Spesialisering i geriatri ved Ålesund sjukehus

Om geriatrisk seksjon, medisinsk avdeling Ålesund

Seksjon for slag og alderdomssjukdommar (geriatri) består av ein sengepost med 18 senger, som skal auke til 22 senger i løpet av 2019 i samband med oppretting av ortogeriatri, og er den største seksjonen i avdelinga. Seksjonen er delt opp i ei slageining og ei geriatrisk eining. Det er konkrete planar om oppretting av ei ortogeriatrisk eining og ombygginga har planlagd oppstart hausten 2019. I 2018 var det knapt 1500 innlagde pasientar hos oss og vi hadde om lag 800 polikliniske pasientar.

Ved sengeposten får vi innlagt ei brei og uselektert pasientgruppe, også generell indremedisin. Vi er i dag 3 overlegar tilknytt seksjonen, men det er planlagt ei auking til 4 eller 5 overlegar. Vi har og til ei kvar tid til saman 2-3 LIS i generell rotasjon og i spesialisering til geriatri. Det er forventa at antalet aukar når vi starter med ortogeriatri. I tillegg har vi tid til anna og LIS 1 på seksjonen.

Overlegane har ein fast dag til poliklinikk kvar veke, medan LIS-legane våre har ein fast ettermiddag kvar veke med poliklinikk der ein får slagkontrollar samt kognitiv utgreiing og kontroll. Elles består arbeidet hos oss av sengepostarbeid. Både LIS-legane og overlegane deltek i avdelinga si generelle indremedisinske vaktordning. LIS går 14-delt vakt med vaktdøgnet delt i to. Frå medio juni 2019 er det to LIS tilstade ettermiddag/tidleg kveld. Dagvakta har arbeidstid til kl 20 på kvardagar og 19 i helgene. Nattevakta startar kl 15 på kvardagar og kl 18 i helgene. Det er ikkje seksjonert bakvakt hos oss, men overlegane har ei beredskapsordning innan eige fagfelt.

Om utdanningsløpet

Hos oss blir du tilsett i medisinsk avdeling og får rotere mellom dei ulike seksjonane slik at læringsmåla knytt til del 2 felles indremedisin kan oppfyllast. Det er eit stort volum av  pasientar og god bredde slik at du får god erfaring med dei fleste pasientgruppene. Kvart halvår roterer alle LIS-legane mellom seksjonane og ein har dermed minimum 6 måneder samanhengande på kvar seksjon. Når du roterer til vår seksjon for spesialisering i geriatri vil alle læringsmåla kunne oppfyllast ved teneste hos oss, forutan læringsmål innan endovaskulær behandling ved hjerneslag. Vi meiner og at nokre læringsmål knytt til geriatriske problemstillingar blir best oppfylt med noko teneste sentralt for å få eit noko større volum og perspektiv frå ei større avdeling.

Det er derfor behov for totalt 6 vekers hospiteringsteneste ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim om slik teneste. Du vil då  ha 3 veker med slagbehandling og 3 veker med geriatri ved universitetssjukehus.

Introduksjon av nye LIS

LIS som startar ved Medisinsk avdeling følgjer opplæringsprogrammet for avdelinga. Dette skal bidra til å gjere deg kjent på sjukehuset, med avdelinga og med våre rutiner. Ved behov får du og nødvendig dataopplæring. Før du startar med sjølvstendige vakter får du opplæringsvakter både på dagtid og natt. Mengda vakter vert tilpassa ditt tidlegere erfaringsnivå. Opplæring i rutiner ved seksjonen skjer ved supervisjon og skriftlege prosedyrer.

Internundervisning og kurs

Vi har utarbeida ei rotasjonsliste over geriatriske tema som skal dekkast av undervisning. Temaene blir fordelt til LIS-legar og overlegar ved seksjonen. Du vil fortrinnsvis få sentrale kliniske emner for å få relevant fordjuping. Kvar veke har vi ved seksjonen enten intern undervisning eller nasjonalt opplegg (GerIT). Kvar veke har vi og artikkelgjennomgang. Det er felles internundervisning på avdelinga 4 dagar pr veke i samband med morgonmøtet der vi og deltek, og der geriatriske emner blir gjennomgått. Ein dag kvar måned er det felles internundervisning for heile skukehuset.

Du vil få fri til to nasjonalt anbefalte kurs per år, dette kan fravikast etter individuell vurdering ved spesielle kurs.

