Spesialisering i hud og veneriske sykdommer ved Ålesund sjukehus

Om hudavdelinga i Ålesund

Hudpoliklinikken i Helse Møre og Romsdal er ei lita eining med få legar, men vi dekker eit stort fagfelt og har ansvar for alt frå enklare polikliniske kontakter til meir alvorleg hudsjukdom og vurdering av innlagte pasientar ved andre avdelingar. Som LIS hos oss får du dermed tilgang til eit stort spekter av hudsjukdommar og raskt mengdetrening i å vurdere både enklare og meir komplekse sjukdomsbilete.

Hudpoliklinikken har 1 overlege og 1 Lis. Vi dekker primært Sunnmøre og sørligle delar av Romsdal, men for nokre tilstandar har vi heile fylket som opptaksområde. Arbeidet hos oss utgjerast av dagleg poliklinikk, tilsyn av innlagte pasientar ved andre avdelingar, samt svare på spørsmål frå fastlegar og andre legar. Vi behandlar alle typer av hudsjukdommar poliklinisk. Ved behov for kompletterande utredning/behandling, eller inneliggande behandling, samarbeider vi med hudavdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim.

Om utdanningsløpet

Utdanninga skjer ved dagleg klinisk praksis i poliklinikken ved sjukehuset, i tillegg til samarbeidsmøter med avtalespesialistane i fylket. Du får oppfylt mange av læringsmåla hos oss, men det er nødvendig med eit års spesialiseringsperiode for å fullføre dette. Vi har avtale med St. Olavs Hospital om slik teneste. Du vil då vere ved sengeavdelinga, lære meir om venerologi og også lære meir om laserbehandling, grensestrålebehandling og fotoferesebehandling. I tillegg treng du 6 månader teneste ved indremedisinsk avdeling.

Introduksjon av nye LIS

Vi set stor pris på nye kollegaer! Når du startar hos oss møtest du av seksjonsleiar som også viser deg rundt, og du får vårt «velkommenskriv» med informasjon om oss og sjukehuset. Sjukepleiar og sekretær vil lære deg opp i praktiske rutinar og så startar du med pasientar. I starten er det sett av god tid til supervisjon av spesialist slik at du blir raskt meir sjølvstendig i arbeidet.

Internundervisning og kurs

Vi har internundervisning i samband med morgonmøtet tirsdag og etter lunsj på torsdag. Tirsdagar bruker vi en liten halvtime på artikkelgjennomgang. Torsdagar er det tradisjonell internundervisning. Vi samarbeider med St. Olavs Hospital om undervisning via Skype kvar onsdag som varer i 45 minutt. I tillegg deltek vi i felles undervisning med revmatologane.

Som LIS er det fleire kurs du må ta i spesialiteten, og desse får du fri til å dra på, både lokale og nasjonale kurs. Det hender og at det er aktuelt med kurs i Skandinavia eller utlandet elles.

Vi planlegg internundervisninga etter tema slik at alle aktuelle læringsmål vil inngå i internundervisninga.

Onsdag delta via Skype på undervisning ved St. Olavs (45 min)
Torsdag internundervisning rett etter lunsj. Lis-legen selv og spesialist (30 min).
Tirsdag morgen artikkelgjennomgang (15-30 min).
Delta ved revmatologiundervisning (samme seksjon)

Delta også ved revmatologi internundervisning, samt via Skype med hudavd St. Olavs, samt egen undervisning av Lis-legen selv og av spesialist.


Simulering og ferdighetstrening

Det er alltid utstyr og høve til å trene på suturteknikk. Utover dette er det lite simulering og utstyr for anna ferdighetstrening.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

udpoliklinikken er ei lita og oversiktleg eining der LIS og overlege jobbar tett ilag. Du blir raskt involvert i det meste av behandling og det er kort veg for å be om hjelp når du har behov. I starten er det sett av mykje tid til supervisjon for å hjelpe deg godt i gang slik at du kan arbeide meir sjølvstendig med hjelp når du ønsker det.

Rettleing og fagleg utvikling:
Du får oppnemd rettleiar når du starter, som er overlege ved poliklinikken. Dokke jobbar tett ilag og du får mykje tett oppfølging frå rettleiar underveis, både i formelle og uformelle samtalar.

I arbeidsplanen vert det sett av tid til fordjupning tilsvarande 4 timer pr veke. Du deltek og på samarbeidsmøter med dei andre avtalespesialistane og andre spesialister etter behov.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast no av overlege og seksjonsleiar. Utvalet set opp program for internundervisning og planlegg utdanningsløpet til LIS-legen slik at dette blir best mogleg for å lære mest mogleg.

Tillitsvalde

Det er felles YLF-tillistsvalt med revmatologane. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Leder Kristin Grebstad Mørkeseth
Leder seksjon revmatologi og hud

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.