Spesialisering i patologi ved Ålesund sjukehus

Om avdeling for patologi i Ålesund

Vår avdeling dekker behovet for patologitenester for spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.

Vi har eit stort og omfattende diagnostisk materiale i avdelinga.
I 2018 besvarte vi 25.105 histologiprøver, 19.200 prøver fra livmorhals, 3.946 anna cytologi og 56 obduksjoner.  

Avdelinga har 3 overlegar i patologi og 2 LIS, den eine er konstituert overlege og blir spesialist i september 2019. Vi har arbeidstid på dagtid, både for bioingeniørar og legar. Det er ikkje vaktard på kvardager og heller ikkje helgearbeid.

Om utdanningsløpet

 1. halvår:
Den viktigste oppgåva første halvår er å bli kjende med dei vanlege prosedyrene ved avdelinga og starte trening å kunne jobbe med dei ulike prøvemateriala, gradvis meir sjøvstendig. Alle opplæring vert gitt av meir erfaren lege, enten erfaren LIS eller spesialist.

Det første du lærer er å utføre makrobeskjæring av preparater. Deretter skal du også lære å vurdere makroskopiske funn på eit uselektert materiale, der du starter med enkle prøver og avanserer meir etter kvart. Hensikta er også å tilegne kunnskap om målretta utvelging av vev for mikroskopisk undersøking.
 
Det neste steget er opplæring i frysesnittdiagnostikk med både beskjæring av ferske preparat og mikroskopisk undersøking.

Opplæring i biopsidiagnostikk (mikroskopisk undersøkelse) startar mot slutten av perioden. Du blir tildelt biopsiar for mikroskopisk undersøking og startar med små biopsier frå enkle lokalisasjonar og organ. Alle biopsiar går du gjennom med spesialist i etterkant for å sette rett diagnose.

Opplæring i obduksjonsteknikk kan og starte allerede første halvår. 

2. halvår-2. år:
Dette er tida for å avansere obduksjonskunnskapen der du gjer stadig meir kompliserte obduksjonar aleina. Du skal no også få innføring i mikroskopisk undersøking av placenta, som er ein naturleg del av opplæringa om perinatale obduksjoner. 

Opplæring innan obduksjon foregår parallelt med at du fortset arbeidet med makrobeskjæring, frysesnitt og biopsitolking. Mengda biopsier blir større og utvalget av patologiske tilstandar i biopsidiagnostikken blir meir mangfoldig. Du lærer også å handtere hasteprøver. Innføring i immunhistokjemisk teknikk og tolkning av resultata gjerast parallelt med opplæring i mikroskopisk undersøkelse. Det same gjeld teoretisk og praktisk innføring i molekylærpatologi.

3.-5. år:
I denne perioden fortset du arbeidet med makroskopisk undersøking, frysesnitt, mikroskopisk diagnostikk og obduksjon. I tillegg skal du no lære cytologisk diagnostikk. Dette inneber ei 6 månader lang periode med hovedfokus på cytologisk diagnostikk. Du lærer først screening av cytologiske prøver fra livmorhalsen og etter kvart vert det utvida med cytologiske prøver frå urin, serøse væsker og finnålsaspirater fra ulike organsystem.

Målet dei siste 1-2 åra av spesialiseringa er å auke andelen sjølvstendig arbeid og reflektere over legerolla/spesialistrolla. Det er ønskeleg, og vert lagt til rette for, aktiv deltaking i forsking, og du skal også delta i arbeid med kvalitetssikring. I denne perioden skal du også lære å lede klinisk-patologiske møter med demonstrasjon av preparater.

Spesialiseringsperiode:
Du vert ikkje ferdig spesialist ved vår avdeling og det er nødvendig med eitt års tjeneste ved eit universitetssjukehus for å fullføre alle læringsmål. Vi har inngått avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim for denne tenesta. Dette året blir vanligvis gjennomført det fjerde året i spesialiseringa. Dersom du har oppnådd dei aktuelle læringsmåla allerede ved ei anna patologiavdeling, treng du sjøvsagt ikke tjeneste ved St. Olavs Hospital. 

Introduksjon av nye LIS

Når du startar hos oss blir du møtt av seksjonsleiar som introduserer deg for avdelinga. Du får da også tildelt rettleiar. Du får i løpet av den første tida ei kort innføring i IT-systemet, gjennomgang av kvalitets- og dokumentstyringssystemet, ei kort innføring i våre laboratorierutiner med omvisning på laboratoriearealene, samt ei kort innføring i obduksjonsrutiner med omvisning på obduksjonsareala. Du får da også bli kjent med ulike yrkesgruppene som arbeider ved avdelinga og har ansvar for dei ulike oppgåvene.  Vidare opplæring/praktisk bruk av avdelinga sine datasystem og bruk av kodesystem i diagnostikk skjer parallelt med arbeidet med makroskopisk og mikroskopisk diagnostikk, i samarbeid med mer erfaren lege i spesialisering eller overlege. Den første perioden går du saman med meir erfaren LIS. Du bør også bruke denne tida på sette deg inn i ulike rutiner ved avdelinga som du får informasjon om når du startar.

