Spesialisering i karkirurgi i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan
I helseforetaket er all karkirurgisk behandling sentralisert til Ålesund, og utdanninga skjer naturleg og her. Vi kan tilby ein god andel av læringsmåla hos oss, men du vil trenge teneste i 18 måneder ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt alle læringsmåla dine.
Illustrasjon av hjerte med omkringliggende blodårer.

Spesialiteten karkirurgi dreier seg om perifer karsjukdom og inngrep som har med blodårer å gjere. Ettersom dette kan gjelde heile kroppen, bortsett frå årer intrathoracalt og intracranialt, blir fagfeltet mykje større enn ein skulle tru. Karkirurgi er eit fagfelt med ei god blanding av kliniske og radiologiske vurderingar, operativ verksemd, oppfølging av ein stor pasientpopulasjon og stadig fleire moglegheiter for radiologisk intervensjon.

Faget er i stor utvikling, og vi inviterer deg til å bli med som lege i spesialisering hos oss. Vi har ansvar for heile Møre og Romsdal som er eit nedslagsfelt på om lag 260 000 innbyggjarar.


​Spesialisering i karkirurgi ved Ålesund sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.