Spesialisering i nevrologi ved Ålesund sjukehus

Om nevrologisk avdeling i Ålesund

Nevrologisk poliklinikk i Ålesund er ei eining for utgreiing, behandling og oppfølging av generelle nevrologiske sjukdommar. Vi har poliklinisk tilbod til pasientar på Sunnmøre som utgjer eit folketal på om lag 150 000.

Vi er tre spesialistar og ein LIS-lege, sistnemnde er no konstituert overlege. Vi har samarbeidsavtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og 4-6 gongar kvar pr år kjem to spesialistar i nevrologi for å følgje opp nokre av pasientane.  I tillegg er det ein MS-sjukepleiar og to epilepsisjukepleirar i deltidsstilling tilknytt poliklinikken. Poliklinikken har eit eige klinisk-nevrofysiologisk laboratorium med moglegheit for nevrofysiologisk utgreiing med EEG, 24-timars EEG, søvndeprivert EEG, ENG, VEP, SEP og EMG (ca 2200 undersøkelser kvart år). Tolkingar og EMG blir gjort av spesialistar frå St. Olavs Hospital. I poliklinikken har vi utstyr og erfaring med å justere/fylle på baklofenpumpe, kontroll av DBS- og STN-stimulator, vagusstimulator og Strataventil.

Forutan vanleg poliklinisk aktivitet, har vi og eit nært samarbeid med medisinsk avdeling. Kvar veke har ein av oss ansvar for å følgje opp innlagde pasientar med nevrologiske problemstillingar. Vi er og tilknytt ei eiga nevrorehabiliteringseining med fire senger i avdeling for Fysikalsk medisin og Rehabilitering.

Det er ikkje noko vaktarbeid ved poliklinikken.

Om utdanningsløpet

Når du startar som LIS-lege hos oss, vil du starte med poliklinisk arbeid under tett supervisjon. Etter kvart som kunnskapen aukar får du gradvis meir sjølvstendige oppgåver i poliklinikken. Poliklinikken tek i mot alle nevrologiske sjukdommar og du vil etter kvart få god kjennskap til dei ulike diagnosane. Det er og god tilgang på å få oppfylt fleire av prosedyrekrava i spesialiteten.

På medisinsk avdeling på sjukehuset er det kvart år innlagt om lag 600 pasientar med nevrologiske diagnoser som hovuddiagnose. Slik får du og møte dei meir akuttnevrologiske pasientane.

I spesialiseringa vil du i løpet av om lag eit år kunne ha oppfylt dei læringsmåla og læringsaktivitetane vi har tilbod om. For å fullføre spesialistutdanninga er det føresetnad om teneste ved vaktberande sengepost samt minimum 6 måneder ved ei nevrologisk avdeling på universitetssjukehus og 6 måneder ved ei nevrokirurgisk avdeling. Vi har samarbeid med avdelinga i Molde og St. Olavs Hospital i Trondheim for å gjennomføre heile spesialiseringa og du må pårekne å vere begge stader. Samarbeidsavtalen med St. Olavs Hospital er for eit år totalt inkludert nevrokirurgisk teneste. 

Introduksjon av nye LIS

Vi er ei lita einig og du blir raskt inkludert som «ein av oss». Du får tildelt rettleiar når du starter. Dei første dagane følgjer du rettleiar i dens polikliniske arbeid før du etter kvart gradvis startar med eigne pasientar, men då under tett supervisjon. Du får sjølvsagt opplæring i alt nødvendig utstyr og programvarer du treng, og du får og utdelt noko skriftleg informasjon.