Internundervisning og kurs

Internundervisninga er i hovudsak basert på foredrag med påfølgende diskusjon. Vi samarbeider også med St. Olavs hospital om internundervisning. Undervisningsplanen tek utgangspunkt i læringsmåla for patologi. I tillegg er det månadleg fellesundervisning for heile sjukehuset som vi deltek på.
Ein av LIS-legane er ansvarleg for planlegging og oppfølging av vekentleg internundervisning for LIS. Denne varer i 45-60 min kvar veke. Undervisninga er obligatorisk for leger i spesialisering. Alle LIS bidreg med undervisning av dei ulike fagområda ein skal gjennom i løpet av spesialiseringa. Du deltek også i undervisning i aktuelle tema i internundervisning ved Kreftavdelinga og Medisinsk avdeling.
MDT-møter (multidisiplinære teammøter) med andre kliniske avdelingar er obligatorisk for LIS.
Som LIS får du innvilga permisjon med lønn for å delta på anbefalte kurs nødvendig for spesialiteten. Patologi har 3 obligatoriske kurs som alle må ta, og i tillegg 8 obligatoriske kurs valgt ut ifra 12 emner. 

Simulering og ferdighetstrening

Avdelinga har eige bibliotek der du finn eit fleirmannsmikroskop. Dette kan nyttast til gjennomgang av histologi- og cytologiprøver for større grupper. Biblioteket er utstyrt med storskjermar tilkopla mikroskop og pc. Bokutvalget er godt og blir jevnlig oppdatert. I tillegg til biblioteket har alle legane ved avdelinga elektronisk tilgang til bøker og oppslagsverk på nett. 

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga vår er lita og oversiktleg og vi arbeier alle tett saman.

LIS arbeider alltid under supervisjon frp spesialist og det er kort veg for å be om hjelp ved behov. Vi har i tillegg systematisert supervisjonen ved dei ulike diagnostiske metodane vi bruker i avdelinga. 

1) Supervisjon ved mikroskopisk undersøkelse av vevsprøver:
Du blir tildelt biopsiar for mikroskopering. Større preparat har du kanskje sjølv tatt makrobeskjæring på. Vevsprøvene blir vurdert i dobbeltmikroskop saman med overlege. Då diskuterast funn og du lærer å formulere beskrivelsar og diagnoseoppsett. Etter kvart som du vert meir sjølvhjulpen kan du gjere meir sjølvstendig arbeid og vere med i opplæring av nye LIS.

2) Supervisjon ved makroskopisk undersøkelse av preparater:
Opplæring i håndtering av makroskopiske preparat blir i stor grad gitt av meir erfarne LIS. Spesialistar innan ulike organsystem er tilgjengelege for konsultasjon. Supervisjon foregår på makrobeskjæringsrommet der du får demonstrert beskjæring og deretter prøver sjølv. Her er det alltid meir erfaren lege tilgjengelig.

3) Supervisjon av obduksjon:
Dette er organisert slik at du først observerer gjennomføring av obduksjon og deretter deltek ved eit par obduksjonar sammen med meir erfaren LIS. Etter det gjer du selvstendig obduksjon, og tilgang på supervisjon av meir erfaren lege er god. Før du skal utføre obduksjon diskuterer du sjukehistorie/, problemstilling, differensialdiagnoser og forventa funn med spesialist før du går til obduksjonssalen. Ved behov for hjelp tilkallast spesialist til obduksjonssalen. Fosterobduksjon gjerast som regel i fellesskap med spesialist. 

Rettleiing:
Du får tildelt rettleiar når du startar i avdelinga. Det vert sett av tid i arbeidsplanen til månadelg rettleiing. Etter behov vert dette eventuelt justert. 

Det vil nokre gongar i året vere grupperettleiing for LIS i avdelinga. Dette vil det også settast av tid til i arbeidsplanen. Spesialist eller erfaren LIS vil vere rettleiar. Det kan vere både tema frå felles kompetansemål som er relevant for patologi, men og andre temaer er aktuelle. Det vil i tillegg vere tverrfagleg grupperettleiing på sjukehuset der fleire tema innan felles kompetansemål er tema, og som LIS skal du delta på dette. 

Fagleg utvikling:
Det er satt av fordjupningstid for LIS på arbeidsplanen, tilsvarande 4timar pr veke. Avdelinga har eige bibliotek med nyutgaver av dei fleste aktuelle oppslagsverk og biblioteket vert jamnleg oppdatert. Legane ved avdelingen har også elektronisk tilgang til eit bredt utvalg av nettbaserte bøker, tidsskrift og andre oppslagsverk. 

Avdelingen tilstreber at LIS får delta på relevante kurs. Søknader om relevante kurs blir i stor grad innvilget.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Legane våre deltek med jamne mellomrom i forskingsprosjekt og samarbeider også med det kliniske miljøa om artikkelskriving ved høve. Vi ynskjer, og legg til rette, for at du som LIS deltek i forskningsprosjekt i løpet av spesialiseringa di som kan gje moglegheit for publikasjon på nett eller i tidsskrift.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av avdelingssjef, medisinsk fagleg ansvarleg overlege og seksjonsleiar. Dette er dei same som utgjer avdelinga sitt evalueringskollegium.  Vi vil ha regelmessige møter med deg som LIS der innhaldet og progresjonen i utdanninga blir evaluert. Utdanningsansvarlig overlege har ansvar for årlig revisjon og oppdatering av den offentlige utdanningsplanen i samarbeid med utvalgets medlemmer.  

Tillitsvalde

LIS har eigen tillitsvald ved avdelinga, og det er etter behov møter mellom LIS for å diskutere aktuelle problemstillingar. Tillitsvalgt for LIS kan også diskutere saker med tillitsvalgt for overlegane eller seksjonsleiar ved behov. Det er eigen hovedtillitsvalgt for YLF på sjukehuset og også eigen tillitsvalgt for YLF på foretaksnivå.  

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:

Hilde Guttormsen, bioingeniør, seksjonsleder

Hilde.Guttormsen@helse-mr.no

 

Bjørn Westre, utdanningsansvarlig overlege, avdelingssjef

Bjorn.westre@helse-mr.no

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?