Spesialisering i karkirurgi ved Ålesund sjukehus

Om karkirurgisk seksjon, kirurgisk avdeling Ålesund

Karkirurgisk seksjon er ein del av kirurgisk avdeling. Kirurgisk avdeling i Ålesund er ei seksjonert avdeling med gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, generell kirurgi og bryst-/endokrinkirurgi. Det er to sengepostar og utstrakt poliklinisk og dagkirurgisk aktivitet ved avdelinga. Vi er til saman 10 overlegar og 9 LIS-legar. Det er felles kirurgisk vaktordning for både overlegar og LIS-legar. LIS-legar går i 9-delt vaktordning med tilstadevakt der døgnet er delt i to. Overlegane har heimevaktordning.

Karkirurgisk seksjon har 2 spesialistar og 1-2 LIS-legar tilknytt seksjonen der den eine stillinga er ei vanleg rotasjonsstilling. Kvart år behandler vi om lag 450 innlagde pasientar og har 2500 polikliniske kontakter.

Vi deler sengepost med andre kirurgiske fag, men har 6 dedikerte karkirurgiske senger. Det er fleksibel utnytting av sengene på sengeposten og i perioder har vi derfor fleire innlagde pasientar. Ved sengeposten får vi innlagt både karkirurgiske og generell kirurgiske pasientar, i tillegg til at vi og har thorakskirurgisk kompetanse og følgjer opp pasienter med pneumothoraks og  thoraksskade.

Av operativ verksemd tilbyr vi eit fleirtal av karkirurgiske inngrep til befolkninga i Møre og Romsdal. Dette inkluderer operativ behandling av precerebrale kar, noko thorakal aortapatologi, nokre tilfeller av embolektomi og trombektomi i overekstremiteter og vi anlegg ei stor mengde AV-fistlar. Vi driv og aktiv aortakirurgi med såkalla OVAR (open vascular aortic repair), men har ikkje tilbod om abdominal endovaskulær behandling. Dette er sentralisert til universitetssjukehus. Vi har og ein del aneurismer i distale kar som blir behandla både med open kirurgi og endovaskulært. I underekstremiteter gjer vi alle dei store gruppene av inngrep med trombendartrektomi, femeropopliteal bypass, femerofemoral crossover og aortoiliakal/femoral bypass. Vi gjer og eigne underekstremitetsamputasjonar.

Ved dagkirurgisk eining er det varicekirurgi ein dag kvar veke. Her nyttar vi både tradisjonelle og nyare metoder, som radiofrekvensbehandling. Det er om lag 150-200 slike inngrep kvart år.

Det er ei aktiv intervensjonsradiologisk avdeling ved sjukehuset som bistår ved omtrent alle problemstillingar det litt til rette for å gjere intervensjonsradiologisk. Når dette skjer vil du som LIS for delta som assistent/intervensjonist.

I tillegg vil man ha en del generellkirurgiske problemstillinger på vakt, samt pneumothoraxbehandling (thoraxdren, men også thorakoskopisk bullareseksjon) og decubitusbehandling.

Om utdanningsløpet

Som LIS hos oss får du teneste med rotasjon til alle seksjonar slik at du skal kunne oppfylle alle læringsmål i del 2 felles kirurgi. Du vil i tillegg møte på ein heil del generelle kirurgiske problemstillingar i vaktsamanheng. Ved spesialisering i karkirurgi vil du få mykje av tenesta di ved seksjonen og du vil også få god tilgang på operative prosedyrer. For å dekke læringsmål knytt til intervensjonsradiologi planlegg vi 20 dagar kvart år til hospitering ved radiologisk avdeling på sjukehuset.  Dette inkluderer først og fremst perkutan transluminal angioplastikk, samt stentinnleggingar på perifere kar. Vi har eit flott samarbeid med intervensjonsradiologane, og har jamlege møter med demonstrasjon av pasientar.

Du vil få teneste både ved sengepost med visittgang, ved poliklinikken med gradvis aukande pasientmengde og kompleksitet, dagkirurgien med mindre inngrep og ved hovedoperasjonen der dei større inngrepa skjer.

I tillegg til tenesta du får hos oss vil du trenge 18 måneder ved eit universitetssjukehus for å kunne få oppfylt alle læringsmåla innan karkirurgi. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Som nytilsett LIS får du følgevakter før du starter i sjølvstendig vaktarbeid, som startar tidleg.

Internundervisning og kurs

Vi har lagt opp til to timar internundervisning kvar veke. Halvparten er undervisning ved kirurgisk avdeling og den andre halvparten er seksjonen si eiga internundervisning. Vi har laga ein plan som sikrer at alle sentrale tema blir tatt opp i internundervisninga.

Du får delta på nasjonalt anbefalte kurs nødvendig for å kunne fullføre spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Vi trener traumeteam jamleg ved avdelinga. Vi har og ein D-boks for å øve seg på laparaskopiske ferdigheter.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ei lita eining og jobbar tett saman. Vi blir derfor fort kjent med kvarandre og det er låg terskel for kontakt når det er behov.

Ved visitt er alltid spesialist og LIS saman. På poliklinikken får du raskt dine eigne pasientar som du utreder, følgjer opp og eventuelt behandlar. Det er alltid kort veg for å be om hjelp, og kasuistikkar kan også diskuterast ved radiologisk-karkirurgisk møte. Du får god tilgang til deltaking på operasjonsstua og opererer då alltid ilag med spesialist og får god opplæring etter meister-svenn-prinsippet.

Du får tildelt rettleiar når du kjem til oss, og denne er spesialist i karkirurgi. Det blir sett av ein time kvar måned til rettleiing. Her blir mellom anna utdanningsprogresjon og utdanningsplan gjennomgått.

Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar pr veke i arbeidsplanen.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er ingen aktuell forsking ved seksjonen per no.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelings-, sjukehus og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Jan Andreas Weber-Laumann, tlf 70 10 50 00
 

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?