Spesialisering i hjartesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Om hjartemedisinsk utdanning, medisinsk avdeling Kristiansund

Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 60 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 8 LIS-legar og 7 overlegar. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, hematologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning med heimevaktordning både for LIS- og overlegar. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar.

I og med organiseringa vår får du ei svært brei erfaring med i praksis heile fagfeltet indremedisin under heile spesialiseringa, frå akutte indremedisinske problemstillingar (som apoplexia cerebri og STEMI) til palliative pasientar. Medisinsk sekundærvakt tolkar også prehospitale EKG.

Vi er ikkje ein eigen kardiologisk seksjon, men vi er ei lita eining i avdelinga som i desse dagar utvidast til å bli 1,5 spesialistar. Vi har og om lag 1-2 LIS-legar tilknytt oss til ei kvar tid. Vi har ei eiga «gruppe» på sengeposten med dedikerte hjertesenger. På poliklinikken er det høg aktivitet med stor tilgang på kvardagskardiologi.

Om utdanningsløpet

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du og meir krevande oppgåver og blir og meir tilknytt det kardiologiske faget.

Kardiologi har prosedyrekrav og i foretaket har vi bestemt av vi skal bruke loggbok for LIS i kardiologi for å følge med på utdanninga, i tillegg til at det sjølvsagt skal dokumenterast i kompetanseportalen. I tillegg til prosedyrer og klinisk teneste under supervisjon, baserer utdanninga seg på kurs, ferdighetstrening og supervisjon. Tida du bruker for å oppfylle alle læringsmåla innan kardiologi vil vere individuelt og det er ikkje mogleg å fastslå på førehand kor lang tid dette tar. Tida vil avhenge av individuelle ferdigheter og moglegheiter for ferdighetstrening ut fra pasient- og prosedyrevolum. Dei største læringsmåla i kardiologi har ei lang læringskurve og opplæringa skjer gradvis gjennom heile spesialiseringa – frå å stille indikasjon og bruk, til endelig sjølvstendig utføing av til dømes ultralyd av hjertet. Ferdighetstrening skjer i tilpassa rekkefølge for den enkelte i si spesialisering i samråd med rettleiar og superviserande kardiologar.

Vi estimerer at du vil trenge om lag 4-5 år kardiologisk teneste hos oss for å få oppfylt dei læringsmål vi kan tilby. Enkelte læringsmål kan du og oppnå ved hospiteringsdagar eller avtale om intern rotasjon  til andre sjukehus i foretaket dersom du ønsker det. Det gjeld i hovudsak for læringsmål som er knytt til delane av kardiologien som er funksjonsdelt i foretaket. Du vil likevel kunne oppnå alle læringsmåla  ved rotasjon til universitetssjukehus. Intern rotasjon er derfor ikkje eit krav, men eit tilbod. Kva som passar best for deg, blir avtalt med deg. Spesialiseringsperiode er avtalt til 24 månader, og vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste. Du skal då ha 6 månader invasiv kardiologi, 6 månader ved ekkolab, 6 månader ved rytmeseksjon og 6 månader ved hjertemedisinsk overvåking. 

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar. Du får og opplæring i vaktarbeid før du blir sett i sjølvstendig vakt.

Internundervisning og kurs

All undervisning skjer i veker utan ferieavvikling. Om sommaren og i samband med jule- og påskeferie er det ikkje planlagt undervisning.

Internundervisning skjer i samband med morgonmøtet 3 dagar i veka og utgjer 90 minutt. Det vekslar mellom alle legane ved avdelinga å halde innlegg her.

Den kardiologiske undervisninga er fordelt etter tema slik at læringsmåla for spesialiteten blir dekt i løpet av omtrent 2 år. Endringar blir gjort ved behov ved nyhende og etter vårt eige særlege behov. Vi skal delta i kardiologisk undervisning på skype/video med andre sjukehus i foretaket 45 minutt kvar veke. Det er og høve til å delta på videooverført ekkomøte frå St. Olavs Hospital 30 minutt kvar veke.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR. Elles er det mykje god læring i mykje pasientkontakt, og det får du hos oss. Du øver opp ferdigheter med deltaking i det kardiologiske arbeidet ved avdelinga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ei lita og oversiktleg eining der vi arbeider tett ilag og det er kort veg for å rådføre seg med spesialist når du treng det. Previsitt og visitt er med supervisjon av kardiolog. Alltid tilgang på spesialist for konferering og råd i klinisk arbeid og/eller ferdighetstrening i kardiologiske prosedyrer. Supervisjon ved rettleiar/superviserande kardiolog ved opplæring i prosedyrer skjer ad hoc i sengepost og poliklinikk.

Du får tildelt rettleiar når du startar i avdelinga. Det er sett av tid til faste månadlege møter, men god tilgang på samtalar utanom desse faste møtetidspunkta. Ved rettleiing blir det mellom anna systematisk gjennomgang av prosedyrekrav og  læringsmål for kardiologi for å følgje opp progresjon i utdanninga.

Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er ingen med PhD-grad på avdelinga. Vi har heller ingen eigne aktive forskingsprosjekt. Det er eiga forskingsavdeling i Ålesund som vi nyttar etter behov.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Tillitsvalde

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege i kardiologi Arild Dimmen, tlf 71 12 00 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.