Spesialisering i ortopedisk kirurgi ved Molde sjukehus

Om ortopedisk avdeling i Molde

Avdelinga tilbyr ortopedisk pasientbehandling til ei befolkning på om lag 60 000 innbyggjarar i Romsdal. Vi har god fagleg bredde og er ein del av eit sjukehus med stor fagleg bredde. Molde sjukehus er eit av to traumesjukehus i foretaket. Hos oss er det relativt mykje frakturkirurgi og traumatologi i ekstremitetar i alle aldersgrupper. Vi driv og elektiv kirurgi med særleg vekt på ankel- og fotkirurgi, artroskopisk kirurgi i kne, skuldre og albue, protesekirurgi i hofte samt handkirurgi. Vi har fagleg tyngdepunkt og spesialkompetanse innan, mellom anna, frakturkirurgi, ortogeriatri og osteoporose samt fotkirurgi inkludert tverrfagleg operativ og konservativ behandling av diabetesføtter. Det er ein eigen ortopedisk-teknisk poliklinikk med ortopediingeniør som bidreg med ortoseteknikk/ protesetilpassing. Vi samarbeider tett med andre fagområde, mellom anna plastikkirurgi, endokrinologi og infeksjonsmedisin på sjukehuset. Som LIS hos oss vil du vere aktivt deltakande i alle dei nevnte aktivitetane.
 
I foretaket er det funksjonsfordeling for protesekirurgi i kne og skuldre, ryggkirurgi,  ACL/PCL- rekonstruksjonar i kne samt revisjonsprotesekirurgi og tumorkirurgi, som gjerast ved andre sjukehus i Møre og Romsdal og Midt-Norge.
Vi har 5 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar hos oss. Overlegane har 5-delt vaktordning. LIS har eiga vaktordning med gjennomsnittlig 1,5 vakter pr veke fram til kl 22. Det er ikkje helgevakt for ortopedi i Molde, pasientane blir då behandla i Kristiansund. Såleis er det lite fråvær grunna vakt og du får mykje dagtidsarbeid hos oss, som og gir fleire aktive operasjonsdagar. Det er og tilsett LIS 1 hos oss som dekker forvaktsjiktet.

Om utdanningsløpet

Du treng om lag 3 år for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi kan tilby hos oss. I tillegg treng du om lag 1,5 år i Kristiansund eller Ålesund for å lære deg ferdigheter innan barneortopedi, ryggkirurgi og kneprotesekirurgi. Det er og nødvendig med 18 månader teneste ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital og Oslo universitetssjukehus om slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Etter å ha blitt ønska velkommen, vil du få følge ein meir erfaren LIS-lege dei første dagane for å gjere deg kjend med både sjukehuset, rutiner og ulike datasystem. Du vil få ei innføring i arbeidet på skadepoliklinikken, i akuttmottaket, arbeid på sengepost og elektiv poliklinikk. I tillegg vil du vere med ein meir erfaren LIS-lege på vakt. Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. Denne kan du kontakte for råd og bakvakta vil og vere med på alle inngrep fram til du er sjølvstendig. Etter kvart vil du og få starte med elektive/ planlagde inngrep på poliklinikken og på operasjonsavdelinga.

Internundervisning og kurs

Vi har fast internundervisning kvar torsdag morgon som varer i 90 minutt. I tillegg deltek vi på felles ortopedisk internundervisning i fylket som foregår som videomøte.

Som LIS skal du delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. Du har krav på minimum 2 veker permisjon med lønn kvart år for kursaktivitet. Kursavgift samt overnatting/kostutgifter som ikkje dekkast av DNLF utdanningsfond III, dekkast av arbeidgiver dersom deltaking på kurset vert innvilga.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har lite utstyr for eigen simulering og ferdighetstrening, men alle legar i Molde har høve til å delta i Ålesund sitt treningsopplegg i eigen biomekanisk lab. Denne kan du lese meir om under Ålesund sine ortopedisider.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga er lita og oversiktelig. For oss er det viktig med praktisk og pasientnær mester/svenn-konsept i eit dynamisk team, systematisk planlegging av undervisning og supervisjon. Som LIS har du eigen poliklinikk kvar veke med pasientar til kontroll og utredning. Vi sett LIS opp målretta til operasjonar for å sikre rask progresjon av ferdigheitene på vegen til å bli ein trygg operatør. Du startar med assistanser og mindre operasjonar og har alltid ein erfaren operatør med deg.  Samstundes lærer du i møte med pasienten på sengepost, poliklinikk og akuttmottaket å bli trygg som lege, og å ta avgjersler. Du har alltid ein overlege til disposisjon for å konferere med. Vi fokuserer og på systematisk kvalitetsforbetring.

Du blir tildelt ein rettleiar ved oppstart som er spesialist i ortopedisk kirurgi. Det er sett av tid i arbeidsplanen til rettleiing der du får vurdering av fagleg progresjon frå din rettleiar. Du og rettleiar skal og utarbeide ein individuell utdanningsplan, som må følgast opp og reviderast undervegs i utdanninga.
Det er sett av tid til fordjupning ein arbeidsdag kvar andre veke. 

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi deltek i multisenterstudier ved avdelinga. I tillegg er vi i startgropa av fleire prosjekt, inkludert eit PhD-løp.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er ikkje alt vi kan føreseia i ein klinisk kvardag på sjukehus og det gjer at planar frå dag til dag gjerne må endrast og justerast. Dette er heller ikkje noko unntak for utdanninga. Målet er at vi har eit system for utdanning som gjer at du i løpet av spesialiseringa utviklar deg til ein dyktig ortoped. Vi ønsker at du samarbeider med utdanningsutvalet og bidreg slik at systemet for utdanning heile tida blir best mogleg.

Utdanningsutvalet vårt utgjerast av to spesialistar og ein LIS-lege. Det er spesialist som er leiar av utdanningsutvalet.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som vil forsøke å ivareta dine rettigheter og interesser på en best mogleg måte og du må berre ta kontakt med denne om det skulle vere noko. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Jens-Meinhard Stutzer, overlege, seksjonsleiar.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.