Spesialisering i generell indremedisin ved Volda sjukehus

Om medisinsk avdeling i Volda

Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin og endokrinologi. Vi har og tilsett ein hematolog som er ferdig med si spesialisering i 2020. Avdelinga har til saman 30 senger og er inndelt i einingar etter fagfelt, men det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi no 7 overlegar og 9 LIS-legar. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS går døgnvakt med heimevaktordning og fri etter vakt. Overlegane dekke bakvaktsjiktet og har og heimevaktordning. Primærvakt dekkast av LIS1-legar.

I og med organiseringa vår får du ei svært brei erfaring med i praksis heile fagfeltet indremedisin under heile spesialiseringa, frå akutte indremedisinske problemstillingar (som apoplexia cerebri og STEMI) til palliative pasientar.

Om utdanningsløpet

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir krevande oppgåver slik at du også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. Vi reknar med at du treng om lag 2 år på å få oppfylt alle læringsmåla i del 3. Sidan vi manglar spesialistar i nokre fagområder, og også har litt lite volum av enkelte diagnosegrupper, vil du trenge 1,5 år teneste ved sjukehuset i Ålesund for å få oppfylt alle læringsmåla i spesialiteten.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss får du introduksjonskurs og opplæringsperiode med fokus på rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og dataprogram før du startar i sjølvstendig vakt. Du får og tilbod om basale kurs innanfor ultralyd og enkel ultralyd cor på vakt.

Internundervisning og kurs

Den teoretiske undervisninga skjer i samband med morgonmøtet og utgjer 100 minutt i veka. I tillegg har dei ulike fagområda eigen undervisning med andre sjukehus i foretaket eller webbasert regionalt eller nasjonalt. Kvart halvår set vi av tid til gjennomgang av viktige vaktprosedyrer og medisinsk-teknisk utstyr. Over ei periode på tre år blir alle større fagfelt innanfor indremedisin dekt.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Kvar andre månad er trening i MET-team og slagteam. Vi har årleg AHLR-trening. Kvart halvår er det kurs i praktisk ultralyd på vakt (kardiologi, gastro, lunge).

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.

Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Rettleiing og fagleg utviklig:
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing kvar månad. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er ingen med PhD-grad på avdelinga. Vi har heller ingen eigne aktive forskingsprosjekt. Det er eiga forskingsavdeling i Ålesund som vi nyttar etter behov.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Frode Aasen, overlege lunge og indremedisin. Leiar av utdanningsutvalet.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.