Spesialisering i lungesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Om lungemedisinsk seksjon, medisinsk avdeling i Ålesund

Lungemedisinsk seksjon er ein del av medisinsk avdeling. Avdelinga er ei fullseksjonert avdeling med alle indremedisinske spesialitetar. Vi tilbyr lungemedisinsk behandlingstilbod til ei befolkning på om lag 100 000 innbyggjarar.

Lungeseksjonen har ein eigen sengepost med 10 sengeplassar. I tillegg har vi ein aktiv lungepoliklinikk der mykje av utgreiinga, inkludert bronkoskopiar, skjer. Vi er 3 overlegar, 2-3 LIS-legar og 1 LIS 1 ved seksjonen. I 2018 var vel 4300 pasientar innlagt ved vår sengepost og 3400 konsultasjoner ved poliklinikken.

Som LIS deltek du aktivt i pasientbehandlinga både på sengepost og poliklinikken, og har eigne pasientar på poliklinikken. Vi er kjente for å ha brutt med den tradisjonelle previsitt- og visittgangen, i staden jobbar kvar av legane på sengeposten sjølvstendig med eit mindre antal pasientar. Kvar dag kl. 0910 og 14 møtast sjukepleiarar, fysiterapeutar, farmasøyt, LIS-legar og overlegar for rask gjennomgang av pasientlista, fordeling av oppgåver og drøfting av utfordringar. Vi legg vekt på at alle nyinnlagte skal bli sett og vurdert av ein overlege eller erfaren LIS. Dette gjer at både overlege og LIS er aktive i direkte pasientkontakt og tilgangen til råd og hjelp er god.

Vanlege diagnosar ved lungeposten er kols, langtkomen lungekreft, pneumoni med komplikasjonar, astma og interstitielle lungesjukdomar.
Ved poliklinikken gjer vi mellom anna utgreiing og oppfølging av  pasientar med lungekreft, søvnapne, interstitielle lungesjukdommar og astma.

Kl 10 er det kvar dag sett opp tid til prosedyrer ved lungepoliklinikken. Vi har 150-200 bronkoskopiar per år, der ein stadig større andel er EBUS (endobronkial ultralydundersøking) og med bruk av ultralyd miniprobe. I tillegg utfører vi pleuratapping og legging av pleuradren. Pneumothorax vert behandla ved kirurgisk avdeling, men vi ynskjer å overta behandlinga av desse pasientane. Vi er også midt inne i ei spennande tid med stadig betre og meir aktiv behandling av lungekreft, som vil medføre auka behov for fleire lungelegar.

Det er elles lagt til rette for rotasjon mellom seksjonane slik at læringsmåla tilknytt del 2 felles indremedisin skal vere mogleg å kunne få oppfylt ved avdelinga.

Både LIS-legar og overlegar deltek i generell indremedisinsk vaktordning ved avdelinga. Som LIS hos oss vil du inngå i ei 14-delt vaktordning med tilstadevakt. Vaktdøgnet er delt i to. Frå medio juni vil det vere to LIS-legar tilstades på ettermiddag og tidleg kveld. Dagvaktene varer då til kl 20 på kvardagar og 19 i helger. Nattevaktene startar kl 15 på kvardagar og kl 18 i helger. Vaktene er plassert i eigne vaktveker som gir stabile postveker med mykje kontinuitet. Mange trives godt med denne inndelinga.  Overlegane går og felles indremedisinsk bakvakt og det er ikkje seksjonerte vakter ved avdelinga. Det er laga ei beredskapsordning som overlegane deltek i for sitt fagfelt.

Om utdanningsløpet

LIS-legar ved avdelinga roterer mellom ulike seksjonar kvar 6. månad for å oppnå nødvendige læringsmål for både del 2 indremedisin og del 3 lungemedisin. I Ålesund kan for spesialiteten lungemedisin få oppfylt 53 av 60 læringsmål, men du må til universitetssykehus for dei siste 7 punkta. I tillegg treng du teneste ved universitetssjukehus for å få ei viss mengdetrening når det gjeld dei meir sjeldan tilstandane og for fullstendig opplæring i bronkoskopi. Når det gjeld utgreiing og behandling av tuberkulosepasientar er det infeksjonslegane ved avdelinga som handterer dette. Du vil derfor trenge noko tid på infeksjonspoliklinikken for å bli kjend med denne pasientgruppa. Som LIS hos oss vil du delta i arbeid på sengepost og poliklinikk og får også opplæring i bronkoskopi, EBUS inkludert miniprobe, pleuratapping og innsetting av pleuradren.

Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

LIS som startar ved Medisinsk avdeling følgjer opplæringsprogrammet for avdelinga. Dette skal bidra til å gjere deg kjent på sjukehuset, med avdelinga og med våre rutiner. Ved behov får du og nødvendig dataopplæring. Før du startar med sjølvstendige vakter får du opplæringsvakter både på dagtid og natt. Mengda vakter vert tilpassa ditt tidlegere erfaringsnivå. I tillegg har lungeavdelinga sitt eige opplæringsprogram den første arbeidsveka med 1 times undervisning i lunsjtida om spesifikke prosedyrer.

Internundervisning og kurs

Internundervisninga skjer både felles på medisinsk avdeling og ved lungeseksjonen. Fire dagar i veka er det internundervisning i samband med morgonmøtet som kvar varer i 30 minutt.  Tre av dagane er vanleg internundervisning, mens den eine dagen er sett av til kasuistikkgjennomgang. Kvar tysdag kl 12 er det eigen internundervisning ved lungeseksjonen på 45 minutt. Undervisninga blir sett opp etter tema som inngår i spesialiseringa. LIS-legar og overlegar alternerar på å halde innlegg. I tillegg til denne undervisninga er det felles internundervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad. Det veksler mellom avdelingane å ha ansvar for dette.

Avdelinga har årleg gjennomgang og opplæring i prosedyrer som AHLR og brannundervisning, samt  medisinsk teknisk utstyr inkludert VSCAN ultralyd, NIV (noninvasivventilasjons-)behandling og liknande utanom morgonmøte.

Som LIS-lege får du delta på nasjonale anbefalte kurs for spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Ved lungeavdelinga har vi tilgang til dukke med luftvegar for bronkoskopitrening.  Medisinsk avdeling har også simulering for LIS i «medisinsk mottaksteam» og «stansteam» som del av ferdigheitstreninga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Seksjonen er ikkje stor og vi blir raskt kjent med kvarandre. Sjølv om vi har ulike oppgåver kvar dag, er det kort veg for å be om råd og hjelp ved behov. Vi har faste møtepunkt på sengepost for spørsmål og gjennomgang to gongar kvar deg. Nye pasientar innlagt i avdelinga blir første dag undersøkt og vurdert av overlege saman med LIS-lege. Det er elles lett tilgang til overlege ved behov på poliklinikken og du får og tett og aktiv opplæring i prosedyrar.

Du får tildelt rettleiar når du starter og til tilstreber at du får ha same rettleiar gjennom spesialiseringa hos oss. Det er sett av tid til rettleiing etter morgonmøtet første måndag kvar månad. Det er kort veg for å ta kontakt med rettleiar utanom dette ved behov.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Ved lungeavdelinga har to av tre overlegar eit pågåande forskingsprosjekt innan bronkoskopi/EBUS. Ein av desse legane har doktorgrad. Helse Møre og Romsdal har også ei forskingsavdeling og LIS interesserte i forskning er velkomne.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Ved medisinsk avdeling består utdanningsutvalet av 1 overlege og 1 LIS. Desse organiserer mellom anna internundervisning, oppfølging av LIS sine utdanningsplanar samt i aukande grad gruppevegleiing rundt nokre tema. I tillegg har lungeavdelinga 1 overlege og ofte også 1 LIS som følgjer opp utdanningsplan spesifisert for lungemedisin. Vi er tilgjengelege for spørsmål og tek gjerne imot konstruktive innspel angåande spesialiseringa.

Tillitsvalde

Ved medisinsk avdeling har vi ein YLF-tillitsvalt for LIS-legar og ein OF-tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalgt er tilgjengleg for alle spørsmål om arbeidskvardagen, til dømes arbeidsplan, kontrakt, lønn, ferieavvikling og anna. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege og leiar av utdanningsutvalet Hilda Brügger-Synnes, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?