Spesialisiering i ortopedisk kirurgi ved Volda sjukehus

Om ortopedisk avdeling i Volda

Avdelinga tilbyr ortopedisk pasientbehandling til ei befolkning på omkring 50 000 innbyggjarar på Søre Sunnmøre. I tillegg er det noko tilsig av pasientar frå Nordfjord.
Vi har god kompetanse innan elektiv ortopedi i form av protesekirurgi, artroskopisk kirurgi, ryggkirurgi, fotkirurgi og basal handkirurgi. I tillegg behandlar og opererer vi dei vanlegaste brotskadene. Vi har høg aktivitet innanfor protesekirurgi i hofte og kne, og gjer også enkelte revisjonar. Det blir gjort artroskopisk kirurgi i skulder, kne og ankel. Vi har og kompetanse innan ryggkirurgi med operativ behandling av spinalstenose og prolaps. Utover dette gjerast dessutan fotkirurgi samt basal handkirurgi. Tumorkirurgi gjer vi ikkje, utanom benigne tumores. 

Vi har 6 overlegar og 3 LIS-stillingar. Avdelinga er felles med blautkirurgien, men på dagtid har vi berre ansvar for eigne pasientar og ortopediske arbeidsoppgåver. For overlegane er det 5-delt ortopedisk bakvaktsjikt med døgnkontinuerlig vakt heile veka, med heimevakt deler av døgnet. LIS-legane i ortopedi går i felles 6-delt vaksjikt med LIS-legane på kirurgisk side. LIS har og heimevakt på kveld/natt. Det er eige bakvaktsjikt for dei blautkirurgiske pasientane. Det er og tilsett LIS 1 hos oss som dekker forvaktsjiktet.

Om utdanningsløpet

Du treng om lag 4 år for å kunne oppfylle dei læringsmåla vi kan tilby hos oss. Du treng i tillegg om lag 6 månader i Ålesund eller Kristiansund for å lære deg nødvendige ferdigheter innan barneortopedi og traumatologi. Organisering av dette er i samråd med deg og vil framgå av utdanningsplanen din. Du treng i tillegg 18 månader ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital og Oslo universitetssjukehus om slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Etter å ha blitt ønska velkommen, vil du få følge ein meir erfaren LIS-lege dei første dagane for å gjere deg kjend med både sjukehuset, rutiner og ulike datasystem. Du vil få ei innføring i arbeidet på skadepoliklinikken, i akuttmottaket, arbeid på sengepost og elektiv poliklinikk. I tillegg vil du vere med ein meir erfaren LIS-lege på vakt. Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. Denne kan du kontakte for råd og bakvakta vil og vere med på alle inngrep fram til du er sjølvstendig. Etter kvart vil du og få starte med elektive/ planlagde inngrep på poliklinikken og på operasjonsavdelinga.

Internundervisning og kurs

Vi har organisert internundervisning med 2-3 sesjonar på 45 minutt kvar veke utanom i feriar. Noko av dette er internt hos oss, med noko er felles med dei andre ortopediske avdelingane i foretaket via videoforelesning. Vi har og noko fellesundervisning med kirurgisk avdeling, som vi er samlokalisert med.

Som LIS skal du delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. Du har krav på minimum 2 veker permisjon med lønn kvart år for kursaktivitet. Kursavgift samt overnatting/kostutgifter som ikkje dekkast av DNLF utdanningsfond III, dekkast av arbeidgiver dersom deltaking på kurset vert innvilga.

Simulering og ferdighetstrening

Sjukehuset deltek i BEST-nettverket. Vi har traumeøving ein gong kvar månad.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga er lita og oversiktleg. Det er tett samarbeid mellom LIS og spesialist både på poliklinikken, operasjonsstua, sengeposten og i vaktsamanheng. Spesialist er alltid tilgjengeleg for supervisjon i løpet av arbeidsdagen.

Du får tildelt rettleiar når du starter hos oss. Du og rettleiaren din blir raskt kjende og vil jobbe mykje i lag og det gir rom for tett uformell og formell kontakt med rettleiar. Vi sett opp regelmessige samtalar, men det er og lav terskel for kontakt utanom desse tidspunkta.

Du får tid til fordjupning tilsvarande 4 timer pr veke.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi deltek ikkje i noko forskingsprosjekt no, og har heller ingen eigne legar som forskar. Det er derimot aktivitet vi oppfordrer til og vil legge til rette for at kan gjennomførast.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Det er ikkje alt vi kan føreseia i ein klinisk kvardag på sjukehus og det gjer at planar frå dag til dag gjerne må endrast og justerast. Dette er heller ikkje noko unntak for utdanninga. Målet er at vi har eit system for utdanning som gjer at du i løpet av spesialiseringa utviklar deg til ein dyktig ortoped. Vi ønsker at du samarbeider med utdanningsutvalet og bidreg slik at systemet for utdanning heile tida blir best mogleg. 

Utdanningsutvalet vårt utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet.

Tillitsvalde

Det er alltid høve til å ha eigen tillitsvalt for YLF i avdelinga. Sjukehuset er ikkje så stort og per no er det hovudtillitsvalt ved sjukehuset som fungerer som felles tillitsvalt for alle yngre legar ved sjukehuset. Denne hjelper deg gjerne om det skulle vere noko du treng hjelp til. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Harad Topphol, overlege, seksjonsleiar.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?