaktarbeid før du startar sjølvstendige vakter, også nødvendig opplæring i ortopediske prosedyrer nødvendig for vaktarbeid.

Internundervisning og kurs

Internundervisninga er tilpassa læringsmåla og vi følgjer eit undervisningsopplegg over om lag 2 år. Det blir satt opp undervisningslister for haust- og vårhalvår. Både overlegar, LIS-legar held undervisning. Det er 3 faste undervisningsdagar på 45 minutt kvar veke. Ein gong kvar månad er det felles internundervisning for heile sjukehuset.

Det prioriterast at LIS skal få delta på nødvendige kurs så langt mogleg.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har simulering med traumeteamet første fredag kvar månad. Katastrofeøving i foretaket rullerer mellom dei fire sjukehusa, altså kvart 4. år på dei ulike sjukehusa. Her deltek m.a. alle tilknytta kirurgisk avdeling.

Ved avdelinga har vi D-box og det er høve til dagleg trening på denne. Du får og tilbod om å vere med i strukturert utdanningsprogram på D-box.

I heile foretaket arbeider vi med å strukturere inngrep og utstyr. Mellom anna vil vi definere kvart inngrep som ein serie av etappar, der du kan gjere ulike etappar av eit inngrep ut i frå erfaring og kompetanse. Dette trur vi gir betre og raskare operasjonstrening.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og alle jobbar tett i lag. Det er kort veg for å be om hjelp når ein treng det. Vi har kontinuerlig, tett kontakt i klinisk arbeid kvar dag. På sengepost er det supervisjon med overlege, og på poliklinikken god tilgang på spesialist ved behov. Nye prosedyrer gjer du ilag med spesialist dei første gongane. På operasjonsstova opererer du alltid ilag med overlege til du er sjølvstendig, og du skal alltid avklare inngrep med overlege etter kvart som du blir meir sjølvstendig. Du tildelast rettleiar når du starter og vi tilstreber at du beheld same rettleiar så lenge du er her. Det er tett og dagleg kontakt mellom deg og rettleiar og lav terskel for både formelle og uformelle samtalar ved behov. Saman med rettleiar skal du og oppdatere utdanningsplanen din.

Vi prøver å legge til rette for at våre LIS-legar kan delta i alle tilgjengelege faglege møter. Det er sett av tid til fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er ingen legar i avdelinga med PhD-grad. Foretaket har ei forskingsavdeling i Ålesund og vi bruker denne ved behov. Det er god tilgang på elektroniske tidsskrift i foretaket. Vi har ikkje noko pågåande forskingsprosjekt i avdelinga nok. LIS-legar hos oss blir oppmoda til å drive enkle registreringsarbeid, skrive artiklar og ha innlegg på kirurgisk haustmøte.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningutvalet ved avdelinga er sett saman av 2 overlegar (ein generell/ gastrokirurg og ein ortoped) og 2 LIS-legar (ein i blautdelskirurgi og ein i ortopedi). LIS-legar er involvert i organisering og forbetring av LIS- utdanninga gjennom arbeidsgrupper og vil i framtida vere involvert gjennom revisjonsarbeid, der tilbakemeldingar frå LIS-legane vil bety mykje

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Jon Hjorthaug, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?