Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar i Helse Møre og Romsdal

ØNH er eit kirurgisk fag som omfattar diagnostikk og behandling av sjukdommar i hovud/hals-regionen. Spesialiteten innbefattar også ein vesentleg ikkje-kirurgisk del, medrekna audiologi, otonevrologi, allergologi og søvnsjukdommar. Som ØNH-lege behandlar vi pasientar i alle aldre, frå nyfødde til dei aller eldste. Ein stor del av verksemda er poliklinisk og dagkirurgisk aktivitet.

ØNH-illustrasjon

ØNH-illustrasjon

I Helse Møre og Romsdal er ØNH-faget organisert som ei felles avdeling med seksjonar ved sjukehusa i Molde og Ålesund. Begge seksjonane dekker heile ØNH-faget utanom kreftbehandling og cochleaimplantat (CI) som er sentralisert til universitetssjukehusa. Det er ei viss funksjonsfordeling i foretaket ved at audiopedagogisk seksjon er lokalisert i Ålesund medan otonevrologisk kompetanse er lokalisert i Molde. 

Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar ved Molde sjukehus


Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?