Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar ved Molde sjukehus

​Om ØNH-avdelinga i Molde

Vi har ansvar for ØNH-tilbodet til befolkninga på Nordmøre og i Romsdal og dekker eit nedslagsfelt på om lag 120 000. Bemanninga vår utgjerast av 5 overlegar og 2 LIS, for tida er 2 overlegestillingar mellombels omgjort til LIS-stillingar. LIS går 4-delt heimevakt måndag-laurdag morgon. Overlege går i 3-delt bakvakt og har også heimevakt. Ved hørselssentralen er det 6 audiografar.
Vi har kompetanse på nasjonalt toppnivå innan tinnitus/nedsett lydtoleranse og otonevrologi. Det kirurgiske spekteret dekker alle delar av faget, herunder nese-bihulekirurgi, mellomørekirurgi, blautkirurgi, laryngologi og plastisk ansiktskirurgi. Kirurgisk tilbod til nyfødde og barn under 1 år er sentralisert til Ålesund.

Om utdanningsløpet

Drifta vår er til ei viss grad seksjonert slik at ulike overlegar har ansvar for ulike delar av faget. Som LIS roterer du kvart halvår mellom å følge dei ulike overlegane. Slik får du stort volum på kort tid innanfor same type problemstillingar, både når det gjeld utredning og kirurgisk opplæring. Alle LIS har til ei kvar tid minst 1 operasjonsdag per uke. Arbeidsplanen er svært føreseieleg med faste vekedagar for operasjon, poliklinikk, fordjupning og vakt.

Vi har ein velfungerande tumor colli-poliklinikk der vi gjer utredning av mistenkt kreftsjukdom i hovud-/halsregionen, og der du som LIS får opplæring i ultralydundersøking av halsen. Vi er samlokalisert med kjevekirurg som vi har eit tett samarbeid med. Dette gjer at som LIS hos oss får du delta på alle relevante kjevekirurgiske inngrep som blir utført ved sjukehuset.
På slutten av spesialiseringen er det nødvendig med teneste ved universitetssjukehus i 18 månader for å oppfylle læringsmål som ikkje er mogleg å oppnå hos oss. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste. 

Introduksjon av nye LIS

Den første tida som ny LIS hos oss vil du følge overlege eller meir erfaren LIS fram til du er klar for å arbeide sjølvstendig. Det blir i starten også sett av ekstra tid både på poliklinikk og operasjon for at det skal vere god tid til opplæring og oppfølging. Det er til ei kvar tid overlege tilgjengeleg på poliklinikken og operasjonsstuene.

Internundervisning og kurs

Internundervisning er organisert som 1 time lokal internundervisning samt 1 time nasjonal nettundervisning kvar veke. Utdanningsutvalet legg opp tema for lokal internundervisning på bakgrunn av tidligere gjennomgåtte tema, komande kurs og anna. Kvar tysdag er det felles internundervisning for alle legane ved sjukehuset i auditoriet, og det vekslar mellom avdelingane å halde innlegg her.
Det er fleire nasjonalt anbefalte kurs for spesialisteten som du må gjennomføre for å bli spesialist. Vi tilstreber at alle som får plass på desse kursa får reise, og det er berre ein sjeldan gang det ikkje lar seg gjennomføre, men då får du reise ved neste høve. Vi legg og til rette for at LIS hos oss får delta på andre kurs og konferansar. 

Simulering og ferdighetstrening

Vi har jamleg trening i luftvegshandtering og bronkoskopi saman med anestesiavdelinga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er eit lite og oversiktleg miljø med tett og nært samarbeid mellom alle legane og det er lett å få hjelp og tilbakemelding på arbeidet. Både ved poliklinikken og på operasjonsstua får du som LIS fortløpande supervisjon av overlege som er tilstade dei ulike dagane.

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss. Det blir sett av tid til samtale med rettleiar kvar månad. I arbeidsplanen er sett av tid til fagleg fordjupning kvar veke. Det er og eit ønske at du som LIS deltek på fleire kurs enn dei anbefalte kursa og også på faglege møter, til dømes haustmøte i ØNH-foreninga.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Avdelinga har per i dag ein overlege med PhD. Vi er deltakar i ConVenTu-studien, ein multisenter-studie utgåande frå NTNU der alle LIS blir involvert.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av overlege (leder), seksjonsleder og minst ein LIS. For tida er to LIS med i utdanningsutvalet. Utdanningsutvalet har jamlege møter for å utarbeide og gjennomføre forbetringstiltak for utdanninga. Utdanningsutvalet har og ansvar for å planlegge internundervisning.

Tillitsvalde

Det er til ei kvar tid ein LIS som er tillitsvalt for LIS hos oss. Det er også eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanning, ta kontakt med:

Benny Blomkvist, overlege/seksjonssleder ØNH Molde


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.