Spesialisering i nyresjukdommar ved Ålesund sjukehus

Nokre av legane på nyreseksjonen i Ålesund

Nokre av legane på nyreseksjonen i Ålesund


Om nyremedisinsk seksjon, medisinsk avdeling Ålesund

Nyremedisinsk seksjon i Ålesund er ein del av Medisinsk avdeling. Avdelinga er ei fullseksjonert indremedisinsk avdeling med alle åtte indremedisinske spesialitetar. Vi har ansvar for nyremedisinsk behandlingstilbod til pasientar busett på Sunnmøre som utgjer om lag 150 000 innbyggjarar. For nokre behandlingar har vi fylkesfunksjon, og dekker då eit område på om lag 260.000 innbyggjarar.

Vi delar sengepost med infeksjonssjukdommar, fordøyelsessjukdommar og endokrinologi, men med eigne senger og sjukepleiarar for våre pasienter. Per i dag er vi tildelt 8 senger på sengeposten.

Seksjonen består av sengeavdeling, dialyseavdeling med 18 plassar for hemodialyse, PD-poliklinikk som i stor grad drivast av sjukepleiar med spesialkompetanse, samt vanleg poliklinikk. Poliklinikkarealet er i direkte tilknytning til dialyseavdelinga. Det er også en satelittdialyse i Volda med 6 plasser som vi har ansvar for. Vi har no 59 pasientar i kronisk hemodialyse og 12 pasientar som får peritonealdialyse.

I tillegg til at vi tek hand om våre eigne pasientar, server vi anestesilegene etter behov når det ligg pasientar på intensivavdelinga som treng kontinuerlig hemodialyse. Vi har og ansvar for plasmautskiftning for alle pasientar i foretaket, både akutt og kronisk.

Seksjonen 4 overlegar og 1-2 LIS, i tillegg til at vi av og til har LIS 1. LIS ved avdelinga deltek i 14-delt generell indremedisinsk vakttjeneste. Vaktdøgnet er delt i to og nokre timar på ettermiddag/tidleg kveld er det dobbel LIS-bemanning på vakt. På kvardagar varer dagvakta til kl 20 og nattevakta startar kl 15. I helgane er det dagvakt til kl 19 og nattevakta startar kl 18. Overlegane deltek i generell indremedisinsk bakvaktstjeneste. Det er og ei beredskapsordning for nefrologane som nyttast ved behov, til dømes ved akuttdialyse i vaktsammenheng.

Ein typisk arbeidsdag hos oss startar med felles morgonmøte for heile avdelingen med røntgendemonstrasjon, gjennomgang av nye pasientar og internundervisning før vi startar arbeidet i eigen seksjon. Kvar dag har 1-2 legar poliklinikk, 1 lege har ansvar for dialyseavdelinga og 1-2 legar arbeider på sengeposten. Vi har felles previsitt med LIS og overlege kvar dag, spesialist er med på visitt til alle nye pasientar og elles etter behov til dei andre som er innlagt. Interne tilsyn til andre avdelingar på huset blir fordelt mellom oss. Vi samlast kl 12.00 hver dag for å diskutere innlagde pasientar og andre aktuelle problemstillingar. Dei som er på sengeposten møtes kl 14.30 for oppfølging og avklaring. Som LIS er din viktigaste arbeidsstad sengeposten, men etter kvart som kompetanse aukar får du og gradvis innført poliklinikk og dialysedagar under supervisjon av spesialist.

Om utdanningsløpet

Når du startar som LIS hos oss vil du både få dekka nødvendig teneste for generell indremedisin del 2 og nyremedisin del 3 ved avdelinga. For å oppfylle læringsmål i del 2 må du pårekne rotasjon mellom ulike seksjonane i avdelinga. Du kan få oppfylt dei fleste av læringsmåla til nyrespesialiteten hos oss, men det er behov for 18 måneder spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å oppfylle læringsmål knytt til dialysebehandling, vaskulittar, multiorgansvikt og dialysebehandling hos barn.

Vi har inngått avtale om samarbeid ved St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssykehus for slik teneste. I tillegg har vi avtale om 3 veker hospitering ved Rikshospitalet for læringsmål knytt til transplantasjon. Dersom du følgjer normal progresjon, vil utdanningstida i Ålesund utgjere om lag 4-5 år. I tillegg til dette kjem tenestetid ved universitetssjukehus.

Introduksjon av nye LIS

LIS som startar ved Medisinsk avdeling følgjer opplæringsprogrammet for avdelinga. Dette skal bidra til å gjere deg kjent på sjukehuset, med avdelinga og med våre rutiner. Ved behov får du og nødvendig dataopplæring. Før du startar med sjølvstendige vakter får du opplæringsvakter både på dagtid og natt. Mengda vakter vert tilpassa ditt tidlegere erfaringsnivå.

Du blir godt tatt imot ved vår seksjon! Du blir sjølvsagt inkludert i våre rutiner og vil raskt føle deg som en del av nyregjengen. Vi er ikkje så mange så du blir fort kjent med oss. Vi sett av tid til at du tidleg får ein dag på dialyseavdelinga der du går saman med dialysesjukepleiar for å få kjennskap til korleis dialysebehandling foregår. Du får og sjølvsagt nødvendig opplæring på sengeposten og etter kvart poliklinikken.

