Spesialisering i lungesjukdommar ved Volda sjukehus

Om lungemedisinsk utdanning, medisinsk avdeling i Volda

Medisinsk avdeling i Volda er ei useksjonert avdeling med eit bredt spekter av pasientar. Vi er til saman 7 overlegar og 9 LIS-legar ved avdelinga. Du vil delta i 9-delt indremedisinsk døgnvaktordning med heimevakt, og du har fri dagen etter vakt. Vi har organisert vaktene i eigne vaktveker slik at du får stabile veker med mykje samanhengande postteneste. Dette gir eit solid fundament for framtidige lungelegar.

Vi er no ein spesialist i lungemedisin og ein LIS i lungesjukdommar.
Lungepasientane har dedikerte senger og deler eining med fordøyelsessjukdommar og palliativ eining. I alt er det 10 sengeplassar som blir delte. Det er ei blanding av ulike problemstillingar som er innlagde, i hovudsak pneumoniar, lungekreft og kols-forverringar. I tillegg er det nært samarbeid med palliativt team då vi har tilknytta to palliative senger til vår eining. Det er viktig med eit tett samarbeid med palliativt team for å kunne gje desse pasientane best mogleg behandling i denne fasa av livet. Det er lungelege er ansvarleg for pneumotorakshandsaming (både primære og sekundære), torakocentesane og innlegging av tunnelerte kateter. Som LIS blir du involert i desse prosedyrene.

Vi har felles medisinsk polikinikk ved avdelinga, men med tilsett lungesjukepleiar og god tilgang på lungemedisinsk poliklinisk utgreiing. Hovudtyngden av pasientar er utgreiing av lungekreft/tumor pulm, kols, astma, men og interstitielle lungesjukdomar, kronisk respirasjonssvikt (inkludert ALS i nært samarbeide med nevrolog i Ålesund), tuberkulose (latent og aktiv), allergiar (med hovudvekt på pollenallergi), utgreiing av søvnvanskar (særleg osas). Kvart år utfører vi  om lag  50 bronkoskopiar, vi har førebels ikkje tilbod om EBUS. Tilpassing av autoCPAP ved søvnapnoe blir utført av sjukepleiarane, men lungelege har ansvaret for bilevel CPAP og heimerespiratorar.

Om utdanningsløpet

Det blir lagt til rette for at du har teneste ved alle eininga i avdelinga slik at du skal kunne få oppfylt læringsmål for del 2 indremedisin hos oss.

For lungespesialiseringa tilbyr vi både sengepostarbeid, poliklinikk og opplæring i praktiske prosedyrer som bronkoskopi, thoracocentese, pleuradren m.m. Det er nokre læringsmål vi ikkje dekker, men som du kan få oppfylt ved andre sjukehus i foretaket. I tillegg treng du teneste ved universitetssjukehus for læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket. Du må derfor pårekne noko rotasjon innad og ut av foretaket for å fullføre spesialiteten.

Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga. Du startar raskt i klinisk sjølvstendig arbeid, men under tett supervisjon frå meir erfaren LIS-lege eller spesialist. Du får tildelt rettleiar ved oppstart.

Internundervisning og kurs

Vi har internundervising lokalt og i tillegg felles lungeundervising med dei andre lungemiljøa i foretaket.

Som LIS-lege får du delta på nasjonale anbefalte kurs for spesialiteten.

Simulering og ferdighetstrening

Felles for sjukehusa: Ved lungeavdelinga har vi tilgang til dukke med luftvegar for bronkoskopitrening.  Medisinsk avdeling har også simulering for LIS i «medisinsk mottaksteam» og «stansteam» som del av ferdigheitstreninga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og eining og det er kort veg for å be om råd og assistanse ved behov. Vi blir raskt godt kjent og jobbar tett ilag.

Vi legg opp til at previsitt og visitt alltid skjer i lag og beslutningar blir tatt i samråd med spesialist. Dette sikrar mester-svenn-prinsippet som er viktig for god læring av lunge- og indremedisinfaget. Du får elles kontinuerleg oppføling ved prosedyrer i starten, etter kvart som kompetanse aukar gjer du dette meir sjølvstendig. Vi tilstreber å ta deg med i dei prosedyrene som er tilgjengeleg kvar dag.

Du får tildelt rettleiar når du starter. Rettleiing med møte kvar månad (satt opp som fast rutine) mellom spesialist og LIS.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er inga aktuell forsking ved avdelinga per no.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Ved medisinsk avdeling består utdanningsutvalet av 1 overlege og 1 LIS. Desse organiserer mellom anna internundervisning, oppfølging av LIS sine utdanningsplanar samt i aukande grad gruppevegleiing rundt nokre tema. I tillegg har lungeavdelinga 1 overlege og ofte også 1 LIS som følgjer opp utdanningsplan spesifisert for lungemedisin. Vi er tilgjengelege for spørsmål og tek gjerne imot konstruktive innspel angåande spesialiseringa.

Tillitsvalde

Ved medisinsk avdeling har vi ein YLF-tillitsvalt for LIS-legar og ein OF-tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalgt er tilgjengleg for alle spørsmål om arbeidskvardagen, til dømes arbeidsplan, kontrakt, lønn, ferieavvikling og anna. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt
Lungespesialist og leiar av utdanningsutvalet Odd Frode Aasen, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.