Spesialisering i lungesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Om lungemedisinsk utdanning, medisinsk avdeling i Kristiansund

Medisinsk avdeling er ei useksjonert avdeling med 29 sengeplassar, men avdelinga er inndelt i einingar etter diagnosegrupper. Lungepasientane ligg ilag med hjertepasientane og vi har tilsaman 9 sengeplassar. I tillegg er det to palliative senger i avdelinga som vi kan bruke til pasientar med langtkomen lungekreft. Vi har og ein aktiv lungepoliklinikk med 2 lungesjukepleiarar.

Vi er i dag ein spesialist og 2 LIS-legar tilknytt lungefaget på avdelinga. Alle tre har poliklinikk kvar veke. Utover ein dag poliklinikk, vil du som LIS ha hovedtyngda av dine arbeidsoppgåver på sengeposten med ansvar for visittgang.

Ved poliklinikken gjer vi utgreiing og har oppfølging av sjukdommar som KOLS, astma, interstitielle lungesjukdommar og lungekreft, samt utredning av søvnapnoe. Prosedyrer som blir utført ved poliklinikken er bronkoskopi, pleuracenetese og innlegging av pleuradren. Vi forventar om lag 60-80 bronkoskopiar kvart år, og det er planlagt å supplere med EBUS ila kommende år.

Som LIS hos oss vil du delta i 8-delt døgnvaktturnus med tilstadevakt fra 08.00 til 22.00, og heimevakt resten av tida.   

Om utdanningsløpet

Det blir lagt til rette for at du har teneste ved alle eininga i avdelinga slik at du skal kunne få oppfylt læringsmål for del 2 indremedisin hos oss.

For lungespesialiseringa tilbyr vi både sengepostarbeid, poliklinikk og opplæring i praktiske prosedyrer som bronkoskopi, thoracocentese, pleuradren m.m. Det er nokre læringsmål vi ikkje dekker, men som du kan få oppfylt ved andre sjukehus i foretaket. I tillegg treng du teneste ved universitetssjukehus for læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket. Du må derfor pårekne noko rotasjon innad og ut av foretaket for å fullføre spesialiteten.

Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga. Du startar raskt i klinisk sjølvstendig arbeid, men under tett supervisjon frå meir erfaren LIS-lege eller spesialist. Du får tildelt rettleiar ved oppstart.

Internundervisning og kurs

Internundervisning ved seksjonen samt felles internundervisning i Helse Møre og Romsdal.

Som LIS-lege får du delta på nasjonale anbefalte kurs for spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Ved lungeavdelinga har vi tilgang til dukke med luftvegar for bronkoskopitrening.  Medisinsk avdeling har også simulering for LIS i «medisinsk mottaksteam» og «stansteam» som del av ferdigheitstreninga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og eining og det er kort veg for å be om råd og assistanse ved behov. Vi blir raskt godt kjent og jobbar tett ilag.

Du får supervisjon i det daglege arbeidet ved previsitt/visittgang og poliklinisk tjneste. Det er daglege problemmøter der vi diskuterer praktisk behandling, vitskap og faget i stor bredde. Du blir trent i å gjere rede for detaljerte og ofte vanskelege problemstillingar, aktivisere deg til lesing og annan fagleg oppdatering, samt å begrunne eigne val og meiningar faglig/ vitskapeleg.  Supervisjon i prosedyrer skjer ved praktisk opplæring og diskusjonar. Alle ved avdelingen deltar i supervisjonsarbeidet.

Du får tildelt eigen rettleiar ved oppstart. Det er sett av tid i rettleiing i timeplanen med møte første måndag kvar månad. Vi vil så snart som mogleg delta på kurs i rettleiing i regi av RegUt og helseforetaket. Rettleiing vil konsentrere seg om fagleg progresjon med bakgrunn i Kompetanseportalen, som vil bli brukt aktivt under samtalane. Vi planlegg å starte med evalueringskollegium ved avdelinga for å gi ei betre vurdering av kompetansen du opparbeider deg.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har per dags dato ingen pågåande eigne forskingsprosjekt innanfor lungemedisin, men er til ei kvar tid involvert i kliniske studier hovudsakelig innan lungekreft. Nye LIS med interesse for forsking er velkommen ved avdelinga og avdelinga vil legge til rette for at du skal kunne delta i forskingsprosjekt.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Ved medisinsk avdeling består utdanningsutvalet av 1 overlege og 1 LIS. Desse organiserer mellom anna internundervisning, oppfølging av LIS sine utdanningsplanar samt i aukande grad gruppevegleiing rundt nokre tema. I tillegg har lungeavdelinga 1 overlege og ofte også 1 LIS som følgjer opp utdanningsplan spesifisert for lungemedisin. Vi er tilgjengelege for spørsmål og tek gjerne imot konstruktive innspel angåande spesialiseringa.

Tillitsvalde

Ved medisinsk avdeling har vi ein YLF-tillitsvalt for LIS-legar og ein OF-tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalgt er tilgjengleg for alle spørsmål om arbeidskvardagen, til dømes arbeidsplan, kontrakt, lønn, ferieavvikling og anna. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege Magnus Gryt eller LIS og tillitsvald Kristine Brattøy, tlf 71 12 00 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?