Internundervisning og kurs

Medisinsk avdeling har felles internundervisning tirsdag, onsdag og torsdag i samband med morgonmøtet. Fredager har vi felles kasuistikkgjennomgang i avdelinga, det også i relasjon til morgonmøtet. Første fredag i måneden er det fellesundervisning for hele sjukehuset. Ved vår seksjon har vi i tillegg har vi satt av ein time kvar tirsdag ettermiddag til nyreundervisning. Vi har ei oversikt over kva tema som det i løpet av to år skal være internundervisning i, og dette er planlagt ut ifrå læringsmåla i LIS-utdanninga. Utover dette har vi av og til felles undervisning/møte med bl.a. revmatologisk avdeling. For alle arenaene gjeld at både LIS-legar og overlegar vekslar på å halde innlegg.

Du som LIS får selvsagt fri til å gjennomføre dei nasjonalt anbefalte kursa som er ein del av spesialiseringa.

Simulering og ferdighetstrening

Nyremedisin er i all hovudsak eit teoretisk fag med lite praktiske prosedyrer, men mykje direkte pasientkontakt. Vår prosedyre er dialysebehandling. Vi har ultralydapparat ved dialyseavdelinga som vi nyttar for å vurdere AV-fistlar, og dette må vi alle øve på for å bli flinke. I tillegg får du vere med PD-sjukepleiar for å lære deg utstyr brukt i PD-behandling.

To gonger i året er det gjennomgang av medisinsk-teknisk utstyr på dialysa saman med dialysesjukepleiarane.

Når du går vakt ved medisinsk avdeling er du ein del av mellom anna hjertestansteam og MET-team. Det er regelmessig simulering med MET-team og årleg simulering/trening med hjertestansteamet. Det er og årleg trening i bruk av medisinsk-teknisk utstyr for heile avdelinga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ein liten seksjon med god kontakt mellom alle legane og kort avstand for hjelp. Det er alltid spesialist tilgjengelig for deg når det er behov for det.
Den meir systematiske supervisjonen skjer ved alle våre arenaer. På sengepost er det felles previsitt, til dels visitt og felles møtepunkt mot slutten av dagen.

Ved PD-poliklinikk er LIS med spesialist i starten og etter kvart meir sjølvstendige kontrollar.

I den vanlege poliklinikken jobber du sjølvstendig, men med gjennomgang av alle pasientar i for- og etterkant etter behov, med tettare oppfølging tidlig i spesialiseringa og meir etter behov etter kvart som kompetansen aukar. 
Ved dialyseavdelinga går du alltid saman med ein spesialist. Dialysegjennomgang gjerast i fellesskap til du sjølvstendig kan handtere dette, mens kliniske ad hoc-vurderinger av pasienter på dialysen gjer du sjølvstendig med påfølgande diskusjon med spesialist etter behov. I vaktsamanheng er det god tilgang på hjelp og råd frå bakvakt når du treng det.

Når du startar hos oss får du tildelt ein rettleiar som er spesialist i nyresjukdommar. Vil tilstreber at du får ha same rettleiar gjennom heile spesialiseringa. Det er sett at tid fast første mandag i måneden til rettleiing, men dersom dette utgår finn du og rettleiar nytt tidspunkt. Det er lav terskel for kontakt med rettleiar utanom oppsette møtetidspunkt.
I tenesteplanen er det sett av eigne fordjuningsdager tilsvarande 4 timar per veke. I tillegg får du fri til å delta på anbefalte kurs i spesialiteten. Det blir av og til arrangert faglege møter både internt på seksjonen og tverrfagleg med andre fagmiljø, og dette blir du sjølvsagt inkludert i og oppmoda til å delta på.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Ingen av legane ved vår seksjon som har doktorgrad, og vi har heller ingen sjølvstendige forskningsprosjekt. Vi samarbeider med andre sjukehus og rekrutterer pasientar til andre forskningsprosjekter. For tiden deltek vi i ei multisenterstudie: Fidelio-DKD study 16244 i regi av Bayer.
Læringsmål innan felles kompetansemål som berører direkte forskningsmessige tema blir ivaretatt av føretaket si forskingsavdeling.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Medisinsk avdeling har utdanningsutval som utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Utdanningsutvalet planlegger mellom anna felles internundervising for heile avdelinga. I tillegg har dei ansvar for opplæringsprogram for nye LIS, tildeling av rettleiar ved oppstart og den kontinuerlige forbetringa av LIS-utdanninga ved avdelinga.

På nyreseksjonen har vi eige utdanningsutval som utgjerast av to overlegar og ein LIS-lege.

Tillitsvalde

Medisinsk avdeling har eigen YLF-tillitsvalgt som arbeider for å ivareta interessene til LIS-legane. Tillitsvalt deltek også i felles samarbeidsråd ved avdelinga. Det er låg terskel for kontakt med tillitsvalt for små og store spørmål. Det er elles eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
seksjonsoverlege Anne-Beathe Tafjord, tlf  70 10 50 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.