Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Ålesund sjukehus

Om ortopedisk avdeling i Ålesund

Avdelinga tilbyr ortopedisk pasientbehandling til ei befolkning på om lag 100 000 innbyggjarar på Sunnmøre. Vi har brei aktivitet innan det ortopediske faget. Det gjerast alle typer frakturkirurgi, med unntak av rygg og bekkenkirurgi. Det gjerast og protesekirurgi i hofte, kne og skulder. Vi har tilbod om artroskopisk kirurgi i skulder, albue, håndledd, hofte, kne, ankel og fot. I tillegg har vi spesialkompetanse innan barneortopedi, ryggkirurgi, fotkirurgi, håndkirurgi, reumakirurgi, protesekirurgi inkludert revisjoner, samt at vi handterer relativt omfattande brannskader. Tumorkirurgi gjer vi ikkje, utanom benigne tumores.
Vi har 10 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Overlegane dekker bakvaktsjiktet og går 8-delt (snart 9-delt) døgnvakt med heimevakt på kveld/natt heile veka. LIS-legane går i 8-delt vaktordning med tilstadevakt. På vekedagane er vaktdøgnet delt i to der nattevakta startar på ettermiddagen og varer til neste morgon. I helgene er det døgnvakter. Det er og tilsett LIS 1 hos oss som dekker forvaktsjiktet.

Om utdanningsløpet

Du treng om lag 4,5 år for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi kan tilby hos oss. Du treng i tillegg 18 månader ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital og Oslo universitetssjukehus om slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Etter å ha blitt ønska velkommen, vil du få følge ein meir erfaren LIS-lege dei første dagane for å gjere deg kjend med både sjukehuset, rutiner og ulike datasystem. Du vil få ei innføring i arbeidet på skadepoliklinikken, i akuttmottaket, arbeid på sengepost og elektiv poliklinikk. I tillegg vil du vere med ein meir erfaren LIS-lege på vakt. Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. Denne kan du kontakte for råd og bakvakta vil og vere med på alle inngrep fram til du er sjølvstendig. Etter kvart vil du og få starte med elektive/ planlagde inngrep på poliklinikken og på operasjonsavdelinga.

Internundervisning og kurs

Internundervisinga hos oss er lag til kvar onsdag og torsdag morgon, der det er avsett 45 minutt kvar gong. Både LIS og overlegar bidreg med undervisning på lik linje. I tillegg har vi tid om anna invitert inn gjesteforelesarar frå andre avdelingar til å snakke om ulike aktuelle tema. Om lag 14 gongar pr år er det felles videoundervisning mellom dei fire sjukehusa i fylket, som vi og deltek på.

Som LIS skal du delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. Du har krav på minimum 2 veker permisjon med lønn kvart år for kursaktivitet. Kursavgift samt overnatting/kostutgifter som ikkje dekkast av DNLF utdanningsfond III, dekkast av arbeidgiver dersom deltaking på kurset vert innvilga.

Simulering og ferdighetstrening

I samarbeid med NTNU er det oppretta ein biomekanisk lab ved Ålesund sjukehus. Denne har ein biomekanisk robot som er under utprøving. I starten av 2019 var det 3 dagar med moglegheit for kadaveroperasjonar på hand/underarm, skulder, kne og fot. Det blei i tillegg gjort demonstrasjonar av skulderprotese på kadaver. Det er planlagt at denne laben vil kunne brukes til både undervisning/simulering/ferdighetstrening i tillegg til forskning.
Vi deltek i organisert trening av traumeteam ved sjukehuset 1-2 gongar kvar månad.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Utdanninga leggast opp som praktisk undervisning gjennom det daglege arbeidet etter mester-svenn prinsippet. Som LIS har du sjølvstendig poliklinikk om lag ein dag pr veke med både nyhenviste pasientar og kontroll av pasientar du har operert. Her skal du også ha moglegheit til å konsultere spesialist ved behov. Kvar mandag og torsdag har du previsitt saman med overlege. Du skal assistere ved operasjoner i starten og etter kvart operere med overlege eller meir erfaren LIS som assistent før du blir sjølvstendig. Den operative aktiviteten skal følge ein jamn progresjon slik at du blir trygg på inngrepa og får fylt prosedyrelista di. Ferdigheiter i pre- og postoperativ behandling skal innøvast på same måte.

Ved oppstart får du tildelt ein rettleiar som er spesialist i ortopedisk kirurgi. Du skal saman med rettleiaren din lage ein individuell utdanningsplan, som og må tilpassast undervegs i utdanninga. Den første samtalen skal skje innanfor den første månaden etter oppstart. I undervisningsplanane er det sett av tid til samtale med rettleiar ein gong i månaden. På desse møta skal dokke snakke om fagleg progresjon, om kva du meistrer og kva du må jobbe meir med. Overlegane er forventa å delta med nødvendig rettleiing for at du som LIS heile tida skal ha progresjon i utdanninga, men som LIS har du og eit sjølvstendig ansvar for å tilegne deg teoretisk kunnskap og å oppsøke kirurgiske inngrep. Du har og ansvar for å følge opp pasientar i avdelinga og på poliklinikken.
Vi har sett av i gjennomsnitt 4,25 timer per veke til fagleg fordjupning der du er fritatt for andre oppgåver på avdelinga. 

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er høg forskingsaktivitet i avdelinga vår, og det blir lagt godt til rette for deg som ønsker å jobbe med forsking i tillegg til kliniks arbeid. Vi har 2 legar med doktorgrad samt 3 legar som er i gang med PhD i deltidsstilling. I tillegg er det 1 lege som har ei deltidsstilling med oppbygging av biomekanisk lab samt 1 lege i PhD deltidsstilling som er i utdanningspermisjon for å fullføre spesialiteten. Forskingsprosjekta består en RCT på operative teknikkar av spinal stenose, biomekanisk og klinisk forsking på ein ny skulderstabiliserande operasjonsteknikk, genetiske risikofaktorar for ortopediske tilstandar og behandling av distale radiusfrakturar.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er ikkje alt vi kan føreseia i ein klinisk kvardag på sjukehus og det gjer at planar frå dag til dag gjerne må endrast og justerast. Dette er heller ikkje noko unntak for utdanninga. Målet er at vi har eit system for utdanning som gjer at du i løpet av spesialiseringa utviklar deg til ein dyktig ortoped. Vi ønsker at du samarbeider med utdanningsutvalet og bidreg slik at systemet for utdanning heile tida blir best mogleg. 

Utdanningsutvalet ved avdelinga utgjerast av ein LIS-lege og ein overlege, det er overlege som leiar utdanningsutvalet.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som vil forsøke å ivareta dine rettigheter og interesser på en best mogleg måte og du må berre ta kontakt med denne om det skulle vere noko. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Terje Vagstad, spesialist, seksjonsleiar.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.