Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Kristiansund sjukehus

Om ortopedisk avdeling i Kristiansund

Avdelinga tilbyr ortopedisk pasientbehandling til ei befolkning på om lag 60 000 innbyggjarar på Nordmøre. I helgane utvidast pasientgrunnlaget til også å omfatte Romsdalen med sine om lag 60 000 innbyggjarar sidan det ikkje er ortopedisk helgevakt ved Molde sjukehus. Vi driv bredt innanfor det ortopediske faget. Det gjerast alle typer frakturkirurgi, med unntak av rygg og bekkenkirurgi. Vi gjer protesekirurgi i hofte, kne og skulder. Det gjerast artroskopisk kirurgi i skulder, håndledd, kne, ankel og fot. Vi har spesialkompetanse innanfor barneortopedi, ryggkirurgi, fotkirurgi, handkirurgi og protesekirurgi inkludert revisjonar. Tumorkirurgi gjer vi ikkje, utanom benigne tumores. 

Vi har 8 overlegestillingar og 6 LIS-stillingar hos oss. Overlegane dekker bakvaktsjiktet i 7-delt døgnvaktturnus med heimevakt delar av døgnet både kvardag og helg. LIS-legane har 6-delt vaktsjikt med døgnvakt. Det er tilstadevakt til kl 22 på kvardager. I helgane er det tilstadevakt frå klokka 09 (10) – 14 og får klokka 16 – 20. Utanom dette er det heimevaktordning. 

Om utdanningsløpet

Du treng om lag 4,5 år for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi kan tilby hos oss. Du treng i tillegg 18 månader ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital og Oslo universitetssjukehus om slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Etter å ha blitt ønska velkommen, vil du få følge ein meir erfaren LIS-lege dei første dagane for å gjere deg kjend med både sjukehuset, rutiner og ulike datasystem. Du vil få ei innføring i arbeidet på skadepoliklinikken, i akuttmottaket, arbeid på sengepost og elektiv poliklinikk. I tillegg vil du vere med ein meir erfaren LIS-lege på vakt. Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. Denne kan du kontakte for råd og bakvakta vil og vere med på alle inngrep fram til du er sjølvstendig. Etter kvart vil du og få starte med elektive/ planlagde inngrep på poliklinikken og på operasjonsavdelinga.

Internundervisning og kurs

Vi har eiga internundervisning ein gong pr veke. Det er lagt opp til mykje fellesundervisning via videomøte med St. Olavs Hospital i Trondheim som vi deltek på tre gongar pr veke. I tillegg er det felles ortopedisk undervisning i foretaket om lag 14-15 gongar pr år, som og skjer på video. Totalt utgjer dette i overkant av 70 timar undervisning pr år.

Som LIS skal du delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. Du har krav på minimum 2 veker permisjon med lønn kvart år for kursaktivitet. Kursavgift samt overnatting/kostutgifter som ikkje dekkast av DNLF utdanningsfond III, dekkast av arbeidgiver dersom deltaking på kurset vert innvilga.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har ikkje organisert simulering eller ferdighetstrening ved avdelinga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Ortopedi er eit praktisk fag og utdanninga er praktisk gjennom det daglege arbeidet etter mester-svenn prinsippet. Som LIS har du selvstendig poliklinikk ein gong kvar veke. I starten vil dette vere kontrollar, men etter kvart vil du også få nyhenviste pasientar. Det vil nesten alltid vere ein overlege i naborommet på poliklinikken som du kan konsultere ved behov. Du skal assistere på operasjonar frå starten av, og etter kvart opererer du med overlege som assistent før du blir sjølvstendig.

Ved oppstart får du tildelt rettleiar som er spesialist i ortopedi. Det er formalisert samtale med rettleiar ein gong pr månad, men og enkel tilgang på samtalar utanom dette ved behov.

Det er sett av tid til fordjupning tilsvarande 4 timar pr veke.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Det er høg forskingsaktivitet i avdelinga og vi legg godt til rette for dei som ønsker å drive forsking i avdelinga vår. Per i dag har vi 1 ortoped med doktorgrad. I tillegg er det 7 som er i doktorgradsløp, der dei fleste gjer det som deltidsstilling der resten av tida er klinisk arbeid.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er ikkje alt vi kan føreseia i ein klinisk kvardag på sjukehus og det gjer at planar frå dag til dag gjerne må endrast og justerast. Dette er heller ikkje noko unntak for utdanninga. Målet er at vi har eit system for utdanning som gjer at du i løpet av spesialiseringa utviklar deg til ein dyktig ortoped. Vi ønsker at du samarbeider med utdanningsutvalet og bidreg slik at systemet for utdanning heile tida blir best mogleg. 

Utdanningsutvalet utgjerast av to spesialistar og ein LIS-lege. Det er spesialist som er leiar av utdanningsutvalet.

Tillitsvalde

Det er alltid høve til å ha eigen tillitsvalt for YLF i avdelinga. Sjukehuset er ikkje så stort og per no er det hovudtillitsvalt ved sjukehuset som fungerer som felles tillitsvalt for alle yngre legar ved sjukehuset. Denne hjelper deg gjerne om det skulle vere noko du treng hjelp til. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Kirsti Sevaldsen, overlege, seksjonsleiar.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.