Mykje av dei kliniske ferdighetene får du i det praktiske arbeidet. Vi har ei dukke for å øve på spinalpunksjon. Vi gjer også eit stort antall spinalpunksjonar, samt ultralyd halskar/transkraniell doppler ved seksjonen, og det der gode moglegheiter for opplæring i begge. Seksjonens overleger har beredskap ved trombolysebehandling av hjerneinfarkt og du kan følge med ved desse vurderingane for å få trening.

Når du går vakt ved medisinsk avdeling er du ein del av mellom anna hjertestansteam og MET-team. Det er regelmessig simulering med MET-team og årleg simulering/trening med hjertestansteamet. Det er og årleg trening i bruk av medisinsk-teknisk utstyr for heile avdelinga.

Simulering og ferdighetstrening

Mykje av dei kliniske ferdighetene får du i det praktiske arbeidet. Vi har ei dukke for å øve på spinalpunksjon. Vi gjer også eit stort antall spinalpunksjonar, samt ultralyd halskar/transkraniell doppler ved seksjonen, og det der gode moglegheiter for opplæring i begge. Seksjonens overleger har beredskap ved trombolysebehandling av hjerneinfarkt og du kan følge med ved desse vurderingane for å få trening.

Når du går vakt ved medisinsk avdeling er du ein del av mellom anna hjertestansteam og MET-team. Det er regelmessig simulering med MET-team og årleg simulering/trening med hjertestansteamet. Det er og årleg trening i bruk av medisinsk-teknisk utstyr for heile avdelinga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er eit lite og oversiktelig miljø, arbeider tett saman og blir godt kjent med kvarandre. Det er dermed god tilgang på formelle og uformelle samtaler med både supervisører og rettleiar etter behov.

Ved seksjonen har vi eit tett samarbeid i eit godt fungerende tverrfagleg team som utgjerast av av overlege og/eller LIS-lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped og klinisk farmasøyt. Det er previsitt med overlege kvar dag, samt felles visitt til alle nye pasientar og andre utvalde kvar dag. Utover dette er overlegen lett tilgjengeleg for spørsmål og konferering gjennom dagen. Midt på dagen har vi felles møte på avdelinga for å gå gjennom dei innlagde og oppklare eventuelle spørsmål etter visittrunden. Når du har poliklinikk er det og god tilgang på hjelp og råd frå spesialist.

Seksjonen har eit etablert samarbeid om utredning, undersøking og opplæring i ultralyddiagnostikk av pre- og cerebrale kar som du vil få vere ein del av.

I vaktsamanheng er det god tilgang på hjelp og råd frå bakvakt når du treng det.
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, som er spesialist i geriatri. Det er sett av tid fast kvar måned til rettleiing. I tillegg er det kort veg for å ta kontakt med rettleiar utanom oppsette møtetider. Den daglege supervisjonen av arbeidet ved sengepost og poliklinikk er ein viktig del av bakgrunnen for evaluering og tilbakemeldingar i rettleiingssamtalen. Elles vil rettleiinga handle om faglig progresjon, vidare planar for utdanning, hendingar/opplevelsar i arbeidskvardagen i forhold til pasientbehandling og rolle som lege.

Seksjonensoverlegen hos oss er og leiar av spesialitetskomiteen i geriatri og det er derfor naturleg fokus på å sikre oppfølgning og faglig progresjon av våre LIS-legar.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Seksjonen har ingen legar med PhD, men medisinsk avdeling har 5 legar med PhD. Vi deltek i multisenterstudier og har vore aktivt med i styringa av fleire multisenterstudier på hjerneslag og kognitiv svikt. Foretaket har ei eiga forskingsavdeling der du kan få hjelp og rettleiing dersom du ønsker å jobbe med eit stort eller lite prosjekt.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet ved seksjonen består av seksjonsoverlege og LIS i spesialisering til geriatri. Det blir utarbeida ein undervisningsplan kvart halvår. Andre forhold som handlar om utdanninga blir tatt fortløpande.

Medisinsk avdeling har og eit utdanningsutval som utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Utdanningsutvalet planlegger mellom anna felles internundervising for heile avdelinga. I tillegg har dei ansvar for opplæringsprogram for nye LIS, tildeling av rettleiar ved oppstart og den kontinuerlige forbetringa av LIS-utdanninga ved avdelinga.

Tillitsvalde

Medisinsk avdeling har eigen YLF-tillitsvalgt som arbeider for å ivareta interessene til LIS-legane. Tillitsvalt deltek og i felles samarbeidsråd ved avdelinga. Det er lav terskel for kontakt med tillitsvalt for små og store spørmål. Det er elles eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Seksjonsoverlege Yngve Seljeseth, tlf 70 10 65 60
 

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.