Spesialisering i kreftsjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan

Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal omfattar sengepost, poliklinikk og stråleterapieining ved Ålesund sjukehus, samt poliklinikkar ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus. Alle sjukehusa har også eit palliativt team knytt til seg, som er kreftavdelinga si forlenga arm til kommunane.

Utsikt frå sengeposten i Ålesund.

Utsikt frå sengeposten i Ålesund.


Som lege i spesialisering vil du hovudsakelig jobbe på sengepost, poliklinikk og stråleterapieininga ved Ålesund sjukehus. Her inngår også vaktar ved sengeposten som per no er 8-delt. Det kan bli enkelte dagar med poliklinikk i Volda og Molde, men då med spesialist til stades.

For å gjennomføre spesialistutdanninga krevjast  12 månedars teneste ved medisinsk avdeling. Denne kan gjennomførast i Ålesund, eller på andre sjukehus som kan gi ei utdanning som tilfredsstiller læringsmåla i Kompetanseportalen. Det krevjast også 12 månedars teneste ved kreftavdelingen på St .Olavs hospital, eller anna tilsvarende kreftavdeling, for å fullføre alle læringsmål.

​Spesialisering i kreftsjukdommar ved Ålesund sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.