Spesialisering i kreftsjukdommar ved Ålesund sjukehus

Frå resepsjonen i kreftbygget ved Ålesund sjukehus

Frå resepsjonen i kreftbygget ved Ålesund sjukehus

Om kreftavdelinga i Ålesund

Kreftavdelingen i Helse Møre og Romsdal dekker Møre og Romsdal fylke, med eit befolkningsgrunnlag på over 260.000. Ved avdelinga i Ålesund jobbar det for tida 12 onkologar, inkludert legar knytta til palliativt team, samt 1 onkolog i Molde. Vi har 5 LIS3-stillingar.

LIS-legane har rullerande arbeidsplan. Arbeidsveka er variert med ein dag poliklinikk innan fagfeltet du roterar i.  I tillegg til ordinært sengepostarbeid vil LIS3 dekke dagvaktfunksjon ved cytostatikapoliklinikken for augeblikkeleg hjelp-førespurnadar/telefonkonsultasjonar med primærhelsetenesta, og bestilling av cellegiftkurar. Som LIS ved kreftavdelinga vil du raskt få ansvar under supervisjon. Det er låg terskel for å be kvarandre om råd/rettleiing, og det opplevast som enkelt å få supervisjon når ein treng det.

Primærvaktane er delt mellom LIS og overleger.  Det er tilstadevakt til kl. 20.00 og heimevakt med responstid 30 min mellom kl. 20.00 - 08.00. I helgar er tilstadetida frå kl. 10.00 – 15.00.

Om utdanningsløpet

For å gjennomføre spesialistutdanninga krevjast 12 månaders teneste ved medisinsk avdeling. Denne kan gjerast ved Ålesund sjukehus eller andre sjukehus som kan gi ei utdanning som tilfredsstillar læringsmåla i Kompetanseportalen. Det krevjast også 12 månaders teneste ved kreftavdelinga på St. Olavs hospital eller ei tilsvarende kreftavdeling, for å fullføre læringsmåla.

Utdanningsløpet  består av følgjande delar:

6 månadar med uroonkologi: kor du i starten primært vil behandle pasientar med prostatakreft, anten ved oppstart av kurativ eller palliativ strålebehandling og oppfølging etter behandling, samt testikkelkreft ved kontroll under mellomkurar og oppfølgande kontrollar.

Etter kvart vil du få fleire pasientar i metastatisk setting, samt blærecancer og nyrecancer. I denne perioda er du også på sengeposten kor du vil møte andre tumorgrupper og i større grad palliative pasientar. Kvar veke er det tverrfaglege møter med urologar og radiologar.

6 månadar med gastroonkologi: under denne rotasjonen vil du møte mange under adjuvant behandling etter operasjon for mage-tarmkreft, men også oppfølging av pasientar under palliativ kjemoterapi. Du vil også her få enkelte pasientar med malignt melanom og cancer origo inserta. På sengeposten vil du møte mange pasientar med mage-tarmkreft også etter avslutta tumorretta behandling. Vi har også vekentlege MDT-møtar med gastrokirurg/radiolog, der LIS også bør delta.

6 månedar mammaonkologi: under denne rotasjonen vil du møte mange under adjuvant behandling etter operasjon for brystkreft, men også oppfølging av palliative pasientar og pasientar under neoadjuvant behandling. Den neoadjuvante behandlinga foregår i samarbeid med St. Olavs hospital. Under denne rotasjonen vil du også møte pasientar under behandling for thyroideacancer og glioblastom.

6 månadar i lindrande team: i det lindrande teamet vil du samarbeide tett med overlege, sjukepleiarar, fysioterapeut og sosionom. Arbeidsveka er variert med heimebesøk, tilsyn av pasientar på andre avdelingar samt visittgang på inneliggande pasientar i lindrande seng. Sjølv om du vil ha stort fokus på symptomlindring også under dei andre rotasjonane, vil du i større grad få praktisk erfaring og nyttige verkty under denne rotasjonen.

12 månedar ved stråleterapieininga: her vil du møte dei fleste tumorgruppar som anten får kurativ eller palliativ strålebehandling. Du vil få ansvar for vurdering og planlegging av strålebehandling i nært samarbeid med stråleonkolog. Du vil ha poliklinikk med primært pasienter før oppstart strålebehandling, undervegs i strålebehandlingen og avsluttande strålekontrollar.

12 månedar ved St. Olavs hospital: For å oppnå læringsmåla innan behandling av lymfomar, ØNH-cancere og mindre delar av andre tumorgruppar, må du gjennomføre deler av tenesta ved St. Olavs hospital. 

12 månedar ved medisinsk avdeling: For å fullføre felles/generelle læringsmål for spesialiseringa, må du fullføre tjeneste ved ei medisinsk avdeling.

Introduksjon av nye LIS

Det forventast at LIS syng ein sang på første morgonmøte, gjerne med koreografi. Som ny LIS vil du få utlevert praktisk informasjon og informasjon om avdelinga sitt verdigrunnlag. Du vil også få ei omvisning i avdelinga og bli introdusert for Tanja og Åse, som er limet i avdelinga i sine rollar som erfarne sekretærar.

Internundervisning og kurs

Vi har undervisning fire dagar i veka. Tirsdagar og torsdagar (omlag 30 minutt kvar dag) har vi fellesundervisning med kreftavdelingen på St. Olavs hospital. Undervisarar er LIS/spesialistar frå både HMR og St. Olavs hospital, samt inviterte eksterne forelesarar. Store onkologiske tema planleggast frå St. Olavs hospital slik at dei gåast gjennom i løpet av en treårsperiode.

Simulering og ferdighetstrening

Ferdigheitstrening består av praktiske prosedyrar som ultralydrettleia pleuratapping/ascitestapping under supervisjon. I tillegg blir det arrangert HLR-kurs og brannkurs etter forskrift.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelingen har en godt innarbeidet kultur for supervisjon, og er opptatt av at det skal være lav terskel for å spørre en mer erfaren kollega ved behov.

Det er previsitt på sengepost saman med overlege fleire dager i uken, og visitt saman enkelte dagar og ved nye eller kompliserte pasientar. Det er også gjennomgang av polikliniske pasienter før/etter poliklinikk.

På stråleterapieininga er det eit tett samarbeid mellom LIS/spesialist ved definisjon av målvolum og godkjenning av behandlingsplan. I lindrande team er det tett samarbeid mellom LIS/overlege både på inneliggande pasientar, heimebesøk og ved tilsyn på andre avdelingar.

Avdelinga har ein godt innarbeidet kultur for supervisjon og er opptatt av at det skal være låg terskel for å spørje ein meir erfaren kollega ved behov.

Du vil bli tildelt ein rettleiar når du byrjar hos oss. Det er satt av tid til rettleiing 1 time per månad.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Avdelinga har mål om å vere ein aktiv deltakar i forskningsprosjekt, og er  involvert i flere studier, både innanfor palliasjon, solide svulstar og strålebehandling. Vi har eiga FoU-gruppe ved avdelingen leia av Jo-Åsmund Lund (PhD). I tillegg har vi 3 overlegar som sluttførar sin PhD i 2019 og 2021.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av 1-2 overlegar og 2 LIS. Utvalet har regelmessige møte der undervisningsopplegget til avdelinga blir planlagt og evaluert. Utvalet er også ansvarleg for innsending av rapport til sentrale myndigheiter.

Tillitsvalde

LIS-kollegiet har eigen tillitsvald som følgjer opp arbeidsplanar m.m.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Tillitsvald for LIS-gruppa Torbjørg Standal Skåravik, tlf 70 10 69 12


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.