
Stadig større del av poliklinikk og oppfølging blir teke opp av lungekreftpasientar. Handsaming av lungekreft har endra seg mykje siste fem åra og det skjer mykje som gjer at denne gruppa av pasientar lever lengre. Dette utgjer derfor ein stor del av pasientarbeidet vårt.
I Helse Møre og Romsdal har vi lungespesialistar ved alle dei fire sjukehusa. Det er skilnad på kva de ulike sjukehusa tilbyr av behandling, og derfor også noko variasjon i kva læringsmål som du vil kunne oppfylt kvar, men alle sjukehus har tilbod om LIS-utdanning.
Vi har eit godt og stadig tettare samarbeid mellom lungeavdelingane i fylket. Kvar tirsdag held vi felles lungespesifikk internundervisning via Skype. Ein gong kvar månad møtest vi på video i «fagnettverksmøtet» der vi drøftar og oppdaterer felles retningslinjer. I tillegg kjem eit to-dagers årleg Midtnorsk lungemøte der vi og treff kollegaar frå resten av Helse Midt-Norge.
Kvar torsdag blir det halde eit multidisiplinært thoraxmøte som blir videooverført frå St. Olavs Hospital, med særleg fokus på utgreiing og avklaring av vidare behandling ved lungekreft. Ein gong per månad arrangerast tilsvarande møte om pasientkasus med insterstitielle lungesjukdomar, «ILD-møte».
For dei læringsmåla du ikkje vil kunne oppfylt ved ditt sjukehus, må dette gjerast ved dei andre lungeavdelingane i foretaket. Det er og nokre læringsmål vi ikkje kan tilby opplæring i hos oss og derfor må du ha teneste i 18 måneder ved universitetssjukehus.
Spesialisering i lungesjukdommar ved Volda sjukehus
Spesialisering i lungesjukdommar ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i lungesjukdommar ved Molde sjukehus
Spesialisering i lungesjukdommar ved Kristiansund sjukehus