Internundervisning og kurs

Internundervisninga på poliklinikken er organisert delvis internt og delvis i samarbeid med andre. Vi har 30 minutt internundervisning på poliklinikken kvar veke. Denne er spesielt lagt opp for å dekke alle læringsmåla i spesialistutdanninga, og du vil få høve til å sjølv vere med på å utforme undervisningsplan. Ansvaret for denne undervisninga er likt fordelt mellom alle legane i poliklinikken. Det er i poliklinikken og lagt opp ein organisert kasuistikkdiskusjon kvar veke. Der presenterer ein til dømes vanskelege problemstillingar, interessante artiklar eller interessante pasientar for dei andre i avdelinga. To goner i veka følger vi internundervisninga frå Molde via videoforelesning som varer i 30 minutt og du som LIS-lege skal og bidra med innlegg på denne undervisninga.

Du har tilbod om å følgje internundervisninga ved medisinsk avdeling som er tirsdagar-fredagar om morgonen, og enkelte gonger i året helt ein av oss innlegg på undervisninga der. Første fredag i månaden er det fellesundervisning for heile sjukehuset i ein time der det vekslar mellom avdelingane å halde innlegg.

Vi legg til rette for at du får delta på dei nasjonalt anbefalte kursa nødvendig for spesialiteten. Vi oppmodar og alle LIS-legar til å ha presentasjonar (poster eller innlegg) på nevrodagane og internasjonale kongressar. Utgifter til reise og opphald i slike høve kan du søke om dekning til på førehand frå avdelinga sitt forskingsfond.

Simulering og ferdighetstrening

Hos oss får du god tilgang til ferdighetstrening. Dette gjeld for justering/påfyll av baklofenpumpe, kontroll av DBS- og STN-stimulator, vagusstimulator og Strataventil. I tillegg og spinalpunskjon med trykkmåling, spesifikk testing ved mistanke om normaltrykkshydrocephalus (NPH) med meir. Du vil og etter kvart få god kjennskap til nevroradiologien.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er i lita eining arbeider alle tett i lag, slik at tilgang på fortløpande diskusjon og supervisjon er god. Du har din eigen rettleiar som er lett tilgjengeleg, men dei andre legane bidreg og med supervisjon når det trengs. Dersom du har eventuelle utfordrande pasientar, har vi tradisjon for å sette opp felleskonsultasjon med ein av spesialistane. Kva for ein spesialist er avhengig av nødvendig kompetanse og tilgang på spesialist.

Rettleing og fagleg utvikling
Rettleing blir til rettelagt som ein kombinasjon av individuell og gruppebasert rettleiing. Den faglege gruppebaserte rettleiinga er i samarbeid med legane i Molde. Det er planlagt eit møte kvar månad med rettleiar, men det er god tilgang på både ormelle og uformelle samtaler i tillegg til dette. Det er rettleiar som har hovudansvaret for oppfølging av din utdanningsprogresjon.

Ein dag i veka er det sett av 4 timar til fagleg fordjupning. Vi oppmodar og alle LIS-legar om å delta på faglege møter lokalt eller nasjonalt. Utgifter til reise og opphald kan på førehand søkast om dekning til frå avdelinga sine kursmidlar under føresetnad at kurs og møter er fagleg relevant.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi vektlegg forsking i det nevrologiske miljøet i foretaket. Du har høve til å søke støtte i avdelinga sitt forskingsfond for å starte opp både større og mindre prosjekt. Foretaket har og eit tilbod om læringsaktivitetar for å kunne få oppfylt felles kompetansemål og vi legg til rette for at LIS-legar deltar på dette.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av vår einaste LIS-lege og ein overlege. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet. Hovudoppgåvene er planlegging av internundervisning til forbetring av LIS-utdanninga ved poliklinikken.

Tillitsvalde

Vi har ikkje eigen YLF-tillitsvalt ved poliklinikken då vi berre har ein LIS-lege, men det er kort veg til sjukehuset sin eigen hovudtillitsvalt for YLF dersom det er behov for råd og hjelp. Foretaket har og eigen YLF-tillitsvalt.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med

Bernd Müller, overlege og seksjonsleiar for legar i Molde og Ålesund
Hans Henrik Daae-Qvale, overlege og koordinator på Nevrologisk poliklinikk i Ålesund


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?