Spesialisering i radiologi ved sjukehuset i Ålesund

​Om Røntgenavdelinga i Ålesund

Avdeling for radiologi Ålesund/Volda, seksjon Ålesund, har saman med seksjon Volda ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre, ei befolkning på om lag 145 000. Vi har og pasientar frå andre delar av fylket innanfor spesielle områder.  Mellom anna har vi ansvar for Mammografiprogrammet i Møre og Romsdal, der all bildetolking og oppfølging av screeningkvinner skjer i Ålesund.

Ved seksjonen har vi følgande laboratorier: 2 MR, 2 CT, 2 ultralyd, 1 til angio/intervensjon, 4 for konvensjonell røntgen samt eit mobilt røntgenapparat og eit mobilt ultralydapparat. I tillegg har Brystdiagnostisk senter 2 mammografilaboratorier og 1 ultralydlaboratorium.

Det er ein eigen seksjon for nuklærmedisin organisert under avdeling for radiologi Ålesund/Volda. Undersøkingane gjerast i Ålesund, men tolkast av legar ved St. Olavs Hostpital slik at legane i Ålesund per i dag ikkje er involvert i denne drifta.

Vi har no 8 LIS-stillingar og 12 overlegestillingar ved seksjonen. Det er ei generell avdeling, men overlegane har likevel sine interessefelt/spesialfelt som dei arbeider mest med. Som LIS vekslar du mellom modalitetane etter eige oppsett. Vi er ei oversiktlig avdeling og det er kort veg for å spørje meir erfaren lege om hjelp.

LIS har aktiv tilstadevakt med to-delt vaktdøgn. På kvardagar starter dagvakt 07.30 og nattevakt 14.30, medan i helger og på høgtidsdager starter dagvakt 09.00 og nattevakt 21.00. Overlegane har heimevakt deler av døgnet på kveld/natt og i helg, men har granskingsstasjonar heime og det er dermed enkelt å få hjelp dersom overlegen har gått heim. På natt og i helgene har vi også ansvar for å serve Volda sjukehus via teleradiologi.

Om utdanningsløpet

Vi tilbyr eit variert utdanningstilbod i radiologi der all opplæring og praksis foregår i eiga avdeling. Forventa varigheit for å oppnå dei læringsmål som kan oppfyllast i Ålesund er ca 3,5 år. I tillegg er det behov for spesialiseringsperiode på 1,5 år ved universitetssjukehus. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitets- sjukehus. Hos oss får du brei erfaring innan dei fleste fagfelt, med unntak av høgspesialiserte fagområder som berre dekkast ved universitets-sjukehus.

Vi samarbeider nært med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehuset. Dette samarbeidet er særleg tett ved Brystdiagnostisk senter, der radiolog og kirurg arbeider side ved side i samband med brystdiagnostikk. Kvar veke har vi tverrfaglege møter innan brystpatologi, rectumcancer og prostatacancer. Vi har også kar-/angiomøte kvar andre veke. I tillegg er det daglege demonstrasjonar for kirurgisk og medisinsk avdeling. Kvar veke er det og demonstrasjonar for fleire av dei mindre avdelingane. Ved sjukehuset er mellom anna foretaket si kreftavdeling samt den største barneavdelinga som og har seksjon med nyfødd-intensiv.

Introduksjon av nye LIS

Som nytilsett LIS utan erfaring i radiologi vil du gjennomgå eit praktisk opplæringsprogram over 25 veker som sikrar opplæring i basal radiologi innanfor ulike modaliteter, i starten med fokus på å bygge opp vakt-kompetanse. I dette inngår også 1:1 undervisning med alle overlegar ved avdelinga i sentrale tema. LIS startar i vakt etter om lag 2 måneders teneste.

Internundervisning og kurs

Det er internundervisning kvar onsdag og torsdag frå 11.30- 12.15 med unntak av sommar-, jule- og påskeferie. Onsdagane er det forelesnings-basert undervisning som roterer mellom overleger og LIS der vi dekker aktuelle teoretiske læringsmål med utgangspunkt i ein fleirårig plan. Torsdager tek vi utgangspunkt i kasuistikkar frå eiga avdeling der nyttige og lærerike problemstillingar blir presentert og teori omkring dette blir gjennomgått og diskutert. Ein LIS har kvar veke ansvar for å presentere ein kasuistikk med tilhørande teori – resten av undervisningstida er det ein av overlegane som presenterer. 

LIS får reise på eit anbefalt kurs kvart halvår. I tillegg tilstreber vi at kvar LIS får delta på eit internasjonalt kurs/konferanse i løpet av spesialiseringa.

Simulering og ferdighetstrening

Praktiske prosedyrer som bildeveileda biopsiar og drenasje samt gjennomlysningsundersøkingar blir undervist «hands-on» saman med spesialist. Du vil ganske tidleg få opplæring i enkle prosedyrer, og med aukande erfaring får du også opplæring/trening i vanskelegare prosedyrer. To fredager i månaden kl 08.00-08.45 er det traumesimulering for traumeteamet ved sjukehuset og der deltek den av LIS som har vakt.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Avdelinga vår er oversikteleg og det er fysisk nær avstand mellom spesialistar og LIS i den vanlege arbeidskvardagen, slik at spesialistane er lett tilgjengelig for råd og innspill. Spesialist signerer ut alle tolkingar og prosedyrer utført av LIS med unntak av ultralydundersøkingar utført av erfaren LIS. I samband med signering blir det gitt munnlege eller skriftlege tilbakemeldingar på tolkingar der det må gjerast viktige endringar.

Ved oppstart i avdelinga får du tildelt rettleiar og det planleggast månadlege samtaler. Fire gongar i året har overlegane evalueringsmøte der alle LIS blir evaluert med hensyn til eigenskapsvurdering, progresjon, styrker og utfordringar og ein vurderer om det trengs spesielle tilpasninar av arbeidsoppgåver eller meir utfordrande oppgåver. Etter desse møta har din rettleiar ansvar for å gi deg naudsynte tilbakemeldingar.

Det er avsett tid til studiedagar i arbeidsplanen tilsvarande 4 timar pr veke.

Vi har eigne fagdagar 1-2 gonger per halvår. Desse har tema som er relevante for både radiografar og radiologar, og det vert lagt til rette for at LIS kan delta.  Ein fredag i månaden kl 08.00-09.00 er det faglege fellesmøter på sjukehuset som er åpne for alle. LIS har og høve til å delta på tverrfaglege traumemøter ein fredag i måneden 08.00-08.45.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har ein overlege med PhD og denne overlegen har deltidsstilling som førsteamanuensis ved Seksjon for Sirkulasjon og Billeddiagnostikk ved NTNU. Forskingsinteresserte LIS har dermed gode høve til å få rettleiing dersom ei ynskjer å gjennomføre større eller mindre prosjekt. Vi ønsker oss nysgjerrige LIS som stiller spørsmål ved etablerte prosedyrer og bidreg i å utvikle faget vidare.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av tre overlegar og ein LIS. Det er viktig for oss at LIS engasjerer seg i organiseringa og innhaldet i LIS-utdanninga. Vi tilstreber årlege møter der LIS evaluerer kvaliteten på utdanninga.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga, sjukehuset og på foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Arjan Christiansen, seksjonsleder.

Solveig Roth Hoff, leder for utdanningsutvalet.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.