Spesialisering i nyresjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan

Nyremedisin er ein spennande spesialitet med stor variasjon mellom pasientgruppene, både i diagnoser, alderssamansetning og prognose og faget famnar om heile indremedisinen. Pasientane våre er frå dei heilt unge vaksne og til siste del av livet.

Illustrasjonsbilete
Vi har gleda av å få bli godt kjent med pasientane våre siden vi ofte møter dei fleire gonger enten på poliklinikken, sengeposten eller i dialyseavdelinga.

Nokre er innom oss berre ei kort stund og blir friske, medan andre forblir kronisk sjuke og blir fulgt opp av oss i lang tid. Spesialiteten byr på alt frå hastig akuttbehandling med dialyse ved alvorlig akutt nyresvikt til meir tilmålt utgreiing, behandling og oppfølging når det ikkje er hast på same måte.

Dette gir stor variasjon i arbeidsoppgåver og innhald i arbeidsdagen der vi får bruke både faget og oss sjølv i møte med pasientane våre og deira utfordringar.

I medisinsk klinikk i Helse Møre og Romsdal er det nyreseksjon ved Kristiansund sjukehus og Ålesund sjukehus. Der er i tillegg satelittdialyse ved Molde sjukehus og Volda sjukehus som nefrolog ved høvesvis Kristiansund og Ålesund sjukehus har ansvar for.

Alle pasientar som behandlast med peritoneal dialyse i fylket blir fulgt opp av nefrolog i Ålesund. All utdanning av LIS innan nefrologi skjer i Ålesund.

​Spesialisering i nyresjukdommar ved Ålesund sjukehus


Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.