Spesialisering i patologi i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan
Patologi er eit spennande spesialfelt med stor bredde i arbeidsoppgåver og tett samarbeid med dei kliniske miljøa for å sette rett diagnose slik at pasienten kan få den rette behandlinga for sin sjukdom. Målsettinga vår er å utdanne spesialistar i patologi som er fagleg sterke og har god evne til refleksjon omkring faglege og etiske problemstillingar, og over eiga rolle som lege i spesialisering, ferdig spesialist og som overlege i vår patologiavdeling.
Illustrasjonsbilete
Avdelinga mottar eit stort og variert volum av prøver frå interne og eksterne rekvirentar og som LIS-lege får du raskt brei diagnostisk erfaring gjennom arbeid med biopsi, cytologi og obduksjon under supervisjon av spesialistar i patologi. Du vil delta aktivt i obduksjonsverksemda ved avdelinga, og denne omfatter både medisinske og perinatale obduksjonar. Det er og forventa at du aktivt deltek i avdelinga sitt internundervisningsprogram og øvrige møteaktivitet. 
 
I Helse Møre og Romsdal HF skjer utdanning i patologi ved Avdeling for patologi, Ålesund sjukehus. I tillegg treng du eitt år ved eit universitetssjukehus for å oppfylle læringsmål vi ikkje dekker ved vår avdeling. Meir informasjon om dette finn du i punkta under.  
​Spesialisering i patologi ved Ålesund sjukehus


Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?