Spesialisering i geriatri ved Kristiansund sjukehus

Om geriatrisk utdanning, medisinsk avdeling Kristiansund

Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 60 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 8 LIS-legar og 7 overlegar. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, hematologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning med heimevaktordning både for LIS- og overlegar. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar.

Ved sengeposten får vi innlagt ei brei og uselektert pasientgruppe. Vi er i dag ein spesialist i geriatri ved avdelinga, og det er og ein LIS-lege i geriatri. Vi har både senger i avdelinga og poliklinisk tilbod til våre pasientar.

Om utdanningsløpet

Hos oss blir du tilsett i medisinsk avdeling og går mellom dei ulike fagområda slik at læringsmåla knytt til del 2 felles indremedisin kan oppfyllast. Du får oppfylt mange av læringsmåla dine i geriatri også hos oss, men du treng og teneste ved større sjukehusavdeling. Dette vil enten vere 12 månader ved St. Olavs Hospital i Trondheim, eller 12 månader ved seksjon for slag og alderdomssjukdommar i Ålesund og 6 veker hospitering ved St. Olavs Hospital. Du kan velje kva for ei løysing du vil ha.

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar. Du får og opplæring i vaktarbeid før du blir sett i sjølvstendig vakt.

Internundervisning og kurs

Den teoretiske undervisninga skjer i samband med morgonmøtet og utgjer 90 minutt i veka. I tillegg har vi eigen seksjonsundervisning og det er og mogleg å følgje nasjonal nettbasert undervisning (GerIT).

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Mykje av dei kliniske ferdighetene får du i det praktiske arbeidet. Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er eit lite og oversiktelig miljø, arbeider tett saman og blir godt kjent med kvarandre. Det er dermed god tilgang på formelle og uformelle samtaler med både supervisører og rettleiar etter behov. I vaktsamanheng er det god tilgang på hjelp og råd frå bakvakt når du treng det. Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, som er spesialist i geriatri. Det er sett av tid fast kvar måned til rettleiing. I tillegg er det kort veg for å ta kontakt med rettleiar utanom oppsette møtetider.

Den daglege supervisjonen av arbeidet ved sengepost og poliklinikk er ein viktig del av bakgrunnen for evaluering og tilbakemeldingar i rettleiingssamtalen. Elles vil rettleiinga handle om faglig progresjon, vidare planar for utdanning, hendingar/opplevelsar i arbeidskvardagen i forhold til pasientbehandling og rolle som lege.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er ingen med PhD-grad på avdelinga. Vi har heller ingen eigne aktive forskingsprosjekt. Det er eiga forskingsavdeling i Ålesund som vi nyttar etter behov.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege i geriatri Monica Ødegård, tlf 71 12 00 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.